
Eit lite livstegn frå meg i kveld. Synes ikkje eg får tid til å oppdatere ofte nok, eller kikke innom alle dekan der ute i bloggverda... Men som kjendt så går alt opp og ned her i livet. Ihvertfall i rykk og napp, slik er det iallefall med meg.
Men eg kosar meg når eg får tid til å sjå gjennom bilete og styra litt med fotoapparatet, og ikkje minst blogge litt! I kveld har eg teke bilete av ein liten haust"pynt" på bordet. Eg eksperimenterte litt med kamera, og enda opp med to ulike ljosnyansar...spennande å leike seg litt!
Beinrestane er frå ein auksjon tidlegare i sommar, den største kongla kjem heilt frå sommarferien i Danmark, og dei andre konglene frå skogen rundt huset. Og sinkfatet har eg fått/el lånt av mammo....

I ettermiddag har eg og dokkemor rusla rundt i hagen, me har vore ein tur bort til nabohesten og snakka med fleire av nabodamene. Det er så kjekt å bu slik at alle kjenner alle...og husa har namn. For det har dei her hjå oss...
Bente sitt hus, bestahuset, Thomashuset osv...det er sjølvsagt vetla dokkemor som har namn på husa, men kjekt er det iallefall.
Ynskjer alle som ein ein koseleg haustkveld.