måndag, april 28, 2008

Hekling og hørselvern...

"Men har du tid til å hekle no då??" - det er eit standardspørsmål når eg viser kva eg har hekla... nei, eller jo eg har tid. Det er som systra mi sa til meg for ei stund sidan, når eg sa at eg ikkje hadde tid til å hekle: "Men du har vel tid til å sjå fjernsyn??" - jo det har eg vel, iallefall litt...Løysinga er då at eg heklar når eg ser fjernsyn...(genialt!)
Det er ikkje berre det at eg på den måten får tid til å hekle, eg slepp dermed SJÅ på fjernsyn...eg må nemleg sjå NED på det eg heklar...(litt dumt...hihi..) men eg HØYRER jo fjernsynet, og det kan ofte vera nok....(tjihi). De forstår det at eg gjekk litt lei av å hekle bestemorruter (sjå eldgamle blogginnlegg...), har hekla dei ganske mykje! Så no var eg inn på DROPS.no og fant ei oppskrift på nokre frykteleg vanskelege, men akk så fine lappar... eg har skrive ut mønsteret og sit dermed med nasa nedi det medan eg heklar...(og rekk oppatt og oppatt....) Men no har eg hekla nokre lappar og snart så skal de sjå eg klarar meg utan mønster....(det gler eg meg til) men eg har hjerne som ei teflonpanne for tida, så det kan ta litt tid....

Synes iallefall dei vart ganske fine, men veldig tradisjonelle i fargane då...men men ein kan ikkje alltid vera så grusomt moderne... Garnet eg brukar er dobbelt alpakka-garn, så det er veldig mjukt og fint....


Måtte nett visa hørselverna til vetlajento....dei er no søte òg...(litt reklame for Felleskjøpet toler me...)


Ha ei strålande veke alle saman og tusen takk for alle kjekke kommentarar!!

Klem

4 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

De heklede rutene var kjempefine, og jeg synes det ser vanskelig ut, men så kan jeg ikke å hekle heller.

Så "slår du to fluer i en smekk" når du hekler samtidig som du "hører" fjernsyn. Ikke så dumt, det!

Søte hørselvern til minstejenta.

Ha en fin uke.

Frk.Badegakk sa...

Flott ruter, i deilige farger! Synes du er flink jeg. OG det med fjernsyn og håndarbeid kjenner jeg meg veldig igjen med. Jeg hører mer på TV enn jeg ser på det. Men det holder egentlig for meg=)

hjemme bra sa...

De heklarutene dine er kjempe fine!! Er det lov å spørre etter linken til mønsteret? Kanskje eg kan sjå om eg klarer å tyde det - he he.

God helg

Rosa sa...

Det der var flotte og avanserte saker - og nydelege fargar! Eg pleier å strikke når eg ser på tv, men i det siste har det vore minimalt av begge deler.

Før helga oppdaga eg faktisk til min store forskrekkelse at eg har "mista" strikketøyet mitt! Eg finn det rett og slett ikkje att. Men, det er vel verken stole eller oppbrunne, så då kjem det vel fram att?

Slike skjønne hørselvern veit eg om ei som hadde likt :)

Ha ei god veke!