fredag, november 30, 2007
Advent i anmarsj...
Ja, og då lyt adventsstaken vera klar. Og i år ser den slik ut, med litt sjarmerande skeive tal og rare reinsdyr...
Kanskje ikkje så veeeldig spennande, men eg fekk det for meg tidleg i haust at eg ville bruke denne "korga" til adventslys i år. Og når eg på Nille fant slike store kvite ljos, så passa det akkurat! Tala har eg laga av eit lilla prikkete stoff som eg har slik stryke-bakside på fliselin..(??) der er vel ikkje slik me stavar det, men men...
Reinsdyr har eg klipt etter mal frå eit gammalt Boligliv, då fant eg noko tjukk ull-filt på Panduro (slik at dei nesten står sjølv...). Og i botn har eg litt kongler frå eit lerketre eg brukar å gå forbi på trilletur med veslejenta....

Heile poenget med ein slik stor adventsstake er at den skal stå i vindauga (i stova) slik at alle kan sjå den frå utsida, der eit lys skal vera tent heile dagen (når eg er inne sjølvsagt)... og med så store ljos treng eg ikkje tenke på at dei brenn opp på ei stund...
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:42 f.m.
1 kommentarer
torsdag, november 22, 2007
Utruleg kjekt!
Her er eit glimt av den syre-luta hylla som har fått eit strøk maling og no er fyllt til randa av alt mogeleg.... (og eg som ikkje likar nips)... men det er fort gjort...Øverst er eit lite glimt av adventspakker...dei skal supplera posane eg har laga. For ho mor i huset (meg) var så lur at ho istaden for snop og sjokolade ville finne på noko nytt i adventskalenderen..det vart bestillt masse "smått" frå panduro, altså små boksar maling og ting i tre og spon som kan malast, så har største-jenta noko å driva med fram til jul tenkte eg, men det viste seg at alt det småtte eg kjøpte var stort... difor gjekk det ikkje oppi posane eg har laga....vips så vart det pakkar av det. Sånn kan det gå, men eg trur fortsatt at det er ein lur ide, så gjenstår det å sjå om ho likar det...
Og her eit glimt av sofakroken...(litt stygt bilete..?). Kven har sagt at ein må ha dyre tapetar for å friske opp i heime..? Her eit stoff frå stoffogstil.no, eg vert sikkert lei det snart og då er det mykje raskare å byte ut eit stoff enn å tapetisere på nytt...
Og til sist vil eg vise kvar den fine lampen min har havna... den er kjøpt på Patina på Evanger, dei har nettbutikk òg (evanger.net)... litt uklart og rotete bilete, men men... kan vise eit nærbileta av den seinare... kanskje nokon vil synes den er litt liten over dette bordet, men eg vil seie at den passar akkurat! For eg vil ikkje ha noko svær lampe der... og lyset er akkurat passe til storasyster som ofte havner med leksene sine her...(kvar dag...)
Lagt inn av
Noralill
kl.
2:40 f.m.
2
kommentarer
onsdag, november 21, 2007
Adventsposer og kremmerhus
Har laga nokre små søte kremmerhus av papir eg kjøpte på Nordhjem.dk ein gong i tida...og adventsposane er klare med små englar på i år... Eg har kome langt med innkjøp av pakker til jul òg! ...er faktisk blitt ein reser i netthandling! Alle pakker til no er handla på nett (trur postdama er litt lei av å kome på døra her no....)! Utruleg enkelt og faktisk ganske koseleg...sitte på ein søndagsettermiddag med kaffikoppen og "kikke i butikkar", saman med mannen i huset... og for ein ro og fred! Neste gong eg skal til By`n skal eg berre kose meg og småhandle saker og ting til ungane og huset for morro skyld, så har me kanskje tid til eit kafebesøk òg i førjulstida...
Haugen veks...Litt ymse med den innpakkinga i år...klarar liksom ikkje heilt bestemme meg kva eg går for...her er prikkar, mønster, brunt, rosa og ein litt rar turkis farge...men alt treng vel ikkje alltid vera så veldig likt og harmonisk....?
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:39 f.m.
0
kommentarer
tysdag, november 20, 2007
Hei og hopp snart er det jul!
Sånn vil eg lage:
Ja eg gler meg! Men det er liksom denne tida som er best synes eg (før jul), tida då eg fritt kan boltre meg i gamle og nye interiørblad med masse tips og idear til korleis adventsstaken skal sjå ut i år, eller kva eg kan pynte med ute på trappa, eller korleis julepakker kan pakkes inn på ein fin måte osv... det er så masse gode idear ute i verda! Men eg kan ikkje gjere alt, og det er ikkje meininga heller. Men eg kan drøyme meg langt vekk når eg sit med det nyaste Boligliv (http://www.boligliv.dk/ )og berre nyte dei fine bileta.... men tilbake til kvardagen kan eg ha plukka med meg eit og anna eg kan klare sjølv....(eg er ikkje så veeeldig flink men eg blir veldig stolt når eg får til noko.....hi hi)
Og her er bilete av noko eg klarte å lage i år...med berre litt stoff, lim og ei god saks(ikkje ferdig enno....!)
Litt merkelappar til pakker og eit par "jule"-kort... og ei papptavle med reinsdyr på...litt artig måte å pynte til jul synes eg...(sjablongane har eg funne i eit gamalt nr av Boligliv). Så har eg boltra meg i filt og ulike stoff....

Dette motivet tenkte eg igrunnen eg skulle ha som bakgrunn for årets adventskalender, men me får sjå...kanskje det berre skal henge der så velsejenta kan ha noko å kikke på når ho vaknar...
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:40 f.m.
0
kommentarer
måndag, september 10, 2007
Hei igjen...

Det går ei stund mellom kvar gong eg er her, men men. No er vetlajento vår vorte tre mnd og eg har begynt å få litt tid til overs... me har nett vore på trilletur og no søv ho så godt i vogna si.
I helga var eg så flink å skura og vaska rundtomkring at eg snubla over eit stoff eg for leeenge sidan kjøpte på nettbutikken stoff og stil. Og sidan eg ikkje har symaskin for tida må det greie seg at eg berre legg stoffet på spisebordet... og eg synes igrunnen det vart fint! Trur neppe nokon ser at den ikkje er sydd...(enno)
Fekk sett inn den gamle barnesenga til babyen òg... det var den eg låg i når eg var liten...me har sett hjul på den for at den skal vera litt praktisk inne i stova. kjekt å bruke som ei dag-seng.
Fekk pynt litt i gangen òg, med dei siste gule rosene mine (såg litt små ut på bilde men men...veldig koseleg likevel). No byrjar det å minke kraftig på alle blomar ute, så det gjeld å passe på...

Lagt inn av
Noralill
kl.
4:16 f.m.
1 kommentarer
onsdag, august 22, 2007
Baking..
Du lagar berre ein vanleg bløtkakebotn (med tre egg), tømmer i ei langpanne, steiker i 5 min. strør sukker på og snur slik at ho vert kald. Så kan du fylle den med kva som hels! Eg brukte masse krem blanda med heimelaga bringebærsyltetøy, og det vart kjempegodt! Og tur det eller ei men me klarte å ete heile kaka same dagen....(med litt hjelp frå naboen)...
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:50 f.m.
0
kommentarer
onsdag, juli 25, 2007
Netthandling...
Ja det går i bleieskift og byssing for tida! vetla-jento vår er meir av den utolmodige og rastlause typen... så det er ikkje mykje tid til å blogge....

Lagt inn av
Noralill
kl.
3:37 f.m.
0
kommentarer
laurdag, juni 23, 2007
Litt frå hagen...

Ja, endeleg er det sommar! Og det byrjar å bløme ute i hagen...eg synes det er herleg å kunne ta inn friske blomar (nesten) kvar dag...



Lagt inn av
Noralill
kl.
6:29 f.m.
0
kommentarer
Pakken er komen!
Har nesten ikkje lyst å opne dei....Jodå, eg må jo det, men kjekt å kunne ta bilete av dei fyrst. Det er nesten som å ha bursdag...

Ikkje så mykje eg hadde bestillt, men kjekt var det likevel. Gledar meg til å bruke soveposen ute i ein stol ein kjølig sommarkveld.....Eller kanskje i vogna til vetlejenta....
Lagt inn av
Noralill
kl.
2:08 f.m.
0
kommentarer
søndag, juni 17, 2007
Ja det vart ei jente...
Vert kanskje berre amming og styr på meg framover, men eg skal prøve å halde bloggen oppdatert... Venter forresten pakke frå Nordhjem kva dag som helst...gler meg...
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:38 f.m.
0
kommentarer
tysdag, juni 05, 2007
Driv å heklar litt att....

Er komen ganske langt allereie.... Utruleg kor drygt eit slikt garnnøste er! Eg heklar på pinne 3,5 og det er ganske passeleg trur eg. Men det tek lenger tid sjølvsagt enn dei store teppa eg har hekla før....
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:25 f.m.
0
kommentarer
måndag, juni 04, 2007
Ny duk!

Lagt inn av
Noralill
kl.
12:46 f.m.
0
kommentarer
Heisann!

Tidlegare var trappa mørk blå....vart uten tvil betre no....kjekt!
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:40 f.m.
0
kommentarer
fredag, juni 01, 2007
Endeleg gjekk det!
Var på handel på Voss, og fekk med meg noko eg har ønska meg leeenge; ein syrinbusk "Mme Lemoine". Sant den er fin.... og så luktar det så utruleg godt! Men min har ikkje blomar enno altså...
Her er nokre roser frå i fjor....gledar meg skikkeleg til dei kjem att i år...! Og det er ikkje lenge til!
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:31 f.m.
0
kommentarer
onsdag, mai 30, 2007
problem..
Har stooore problemer med bloggen om dagen...... får ikkje logga meg på...
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:18 f.m.
0
kommentarer
måndag, mai 28, 2007
Tøfler ferdig...
Ja, det går unna her... no er tøflepar nr 5 ferdig òg! Bilete viser det fyrste paret eg laga, saman med nokre små nusselege baby-tøfler...kanskje eg skal gje dei vekk? Sjølvsagt kunne eg ikkje hekle desse tøflene utan å gjere ein feil, som du ser så skal det vera knapp i dei største, men den ser ut til å kome på sama sida.... gløymde å speilvende...men pytt pytt det gjer vel ingenting...Dei er varme og gode likevel. Skal legg inn meir tøflebilder etterkvart....
Dei er forresten hekla i eit svært billig garn frå Europris...5,- pr nøste! og det går omtrent 1 1/2 nøste til eit par! Det vert ein rimeleg presang.....kanskje....
Lagt inn av
Noralill
kl.
5:07 f.m.
0
kommentarer
onsdag, mai 16, 2007
Hekleteppe ferdig...
Hei igjen! Det skjer så mykje rundt meg no at eg klarar ikkje oppdater bloggen slik eg vil. Eg har ei jente som ikkje er frisk, og eg går rundt å vaggar og er høggravid.... men hekleteppet som var lappana eg har teke bilete av, det er ferdig for lengst! Difor må eg berre legge det inn fyrst. Det vart ikkje så stort som eg ville, men eg har rett og slett ikkje tolmodigheit til å lage det større! Blir fort kjedeleg å bruke dei same fargane...men eg synes det vart fint. Kanskje det er akkurat stort nok til å bruke som vognteppe?
Men eg sa eg hadde hekledilla..... eg har igrunnen ein del tepper no.....
Og her er eit til....
Som du ser så kan eg berre hekle "bestemorruter"....men dei er fine dei. Fargane eg har brukt i dei to siste er ganske tilfeldig, for sidan teppa vart litt store, måtte jo garnet vera litt billegare....og då hadde dei ikkje så mykje å velga i. Men neste gong skal eg hekle noko anna....har tenkt litt på tøfler....me får sjå...
Lagt inn av
Noralill
kl.
8:18 f.m.
0
kommentarer



