Jodå eg er her... Har som regel ein plan for kvar helg. Mykje å gjera, som regel (eller mykje eg/me skulle ha gjort...hihi). Men EIN ting som mannen i huset trua med å gjera i helga var å av-ise fryseboksen...han fekk ikkje lov..(uffdå så streng eg er...) For den er altfor full! Så no skriv noralill middagslister utifrå kva me har i frysen...og då kan det hende det vert innbaka fisk på ein tysdag og fiskekaker (frosne??) på ein onsdag...For skal me tømma frysen (og av-ise den) MÅ me ETA opp mykje av det som er der...(ikkje alt sjølvsagt...!! Ein anna ting som ligg og tek plass er alle dei herlege kirsebæra eg plukka i sommar...hmmm
Så eg måtte fint finne fram saftkokaren (minst ein månad før tida....meinar eg...) og sette i gang å lage saft...heldigvis har eg ei svigermor som er slutta å lage saft, slik at eg meir eller mindre har fått låne saftkokaren hennar på åremål...
Men det er faktisk utruleg enkelt å lage saft! No hadde eg nesten berre kirsebær, men for å bruka litt andre bær òg så putta eg oppi ei korg med jordbær og ei med bringebær...tjihi...kanskje det vert ein liten aroma på smaken...? Saftkokaren står på omtrent heile dagen, den går av seg sjølv, og det som kjem ut kokar eg opp med sukker...ja, då berre smakar eg det til, slik at det smakar som uutblanda saft...omtrent...Og om eg er heldig vert den IKKJE til gele...(det kan skje om du har for mykje sukker oppi...) Men denne gongen var eg heldig og safta vart kjempegod om eg skal seie det sjølv!!
Kan nett vise eit lite glimt av ein duk eg kjøpte på Fretex (saman med skapet på kjøkkenet...). Synes gult er kult...!
No skal eg slappe av med eit glass saft i den vesle gyngestolen min! Og nyte freden (når vetlatrulte søv) i eit nokolunde reint hus...
Gler meg til neste helg, for då skal eg på loppis!! Jippi!! IKKJE ofte eg får tid til det...
Håpar alle der ute har hatt ei gjevandes helg!! Ha ein fin sundag iallefall!!
Tjohei!!












Tapeten har faktisk litt gull i seg...vart ikkje så verst...men eg trur ikkje eg ville hatt den i heile huset...














Og etter maaange tårer, nål i fingeren og mysing på dårleg mønster i dårleg ljos (for ikkje å snakke om alt som eg har teke oppatt og oppatt...), så er eg altså komen såå langt!! Og no TRUR eg eg veit korleis me gjer det!! Jippi! Så til alle damer der ute som trur dei ikkje kan noko: JODÅ, du KAN ALT berre du vil!!!