Det er sjølvsagt fleire enn dei eg har bilete av her... I år har eg visst pakka inn i masse ulikt papir, eg har liksom ikkje klart å bestemme meg heilt. Men her er eit utval som eg synes vart ganske fine (om eg skal seie det sjølv...hi hi). 
Navnelappar er laga av ulike stoff og filtrestar som berre er limt på kartong... veldig enkelt og greit (og fint?), synes eg...men eg varierte litt der òg, så på nokon pakkar har eg klipt kartong som lauv og limt rett på pakken...(viser nederst på det øverste bilete...
Kakemenn vart det i helga òg... når eldstemann kjem heim frå hybel er det kjekt å overraska med noko nybakt og godt! Det set guten vår pris på...Og desse er ganske gode og veldig enkle og lage...
Enkle mjuke kakemenn:
100 g smør (margarin)
6 dl sukker
5 dl mjølk
5 ts hornsalt
Mjøl til passe deig
Smelt smør og ha i sukker og mjølk, dette varmar du til sukkeret har løyst seg opp. Avkjøl litt og ha i hornsalt og mjøl til deigen er passe. Så er det berre å kjevle og stikke ut figurar! så må dei steikast, eg brukar ovn på 200 grader (me eg har ein litt rar ovn, så kanskje 175 grader er nok...) Steikes til dei får bittelitt farge kantane...
Oppbevares i tett og fin kakeboks...(hihi)
Må igjen takke for kjempekoslege kommentarar dei siste dagane!! Eg er innom på alle bloggar som besøker meg! (ikkje alltid eg rekk å legge igjen nokre ord...men eg prøver...)
Ha ei kjempefin veke alle saman!!