onsdag, september 09, 2009

Litt maling på kjøkkenet...


Så var jobben med det eine skapet nesten ferdig (skapet over vasken). Viser berre bilete utan skapdører, for dei må dessverre pussast litt...etter at eg var uheldig med fyrste størk, slik at det rann maling som no er størkna nedover skapsidene...irriterande! Men slik er det når ein har litt hastverk...

Fargen er heilt kvit, med glans 80. Slik håpar eg at eg får dei glatte blanke skapene eg vil ha...ikkje dei lettare gule som kom snikane etterkvart som kvitfargen gulna...Eg trudde jo skapene mine var kvite eg, men det viste seg å vera feil. Utruleg kor kvitmåling gulnar!
Skulle tru me alle sat å røyka 20 om dagen her inne, når du ser gulfargen på bilete nedanfor her....
Veggane skal eg ta ein anna gong, men no heiter prosjektet: eitt-skap-om-gongen-til-dei-er-kvite-og-blanke... Det som er bonus med å male skap er å få ryddae skikkeleg i dei. Ovanfor her er "beste-servicet" mitt..hihi...ikkje spesielt dyrt eller noko, men det har seg berre slik at det har eg alltid brukt kun til jul/påske og høgtid...då er det kjekt å halde på den tradisjonen.
Sjølv om smaken har endra seg opp igjennom åra har det alltid vore kjekt å ta fram dette frokost-serivcet får å verkeleg finne stemninga...


Då håpar eg mamma fiksar meir maling...og tek ein tur snart?! Hihi... Så vert skapet under vasken neste prosjekt...men det vert definitivt ikkje denne veka!
Til helga har eg planar om å vera med på Vøringsfoss-race...(forstå det den som kan...hjelp!).
Ha ei fin veke vidare...

14 kommentarer:

Marte sa...

Så herlig å få rydde opp litt! Du har no veeeldig fine kopper syns eg! Masse fint, og fine hvite skap!
Ble mye fin her;DD

et kjært hjem sa...

Mye fint porselen! Veldig kjekt å få det helt hvitt, jeg også er oppgitt over hvor fort det gulner på hvitmalte overflater! Det posetive er jo som du sier, at en får ryddet opp litt :) Ha en fin kveld!

ingridmarie sa...

So masse nydelege koppar & kar du har! Og ikkj minst flotte fine kvite hyller! Synst liksom alt kjem bedre fram med kvite omgivelsar ;)

mi-rachel sa...

så masse koselig i skapene dine.

Haust sa...

Så herleg med nymåla og ryddige skap! Tek du mine kjøkkenskap i same slengen? ;)

Janne sa...

Hei!
Ny innom bloggen din, men her var det mye fint! Må legge deg til på lista mi! Fint det ble med nymalt kjøkken:)
Hilsen Janne

Tove sa...

Så fine, nymalte skap:) Syntes godt du ikke hadde behøvd skapdører jeg, kjempefint slikt det var nå! Lykke til med videre maling, må jo bare være morro når resultatet blir så fint

Jannicke sa...

Syntes du har vært flink,
godt å være i gang ihvertfall!
Lykke til i helgen ;o)
Klem J.

Vibeke sa...

SÅ masse fint du fyller skapene med, skikkelig fint ble det!

Lykke til i helgen da :)

Vibeke

KRUSEDULL sa...

Så koselig blogg du har! Legger deg til listen min:)

Rikke - fargesirkelen sa...

Åh, vi har akkurat det samme kjøkkenskapet - og den samme fargen og glansen:D Delilig med høyglanset kjøkkenskap, det er veldig enkelt å vaske. Du vet det kanskje allerede, men om du gnur et stearinlys langs dørskinnene så glir dørene mye bedre - nesten som nytt kjøkken :P

mette sa...

d blei jo bare s å fint! du tar noen meget inspirernde bilder! love your blog:)

Bente sa...

Utrolig stilig kjøkken skap du har!!!

Rosa sa...

dette blir fint, ja. Og eg syns det var eit lurt navn på prosjektet ;)

Håpar alt gjekk vel i Vøringsfoss-racet...

God veke! :)