onsdag, januar 14, 2009

Ei ny veke er igang før eg får tenkt meg om. Helga hjå oss har vore hektisk, med 40-årsdag og 15-årsdag i eitt.
Det gjekk igrunnen fint, med selskap både på dagtid og kveldstid. Det er rart med det, ein treng ikkje kave så mykje om ein berre planlegg godt (det er iallefall min filosofi). Og eg er og blir eit liste-menneske, eg skriv laaange lister over ALT! Me har til dagleg middagsliste, men når det nærmar seg selskap eller andre større arrangementer, så blir det handlelister, gjere-lister, vaske-lister og kven-gjer-kva-lister...

For ikkje å snakke om kva-som-er-gjort-lister...med avkryssing...hihi..Jadå men det hjelper på nattesøvnen. Eg ligg ikkje vaken og lurar på om eg har hugsa alt...


Mykje god mat har det vore denne helga og no lyt me roe oss ned att. Tilbake til havregraut og knekkebrød...

Me håpar på ei stille og fredeleg veke. No skal eg setje meg ned å nyte den siste Stoff og stil-katalogen...
Håpar på litt inspirasjon...


Ingen kommentarer: