onsdag, desember 02, 2009
Min dag!
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:31 e.m.
23
kommentarer
søndag, november 29, 2009
fredag, november 27, 2009
Endå ein "ny" stol...
Lagt inn av
Noralill
kl.
9:03 f.m.
15
kommentarer
onsdag, november 25, 2009
Advent på ei fjøl...
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:51 f.m.
13
kommentarer
måndag, november 16, 2009
Resten av sundagen brukte me til å pakke adventskalender-pakker. Eg lura til og med min kjære mann til å vera med...eit godt glas vin og litt stearinljos kan visst få ein lastebilsjåfør til å gjere det utrulegaste....
Ha ein super kveld vidare!!
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:19 e.m.
8
kommentarer
fredag, november 13, 2009
Kosekroken min...
Difor måtte eg tenkt litt, og resultatet var å ta inn att ein gammal divan eg kjøpte for 6-7 år sidan på Patina..Den har stått ute i hagehytta vår og egna seg som seng for ei natt og to til spreke ungdommar. Men det er lite overnatting der ute om vinteren, difor står den no og innbyr til ettermiddagskos for (nesten) heile familien... (haha, sjå det for deg...)
Medan eg les avisa prøver truletemor "sprett-eigenskapane", det er veldig god fjøring i slike gamle divanar! Her ligg me altså å kosar oss med fyr i ovnen kvar einaste ettermiddag...Det er verkeleg blitt ein populær stad for både liten og stor...
Merkeleg det der me har jo sofa...hmmm, men eg likar meg ikkje på sofaen, og unngår helst å sitje i den (iallfall ikkje før etter kl 8 om kvelden)...kanskje fordi den står for nær fjernsynet?? Fleire som meg der ute, kanskje??
I morgon er det laurdag og eg skal på min fyrste shoppingtur på over 6 veker(!). Ja det er sant, eg har sjølvsagt handla mat, men slik er livet i distrikts-Noreg. Laaaaangt å køyre og stygge (stengde) vegar, gjer at det går ei stund mellom kvar gong. Men i morgon har eg planar om brukbutikk-handling og juleførebuing! Jippi! Gledar meg!!
Ynskjer alle super-kjekke bloggarar og andre der ute ei super-duper helg!!
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:34 e.m.
12
kommentarer
tysdag, november 10, 2009
Det er jo berre sånn at innimellom hopar alt seg opp på ein gong. Alt skal skje samstundes, og eg som er så glad i å kosa meg, rekk ingenting!!
Difor måtte bileta i dag vera frå ei kosestund for nokre veker sidan, faktisk. Kjeksen er kjøpt på Matkulturfestival i Øvre Eidfjord og er frå Marit`s bakeri i Ålvik, trur eg... Dei var kjempegode og hadde biter av tørka plomme (!) inni, saman med sjokolade...mmmm...Eg kan jo sitte her å drøyme litt.
Då drøymer eg sjølvsagt òg om dagen i morgo då eg har fri! Sjølv om fridagen ikkje direkte er via til sjokoladekjeks med tørka plomme...så skal eg nok rekka ein stor og god kopp kaffi, kanskje to til og med. Gledar meg!
Eg har faktisk ommøblert bittelitt òg...Kjem snart att.
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:11 e.m.
2
kommentarer
laurdag, oktober 31, 2009
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:52 e.m.
10
kommentarer
onsdag, oktober 28, 2009
Den gule bølja...
Ja, det er ikkje vanskeleg å sjå den vesle kommoden min no! Etter inspirasjon frå diverse interørblad og kjekke bloggar der ute (bl.a Den gode feen, og Bodil Bo) har eg kasta meg på den gule bølja. Synes det vart litt kult, på ein sær og tøff måte... var akkurat det som mangla her no.
Har lenge hatt ein plan om å male kommoden på kjøkkenet, den vart kjøpt på Fretex for ei god stund sidan. Eg har berre skura og vaska den, men hatt eit stille ønske om ein litt sprek farge. Gjekk lenge å lurte på rosa, lilla, til og med burgunder...Men no vart den altså gul (signalgul, på boks)!
Lagt inn av
Noralill
kl.
4:25 f.m.
22
kommentarer
måndag, oktober 26, 2009
Ja det er ikkje mykje som skal til for å løfte humøret nokre hakk opp. Benken som de ser er flytta frå gangen og inn her. Kven treng kjøpe nye møblar? Nei me berre brukar dei me har på ein litt ny måte...reknar med det er mange som er som meg der ute?? Som de veit så stilte me klokka i helga og etter ein riktig morgonfrisk start i dag kl. 05.10...av vetla dokkemor, så er det ikkje lenge til eg må i seng. Dette er kanskje starten på ein ny epoke?? Med så utruleg tidlege morgonar at eg rekk lage middag FØR eg går på jobb?? HA ha...hadde vore kjekt å vore så effektiv... Men i dag hadde me iallefall ein koseleg start med å ligge leeenge vakne før meg stod opp, for så å ete leeeenge frokost, for så nesten å sovne att før me kom oss ut døra.:) Men det er herleg med litt lysare morgonar! Og eg er ikkje så lei meg for denne mørke fine kvelden heller...kan tenne lys og kose oss! Kjem att med bilete av maleprosjektet mitt...snart..
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:01 e.m.
11
kommentarer
søndag, oktober 25, 2009
Ville berre nett visa at eg faktisk har hengt opp att skapdørene på kjøkkenet. Og nye knottar er på plass, glasknottar frå Indiska til ca 30 kr for fire...det var igrunnen det som avgjorde at eg bytte ut knottane eg hadde... Og som de ser så er tavla på kjøkkendøra ivrig i bruk. For ein familie med frykteleg dårleg kortidsminne er det viktig å få skrive ned alt frå middagsmat til jobbavtalar...haha. Helga har gått med til ommøblering i stova(eller sagt på ein anna måte: terapi for mor...hihi), 50-års dag hjå naboen (kjekt), litt jobbing og maling av kjøkkenmøblar. Kjem att med oppdaterte foto snart...tudelu! :)
Lagt inn av
Noralill
kl.
5:25 f.m.
4
kommentarer
onsdag, oktober 21, 2009
Tavle til dokkemor..
Lagt inn av
Noralill
kl.
12:03 e.m.
9
kommentarer
søndag, oktober 18, 2009
Litt juleførebuingar...
Dette vart resultatet av papir-inspirasjonen min. Eg har laga pakkelappar til jul! I år kjem det kanskje ein pippipp på ei pakke nær deg...hihi..
Lagt inn av
Noralill
kl.
11:21 f.m.
9
kommentarer
fredag, oktober 16, 2009
Det er ingen hemmeligheit at eg er glad i papir. Trur ikkje det er noko som kan inspirere meg meir enn fint papir. Og no finnes det så utruleg mykje flott å velje i, eg har faktisk problem med å velje...tippar eg ikkje er åleine?? To av desse herlege papira har kjøpt på Patina på Evanger (hjå storasysto mi..:)), det er Blafre-designe papir det grønne og brune. Det oransje og blå kjøpte eg på nettbutikken NettPynt for ei tid sidan...klarar ikkje gå forbi/el klikke forbi fint papir...
Men no er det helg! Kanskje eg klarar å lage noko kjekt med papiret i helga..?? Hmm..eg både gler meg og gruar meg til å bruke det opp...hihi Ha ei super helg alle som klikkar innom!
Lagt inn av
Noralill
kl.
9:38 f.m.
9
kommentarer
