onsdag, juni 09, 2010

3-års bursdag!


Jammen er det gått heile TRE år sidan dokkemor kom til verda! Det er heilt utruleg! Dagen vart feira med hageselskap og besøk av besteforeldre, tanter og søskenbarn. Dette er tredje året me har hageselskap på dagen til trulto vår, og alle åra har det vore fantastisk vær, det var det òg i år!



Trulto var vel fornøgd med alle gåvene...


Ballonger i huskestativet høyrer med. Eg dreg ut alt eg har av ekstra stolar og bord, noko av det har stått lagra i hagehytta vår. Og i år som i fjor var det veldig greit med kakebordet inni hytta...

Hytta er pynta til fest, til og med "ny" veranda har ho fått sidan sist..hihi. Dette er gjenbruk på sitt beste...
Sidan det er full riving av alt i front av huset, fekk me ein veranda til overs, den delte me i to og sette halvdelen framfor hytta. Passa perfekt!

For fyrste gong har eg fått til å lage muffins med skikkeleg "topping", sjølvsagt ROSA. Dette er heilt enkelt slik ostekrem som er på gulrotkaka, den med philadelphia-ost...


Og når besøket er reist, alt rydda vekk, oppvaskmaskina i gang og dokkemor i seng...hmmm då sette eg meg ut i hagehytta, med noko godt i glaset...og riktig kosa meg!


Måtte jo tenne nokre lys òg sjølvsagt...

Ha ei fin veke vidare, i morgo er det jobb att på meg, etter ein nydeleg fridag i dag!








5 kommentarer:

Marte sa...

Gratulerer med dagen i huset:))
FOR noen lekre muffins, nam nam!

Så spennende med rom 123! Får det i posten, er så glad i bladet, gleder meg til å se reportasjen fra huset ditt:) Det blir sikkert SÅ bra:)

Kos deg i hagehytta;)

marte

Hyttehuset sa...

Gratulerer med dagen til trulto di. Herleg jente, og nydeleg kakemat. Har du oppskrita til den ostekremen? Eg har berre varianten med tine naturell kremost, og den er blautare.

Vakre bilete av eit garantert vakkert område. Eg kosar meg med innlegga dine kvar gong dei kjem, og ser også fram til reportasjen som kjem.

tempo.dk sa...

Tillykke med fødselsdagen. Alt ser helt perfekt ud - kagerne, pynten, fødselsdagsbarnet og havehuset, ja, selv vejret. Ønsker dig en fin dag. Hilsen Bente

En støvel og en sko sa...

Hei!
Gratulerer med overstått bursdag i heimen. Alt ser perfekt ut, og 3-åringen ser veldig fornøgd ut.
Og så nydelig hagehytte!
Ha en fin helg.
Klem fra Sølvi

Splashes of Pink and Mint sa...

Hi! Just a little note to let you know I love your blog, your beautiful pics, your pretty home and of course your cute little 3 years old! Congratulations!
Greetings from the Netherlands!