fredag, november 30, 2007

Advent i anmarsj...

Ja, og då lyt adventsstaken vera klar. Og i år ser den slik ut, med litt sjarmerande skeive tal og rare reinsdyr...

Kanskje ikkje så veeeldig spennande, men eg fekk det for meg tidleg i haust at eg ville bruke denne "korga" til adventslys i år. Og når eg på Nille fant slike store kvite ljos, så passa det akkurat! Tala har eg laga av eit lilla prikkete stoff som eg har slik stryke-bakside på fliselin..(??) der er vel ikkje slik me stavar det, men men...

Reinsdyr har eg klipt etter mal frå eit gammalt Boligliv, då fant eg noko tjukk ull-filt på Panduro (slik at dei nesten står sjølv...). Og i botn har eg litt kongler frå eit lerketre eg brukar å gå forbi på trilletur med veslejenta....


Heile poenget med ein slik stor adventsstake er at den skal stå i vindauga (i stova) slik at alle kan sjå den frå utsida, der eit lys skal vera tent heile dagen (når eg er inne sjølvsagt)... og med så store ljos treng eg ikkje tenke på at dei brenn opp på ei stund...

1 kommentar:

Brit. (lille meg) sa...

Hei igjen! Takk for besøkeet på min blogg. Nå har jeg fått igjen min egen PC, og synes det er veldig artig.....
Greit å ha så store lys, du koser deg i førjulstida, skjønner jeg.
ha en god dag!