Hei, igjen! Det har visst gått over ei veke!! Utruleg! Men eg har faktisk ein god unnskyldning denne gongen, me har nemleg vore ein jentegjeng til Oslo på MAMMA MIA! Utruleg kjekt! Og ein slik avslappande tur hadde eg veldig godt av kjenner eg...Me vart bussa til Oslo fredagen og tilbake søndag, ingen plikter utan å møte på Folketeateret på laurdagskvelden. Det gjorde faktisk godt!Eg drista meg til å vise meg sjølv i (nesten) heilfigur...veit ikkje kva som er skjedd med bilete, men det skjedde då eg la det inn her...handleposane mine vart "sladda"...HAHA! (Hadde sjølvsagt tunge posar frå Indiska og H&M med på operaen...hihi...sånn er det når me er "bønder i byn"...jaja...godt det ikkje visar då...

