Ja er me ikkje alle det no?..I farta altså...? Eg er iallefall! Og mykje får ein gjort om ein berre tek beslutningar på løpande bånd...Eg er blitt ein ekspert i å handle raskt og effektivt for tida..hihi..For eg sa jo at ALLE julepakker skulle vera klare til 1.des!! Og eg har faktisk (nesten) klart det!! Og det er neimen ikkje verst synes eg!
No i helga har me vore aktive nok. Turen til hybelguten vår (som eg tenkte på forrige helg...hmmm) den tok me på laurdag. Trur det er godt når mor og far kjem og ordnar litt i (kaoset??) sakene...handlar litt mat og tek oss litt tid saman. Han er stor, men ikkje SÅ stor! Har trass alt ikkje vore heime på 14 dagar og er ikkje venta heim neste helg heller...travle tider for store gutar...
Ellers i heimen har deler av sundagen gått med til ein tur i skogen. Difor bilete av dei herlege konglene...kongler er berre nydeleg synes eg! Å plukke dei saman med vetlatrollet meinte eg var ein smal sak og riktig koseleg...men kvar kongle eg plukka oppi bøtta, kast ho utav...hihi..var sikkert morro for ho...men men...baljen vart full tilslutt og mor nøgd med turen likavel.
Eldstejenta har hatt sitt eige juleverkstad med bestemora, og resultatet vart nokre nydeleg fine englar til å henge på "juletreet" vårt...hihi...det vart faktisk ikkje så verst det heller...
Nokre av grankvistane me tok med frå skogen havna i ei bøtte med vatn inne i stova...ei lita motvekt til det treet UTAN nåler som står i andre enden av stova!! HAHA...
Og etter ein tur i kyrkja (konfirmant-ljosmesse) med eldstejenta, var tida inne for å tenne ljos heime òg .... for håp og glede!!




Me har hatt ein roleg søndag hjå oss. Det er godt med slike dagar der ein berre kan pusle på med rydding og ordning her og der...I dag fekk eg tid til å lage slike små fine glas med lys og mose i...synes dei har sett så fine ut på alle bloggane eg har besøkt i det siste...(mange som har sånne...)







Ja eg trur iallefall det...hihi...Dei kalenderane varte nokre år til eg var så lei av dei og ungane var slutta å protestera på forandring.... Etter det har kalenderen gått frå å vera minimalistisk...kvit...rein...enkel...osv..Men i år DÅ stemmer eg for litt farge på pakker og kalender!! Difor blir det hjå oss pakkar i spreke fargar som skal spre forventing utover i desember...
Og for dei som lurte...JA desse kalenderpakkene er til mine STORE born på 17 og 14...dei nektar å sleppe tak i mor sin heimelage kalender...haha...men det er jo kjekt òg! Vetletrultemor får ingen kalender i år...synes ho er for liten...kanskje?? Det kan jo hende ho får opne ei pakke frå storesøskene då...
Denne blomen er til alle dykk der ute som skrytte så veldig av julekrybba mi!!! Må jo seie at eg etter dette har vurdert å starte eit limekurs for julekrybbe-entusiastar....hihi...haha...hoho...

Kva gjer ein stor haug med kvist på mitt kjøkkenbord?? Jo, etter ein liten tankeprosess og ein smule utolmodigheit fant eg ut at den julekrybba skal eg jammen klare å snekre saman sjølv...
Lettare irritert over at det ikkje finnes julekrybber å oppdrive, har eg gravd fram ein gamal limpistol (og jammen fant eg lim òg...) og ute i skogen visste eg om ein haug med skikkeleg tørre kvistar. Eg henta sjølvsagt kvisten inn og kledde kjøkkenbord med aviser....




Men det spørs om ikkje eg må snekre saman nokre hyrdar og resten av gjengen sjølv...hihi. Eg håpar eg finn figurar som kan fylle tomrommet i stallen...enn så lenge så vart den ikkje så verst der den står å ventar...nett som oss, som ventar på advent...hihi...For den skikkeleg oppservante så vil de faktisk sjå at det heng ei stjerne på veggen over stallen...tjhi..ein veit jo aldri...








Endeleg er det i hus!! JA eg har venta leeenge no...veit det har vore i butikkane lenge...Men når ein bur slik som eg..laaangt ut på landsbygda så MÅ ein berre ha tolmodigheit nok til å venta (til mannen i huset, for eksempel skal nærmare tettbygde strøk...hihi) ! Eg snakkar sjølvsagt om juleinspirasjon nr EIN her hjå meg...: Julenummert av BOLIGLIV!!


