Her for ei tid sidan så ville eg prøve ut noko eg ikkje har gjort før. Etter å ha lese om mange bl.a Den gode feen, Haust og fleire med dei...som bestiller stoff frå USA, ville eg prøve å gjere det samme. Det finnes utruleg mange flotte nettbutikkar å velje mellom, og Haust har blant anna ei linkliste over nokre av dei...eg anbefalar dykk alle å sjekke dei ut!
Mitt valg falt på ein av dei meir rimelege nemleg: Fat quarter shop . Enklast er det om ein handlar for under 200,-kr, så kjem det nemleg som vanleg brev... Dette gjekk utruleg fort! Og før eg visste ordet av det så låg stoffet i postkassa mi...eg betalte som vanleg over nett, utan problem...Utruleg kjekt!! Men det viste seg at eg har (som ofte før) bestillt stoff litt sånn utan å tenkje kva eg skulle bruke det til...
Men her ein kveld så sat eg i kikka på den vesle dukke-vogga som eldstejenta vår fekk når ho var lita...den er no i full bruk for vetlatrultemor, men den trengde sårt litt stell...Eg får nemleg ikkje lov å male den...(det forstår eg godt, altså...) Eldstejenta har fått den laga spesielt til ho, og namnet hennar er svidd inn i endegavlane...
Og som de ser så laga eg altså ei dyne og pute til dokka og vogga...av dette stoffet frå det store utlandet! Synes ikkje det vart så aller verst...i og med at eg ikkje er så utruleg god med symaskina (difor vert det ingen nærbilete av sauman osv)...hihi...
Men eg trur dokka får det riktig godt i det nye utstyret! Og vetlatrulto ho vart superglad! Og tok til å pakke dokkene sine nedi vogga og breie på dei både dyne og pute!



Eg veit ikkje kva som gjer at eg vert så inspirert av mønster?? fargar?? og samansetninga av dette...Og til og med KAKER kan inspirera meg....!
Likar spesielt godt slike fargerike bilde-motasjar av natur tre og dyr...
Babushka kjem me vel ikkje utanom....? Dei er berre utruleg fine uansett fargar ...og kor eg ser dei....




Men no kan igrunnen berre snøen koma synes eg...Det er alltids litt kjekkare med snø enn regn... iallefall når det byrjar å mørkne, då lyser snøen så fint opp synes eg...

Håpar alle har fått nett ei slik helg som dei ynskjer seg! Eg har kosa meg iallefall...no må eg jobbe litt før morgondagen.....jpg)


Men etter mykje mat så MÅ me ut å gå! Då passar det bra at vetlatrollet likar å spasera og plaska i regnet!



Og frå det eine til det andre...haha...NO gledar eg meg slik til jul!! Hausten har for alvor sete seg fast hjå oss og marsipanen er komen i butikkane, sjølv her inne i avkroken av Noreg...hihi...Eg synes berre det er kjekt eg...Kanskje eg ikkje skulle sagt det, men EG synes ikkje jula byrjar for tidleg! Halve gleda er jo å gleda seg...ikkje sant?? Og jo lenger ein vert minna på om at jula ikkje er langt unna, jo lenger kan eg glede meg..tjhi..!!












Blant andre ting og tang som eg skal visa i eit anna innlegg fant eg dette utruleg søte bordet med stolar:
Eg har lenge hatt lyst til å tipse dykk alle om denne kjekke butikken! No har eg nett vore der sjølv og gjort nokre gode kupp..hihi..(som eg skal vise seinare...)
.jpg)
.jpg)
.jpg)