onsdag, oktober 26, 2011

Travle tider...

Er det fleire enn meg, som synes tida går utruleg fort!?
Oktober er snart slutt...
November...
Kvar vart hausten av?
(Kanskje november er haust òg??)
Vekene fyk iallfall hjå oss.


Litt gamle bilete i dag, frå hekledilla mi litt tidlegare i haust.
Fine oppvaskklutar som vart gitt vekk i aust og vest...
Kjekt å kunne gje...
Må prøve å få hekla meir,
til jul, til pakkar, til pynt..

Måtte berre vise den fine dekoren på kjøleskåpet for tida...
Er det ikkje flott?
Nydeleg tusj-teikningar av dokkemor,
eg trur jammen ho har talent...hihi

For dei som lurte,
så har eg måla eitt strøk til å stoveveggen...
Trur det blir fint.
Skal prøve å lure eldstejenta til å måle resten,
ho har OD-dag på fredag...
lurt!
 (i travle tider)

Ha ein god kveld!
No er det natta her...




5 kommentarer:

Rosa sa...

oh yes.... tida går fort. Alt for fort! Kan ha noko med aktivitetsnivået å gjere...? ;)

her er det ein del av kjøkkenveggen som tener til utstilling av glade barneteikningar. Det har vore litt dårleg utskifting, sjølv om det ikkje manglar på produksjonen.

Håpar du får tid til å nyte haustkveldane og dagane innimellom!


klem

Lavendelpiken sa...

De er så fiiiine disse klutene dine ;-) Skal jeg forsøke meg på noe liknende selv så må det bli med to pinner, er ikke helt dus med heklenåla jeg...

Nyt dagene som best du kan <3

Haust sa...

Fine oppvaskklutar! Kan eg spørje kva slags garn du brukar?

God torsdag til deg! :)

Haust sa...

Ja, og så ein ting til; dei blir ikkje fort "sure", desse klutane, ettersom dei er tjukkare enn tynne bomulls/gas-klutar?

takhøyde sa...

Tiden flyr - det er sikkert og visst!!! Da er det jo flott å ha tid til litt håndarbeid innimellom - jeg har en kurv klar ved godstolen hvor jeg strikker kluter!! Et herlig tidsfordriv - og jeg får en stund til å planlegge litt og fundere....
Klem til deg :)