søndag, desember 20, 2009

Jola nærmar seg...


Då vart det endeleg litt meir jul i heimen. Edelgrankvistane i datakroken er bytt ut med ei lita granbusk og dekorert (med god hjelp av trultemor) med nokre bittesmå gamle og skjøre kuler eg kjøpte på Fretex i fjor. Dei vart kjøpt etter jul, difor har eg ikkje brukt dei før...Men eg synes dei er skikkeleg fine med den grøne og oransje fargen nokre av dei har.




Fire ljos er tent i stova, og eg har snudd spisebordet for andre gong på kort tid..men det er berre for å få plass til turkestativet som står framfor ovnen i stova! No går eg igang med litt intensiv klesvask, slik at alt er tomt til jul! Då MÅ me turke kleda i stova...sidan eg er ei av dei få som framleis ikkje har turketrommel...



I TV-kroken har eldstejenta gått i gang med litt julepynting på eige hand. Det vil seie plugge i ein nissefar frå Nille. Det er hennar protest på mor si nissefrie jul! Den skal få stå ei stund, men det er ikkje til å kome i frå at mor har lyst å ta den vekk med ein gong...Men enn så lenge jublar vetle dokkemor for den "nyyydelege" nissen i stova vår...Medan eldstejenta sit med eit triumferande blikk og storkosar seg. Det kan jo hende at EIN nisse ikkje gjer så mykje likevel...hihi...

LITT takhøgd har eg trass alt!

12 kommentarer:

PillePalle sa...

Juletreet er kjempesøtt :))
Hilsen fra Pillepalle

linn sa...

kjempe skjønt tre!

Og eg må smile litt av eldstejenta og julenissen. Eg er glad det er nokre år til eg må ta nissekampen ;O) Men som du seier, litt takhøyde må ein ha.

God søndagskveld!

Marigrafen sa...

Den adventsstaken din er helt skjønn! Sånn vil jeg ha og ;)

Rosa sa...

hihi, litt møtbør skal det vel vere. Og hjå oss vert det ikkje nissefritt, men heller ingen overdåd. Englar, derimot.......

Kosleg lite jolatre!

SynnePynne sa...

He he, ser for meg det fule gliste fra "eldstejenta"! Stå på krava, mor di bur ikkje åleine!!!!

:-)

Haust sa...

Å, så fint eit lite juletre! Nydeleg pynt i litt uvanlege julefargar!

Stilen i stova di minner meg forresten litt som interiøret til herlege "dottie angel". Heilt herleg! :)

mi-rachel sa...

bra med litt takhøyde:)

Miamor sa...

..så fint pynta hos dere....treet var sjarmerende de lux....og julesangkorta like så..god ide...ha ei glimrande jul....miamor

Patina-H sa...

Da er so fint hjå deg, atte :) Og kva gjer vel ein lysande nisse oppi alt det fine, ikkje alltid like kjekt å bestemma for alle i familien kva som ER fint til jol ! He he :)
Ynskjer deg og dine ei herleg jol !

MiaNostalgia sa...

Nydelig pyntet julehjem!

Ha en fin førjulstid og juletid!

hjemme bra sa...

Hei.
Så koselig med det lille treet med dei skjønne kulene! Treet vårt vart pynta med raudt og gull og glass i år også. Fekk i hus eit stort tre i år, og om eg vil ha andre farger må eg kjøpe mykje ny pynt.... Får kjøpe litt på salg etter jula i år også :-)
Eg har også tørkestativ på stua, og vasker og vasker for å prøve å få litt mindre klede på vaskerommet... Så eg er også av dei som ikkje har tørketrommel...

Ha ei fantastisk julefeiring

Anonym sa...

Hej hej... vill bara önska dig en alldeles underbar jul & ett riktigt gott nytt år! Kram kram.