I går kom julebukkane og kasta jula ut hjå oss. Det er tradisjon her, at 13.dagsafta kjem det julebukkar og tiggar restane etter jula...på den måten vert ein kvitt all den sjokoladen ein måtte ha att etter julemorroa. Ganske smart eigentleg, no er skåpa tomme og kan fyllast med frukt og grønt...hihi (bortsett frå inne hjå eldstejenta, sidan ho gjekk julebukk sjølv..)
Litt trist å kaste jula ut eigentleg, i år gjekk alt så fort. Men sånn er det vel når ein har det kjekt?!
Dokkermor har ikkje noko til overs verken for julenissar eller julebukkar, eg håpar berre ho ikkje er traumatisert for livstid...Det er hardt for ein liten kropp å sjå så mange skumle fjes...ho stod for det meste inni stova og ville ikkje kome ut å sjå...stakkar liten...
Men i dag leikar ho fint med dei nye gåvene sine...dette bakesettet fekk ho hjå oss, det er kjøpt på
T.i.n.y.no. Knallfint og veldig kjekt å leike med for ei som elskar baking...
Ein av grunnane til at eg brukte heile kvelden på å vaske jula ut, var å få heile fridagen min i dag til å gjere andre ting. Så i dag skal eg sitje å kose meg å sjå på sviblane som blømer og luktar så godt, og ikkje minst hekle litt...Her er bilete frå hekleprosjektet i jula:
Det vart ei rund pute...veldig kjekt å hekle den! Og veldig enkelt! Start med 6 luftmasker som du set saman i ein ring, hekle tolv fastmasker inni ringen, fortset med fastmasker og auk 12 masker spredd utover ringen i kvar 3.omgang...kort fortalt..
Hekle den så stor du vil. Eg brukte juvel-ullgarn med heklekrok nr. 4.
Men no heklar eg ei pute til, den skal bli litt større. Difor heklar eg no med heklekrok 6 og brukar tjukt fritidsgarn. Morro, for det går dobbelt så fort!
Tudelu!
Ynskjer alle ein fin dag!