fredag, juli 29, 2011

Dagane går vidare...

Ja, på mange måtar er det vel det som ofte er det verste,
og det beste med livet,
at kvardagane kjem,
og går..
uansett...

Hjå oss har finevêret endeleg kome og me er ute frå morgon til kveld.

Som de ser av bileta har eg hengt opp ei gardin frå Åhlens på veggen.
Men den heng ikkje berre på veggen, den heng framføre ei dør.
(Du ser korleis det var før til høgre i margen her på eit bilete frå gangen...)

Me har lenge lurt på å stenge denne døra inn til kjøkkenet, sidan me har så mange dører inn der frå før.
No fant eg ein litt lur måte å prøve ut dette på, utan faktisk å fjerne døra!


Synes det var lurt.
Då vil me jo sjå om me kan klare oss utan den...

På andre sida har eg skrudd av handtaket...
Dette er "tavledøra" på kjøkkenet, så den har framleis ein funksjon forsåvidt.

Synes stoffet frå Åhlens er ganske fint,
og ganske mykje billegare enn ein tapet...
Og ikkje minst utruleg lett å bytte ut!

Håpar litt av kvardagen er komen tilbake til deg òg...
Klem

6 kommentarer:

marian sa...

Fine den der! Lika meg godt her inne hos deg!

marian

Hyttehuset sa...

Eg syntes dette blei stilig, eg. Tøft stoff og god løysing. Herlege bilete som vanleg.

Anonym sa...

Så smart, jeg var sikker på at det var en tapet. Ble kjempefint.
Klæm fra me

Kari sa...

Så stilig! Korleis har du hengt den opp? Gardinstang? :)

Noralill sa...

Hei, Kari, den er hengt opp med teiknestiftar...haha..litt provosorisk og enkelt, men det går bra...

ReVinyl sa...

Kjempesmart med den gardina! Har lett etter noe til en vegg på kjøkkenet som jeg har et gammelt gjøkur på. Har vinglet mellom å male og tapetsere, og får aldri gjort noe for klarer ikke å bestemme meg. En gardin skal jeg også ta med i betraktningen. Det var jo superfint og superlurt :) Hilsen Siw