torsdag, juli 14, 2011

Søte sommartid...


Det finnes mykje (altfor mykje) freistande å lage når ein har lange late dagar og fri...
Som ein nydeleg bærpai, det må jo vera litt sunt...?

Eg og dokkemor veit kvar me skal leite for å finne utruleg mykje markjordbær,
me åt og åt...
men litt av dei vart med heim.
Dokkemor ville me skulle lage pai av alle bæra.

Og det måtte me jo.
Me supplera sjølvsagt med både solbær og rips frå frysen...

 Sommarens fyrste (og heilt sikkert ikkje siste) nyydelege bærpai.
Her er oppskrifta:
Botn:
100g margarin
2-3 ss sukker
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn

Arbeid deigen saman og trykk den ut i ei paiform

Fyll:
Bland alle bæra du vil bruke i ein bolle (ca 400g? eg berre slumpar..)
Bland oppi frå 0,5 dl  til 1,5 dl sukker (litt etter kor søte/sure bær du brukar)
1 ss potetmjøl
Rør saman og
tøm alt oppi paien

Steik den midt i ovnen på 225 grader ca 20 min, til deigen har fått farge og fyllet har blitt mørt..
Nyydeleg servert varm med is...

Me vakna utruleg nok opp til ein ny solskinnsdag!

Det ser ut som det må bli ein tur på stranda i dag...
årest fyrste det òg i tilfellet...
men bading...?
Det veit eg ikkje...

Håpar du vakna til solskinn du òg!
Og at dagen blir fiiin...


4 kommentarer:

Nimue sa...

hmm, looks delish ;)

http://lavienmode.blogspot.com

Anonym sa...

jeg sitter her og er litt sulten jeg - så jeg fikk helt vann i munnen;-) Vi sitter inne og ser på barn i bakkebygrenda vi..

linn sa...

mmm
dette såg heilt nydeleg ut :)

god helg til deg!

-klem

internet watch sa...

My grandmother likes to make blackberry jam, blackberry cobbler, blackberry lemonade, and many more recipes of blackberry. I also listed your delicious recipe in my daily diet menu.