tysdag, mai 27, 2008

Shopping...

Eg veit at eg ikkje verkar særleg miljøbevisst eller oppteken av global oppvarming og overforbruk når eg brukar denne overskrifta...men det får stå sin prøve...eg er nemleg av dei mange tusen som fortsatt har ei barnsleg glede av å kjøpe meg noko nytt (hihi)...Og tru meg, den gleda varer leeeenge...Men for all del eg brukar like godt brukbutikkar og Fretex som andre butikkar då...(det hjelper vel litt??). Og når eg i tillegg er blant dei mange som MÅ køyre i TO strake timar med BIL for å kome til butikkar som er verd eit besøk, ja så er det vel mange som sluttar å lese her...og berre klikkar seg forskrekka vidare...gulp..(dette var berre ei lita tilståing, tjihi)

Dette fine plastfatet for eksempel kjøpte eg på Patina på Evanger, berre 5 kr! Nydeleg farge synes eg... Og der har dei utruleg mykje fint for tida! Sjekk nettbutikken her
Ovanfor her skimtar de litt av bordet eg var så heldig å FÅ av ei god veninne for ei stund sidan. Det har lenge stått utan maling, berre å venta på at eg skulle bestemme meg for kva farge eg skulle male det...men det er ikkje heilt ferdig enno, manglar å setje i knott i skuffa, difor får de heller sjå resten sidan...men eg lika fargen kjempegodt! Det passa godt inn her i mi ellers så lyse verd... Og her nok eit funn på Patina! Ei herleg strandmatte i plast, som eg brukar som fillerye på golvet på kjøkkenet...nydeleg farge, synes eg...lilla er fint altså...særleg inntil alt det lyse kvite og grå...


Så var eg så heldig å finne ei fin korg (sjølvsagt òg på Patina) som har fått plass i gangen...til alle små huer og hattar og småting til veslejenta...Passar ypperleg...
Nydelege fargar og mønster på stoffet i fôret...Det var vel grunnen til at eg falt for den...


Så besøkte eg og veslejenta Hemtex...der har dei òg mykje fint for tida... eg kjøpte meg blant anna desse putene som eg brukar ute i dei "nye" stolane mine...20 kr stk! Og det var grunn nok til å kjøpe dei...men likte den litt duse rosa-fargen...

Til slutt fekk eg meg ein herleg termos på Hemtex det... Den gjer seg fint ute i sola med akkurat passe mykje kaffi på...

Etter at de no har sett alle bileta og trur at eg har det fantastisk idyllisk for tida...kan igrunnen tru omigjen (iallefall litt omigjen hihi)...rett etter at bilete ovanfor var teke velta heile kaffikoppen utover golvet i hagehytta vår...og klissne barnefingrar klabba over det og grisa ut både meg og seg...tjihi...eg kan le litt no etterpå...men det var ikkje kjekt når det stod på.

....Og grunnen til at eg ikkje kan vise heile det fine bordet i turkis lenger oppe er ikkje BERRE at eg ikkje har fin knott i det...det viste seg at etter at eg hadde malt det og pussla det saman att (bordplata kan du ta av..praktisk..) såg eg at eg hadde hoppa over fire vesentlige stokkar som viste veeeldig godt på sida av bordet...phu! Men eg tek det IKKJE ut att...nei no vert det maling i stova...(igjen)...

Men det er kjekkast å vise solsida av livet her inne... ikkje når ungane skrik og kaffikoppar veltar nedover ei mor som er redd for å ta EITT steg for mykje ALLTID bær ALT med seg på EIN gong! Spesielt når ho skal ut i hagen og "kose seg"...så kjem ho haltande med ein unge i eine handa, radioen under armen, termosen og koppen (gjerne MED kaffi i..hihi) og ei avis frå i går og sikkert ei eller anna leike til å distrahere med og gjerne noko godt å bite i til begge to.....Ja eg håpar det er nokon som kjenner seg att...?hihi...Så er det samme leiken når me skal inn att...Men då er det kveld og me har forhåpentlegvis hatt det LITT roleg og koseleg ute i hagen....tjihi..

....Og det håpar eg de òg har alle i bloggverda! Tusen takk for kjekke kommentarar, eg er innom dykk alle....Ha ei fin veke vidare alle saman! Klem

søndag, mai 18, 2008

Vel overstått 17.mai....

Ja, endeleg kan bunaden pakkast vekk for i år! Den har vore i bruk tre gonger frå mars...Ikkje ofte det skjer. Men i år vart det jo barnedåp for vår vetlejenta i mars og syster mi sine gutar i april. Så no kan eg seie at eg verkeleg brukar stasplagget! Eg synes det er lika kjekt å ta den på kvar gong (om det ikkje er kvar dag...) men det er faktisk ALLTID lika kjekt å ta den av att òg!

For ettersom det kun er på festlege dagar eg brukar bunad, og det alltid på slike dagar høyrer masse god mat til (!), strammar den berre meir og meir utover dagen...(ja eg må berre innrømma det...er ikkje konfimant lenger...). Og når eg utpå kvelden endeleg kan puste ut (og ta den av), er det deilig å slenge på seg ei joggebukse...Me var av dei heldige som fekk sol på 17. mai, og er glad for det! Sjølv om det likevel ikkje var så varmt som det har vore dei siste vekene... Men godt me slapp unna regn og vind i denne omgang...
No er fruktbomstringa over her i hagen, litt trist...MEN det er utruleg kjekt at det finnes andre planter som tar over! Og no er det syrinene eg synes er heilt nyyydeleg!! I hagen min har eg berre ein heilt nyplanta busk frå i fjor (utan blomar endå...), så desse blomane MÅ eg faktisk gå rundt å "nuske" til meg på anna vis...(tjihi) Ja eg veit det er ikkje fint å plukke blomar i andre sin hage...MEN når eg står på utsida av hagen og VEIT det ikkje bur folk i huset...då er det vel LITT lov?? (Eg håpar eg ikkje framstår som ein tjuv her(?)..for eg har ALDRI teke noko anna nokon gong...kors på halsen...). Men syriner i blomst kan eg knapt gå forbi utan å måtte stoppe å berre supe i meg lukta! Det er heilt nydeleg...eg trur det er litt medisin i den lukta...(men eg blir nok aldri kurert for blome-stjeling likevel...hihi)... Ei stund trudde eg dei kvite var min favoritt...men eg veit ikkje lenger...eg synes dei er så nydelege i begge (alle) fargar...Men eg trur den kvite luktar sterkast, her i huset luktar det iallefall godt for tida!

Håpar de kjenner lukta heilt inn gjennom datamaskina....Herleg!
Ha ei fin veke, alle som er innom!
Klem

onsdag, mai 14, 2008

Award!

Jammen så har eg fått ein Award! Eg vart kjempeoverraska! ...sat no berre her og kikka litt i bloggverda... Denne fekk eg av sjølvaste Den gode feen (!) Som er ein av mine absolutt favoritt-bloggar!! Kjempekjekt!! (Ja vart no litt kry her eg sit..tjihi...)

Skulle gitt den rett tilbake til ho...Men eg veit at reglane (dei uskrevne?) seier at me skal gje awarden vidare til andre bloggar der ute i verda...Så eg prøver meg, då vil eg gjerne gje den vidar til:

Mali-Mo: Som er ein blogg eg nett har oppdaga...veldig fine bilete og koslege små historiar.
Ljuva Ro: Ein blogg eg har lese ei stund, men som alltid er like kjekk å kikke innom.
Blaabaerpai: Fordi ho deler mange fine små historiar frå livet med oss....
Emmeline: Fordi eg ler meg i hel av det ho skriv innimellom...tjihi.

Ikkje veit eg om desse har fått awarden før eller kva...men men no vart det slik. Men det finnes UTRULEG mange kjekke og inspirerande bloggar der ute i verda så eigentleg skulle ALLE fått ein pris for berre å vera til....

Ha ein fin fin kveld vidare alle saman!!
Snart er det nasjonaldag, stryking av bunad og masse god mat!
(eg gler meg faktisk eg....)
Klem

torsdag, mai 08, 2008

Hei hei...

Det har ikkje vore mykje tid til blogging i det siste...men kven kan sitja inne med dataen i detta fina veret?! Nei, me har brukt kvar ei ledig stund ute i sola (når eg ikkje har vore på arbeid då..)... Her hjå oss har me fått aldeles sommar-følelse...me håpar det varer leeenge... Og det er difor tid for litt hage-bilete...

Bilete av tre knoppar fekk meg til å tenke på mine tre søte små og store... dei er jo knoppar i livet som er på veg å springe ut...(den var djup i dag....hmmm)

Frukttrea er iallefall i full blomst her, og det er nyyydeleg! Og heile bygda luktar av blomar og nyslått gras...(eller mose då...hihi). Men eg har til og med rukke å handla meg nye sko...synes dei var skikkeleg fine...(passar til ALT) Det var iallefall det eg tenkte....


...og eg er ikkje typen som kjøper meg sko i tide og utide....eg synes ikkje sko er kjekt...mykje anna er morro å kjøpe, men sko, nei det likar eg mindre...men når eg fyrst har kjøpt meg eit par så må dei som regel vare ei stund og gå til ALT...(eg er litt kjedeleg i sko-vegen altså...) Men eg prøver etter beste evne å vera god på andre ting...


Her er uteplassen vår fint dandert med kirsebærtreet vårt i framgrunnen...
Her nyt eg faktisk ein kopp kaffi i sola (nesten) kvar dag...(har ikkje alltid kake til då...får det kunne gått skikkeleg gale...hihi).

Men eg har jo litt arbeid på fridagane mine òg då...sjå vetlejenta fekk tak i ei blomepotte full av jord!! Eg sat faktisk rett attmed, men eg berre kjende kor roen senka seg når eg forstod at ho hadde funne noko å styre på med...heilt til eg faktisk såg kva ho dreiv på med!! Då henta jo den pedagogiske mora berre fotoapparatet og lot det heile stå til...(hihi) For det er jo kjekt òg, når dei små synes jord er morro...(men det vart bading og litt vasking inni munnen litt seinare...)

Så vil eg nett vise at eg ikkje berre solar meg og et kake og drikk kaffi på fridagane mine...(tilfelle min kjære mann les dette...tjihi) Her er nemleg eit av dei utallige borda eg har tenkt å gjere noko med...dette bordet har dessverre vorte dårleg behandla av mor i huset (meg)...det må stå ute heile året, og eg har vist liten omtanke...MEN no fant eg ut at det måtte målast! De kan sjå at det trengs...

Og slik vart det...heilt svart..veeeldig blankt og svart i forhold til dei blasse møblane mine, men eg likar litt kontrastar så eg trur det vart bra...Forresten er dei stolane heilt nye (!!) Ja, faktisk så FEKK eg dei (heldig igjen....), eg likar nemleg fargen eller patinaen på desse stolane, dei er nesten sølvgrå...(inni er det nok teak...). Eg er ikkje så glad i teak-fargen, men når dei blir slitte og sølvgrå DÅ likar eg dei! Dette sa eg til den tidegare eigaren...og vips fekk eg stolane av ho!! Eg vart kjempeglad! Og ho var glad for å bli kvitt dei...og no har eg endeleg stolar til den vesle altanen framfor inngangsdøra vår... Jippi

Ja, slik er det hjå oss for tida... Håpar sola skin på alle bloggvenner der ute!! Ha ei fin kommande laaang-helg!!

Klem

torsdag, mai 01, 2008

"Kom Mai du skjønne milde..."





Eit bilete seier meir enn ord... Men eg føler likevel eg må seie noko...(hihi) Er det ikkje herlig!!? Tenk det er 1.mai i dag!!

Eldstemann her i huset er sendt avgarde til Bodø i dag tidleg...Han skal på nok eit idrettstemne. Mor (meg) har vaska ei kamp-drakt i vasken på kjøkkenet...(eldstemann hadde gløymt å kaste den i skitne-kledna...) Me har lada mobilar, lada kamera og pakka sokkar og tannkost...(og pass??) mor passar på... Eg synes fortsatt han er vetleguten min...(195cm!!!) men det er lenge sidan eg måtte byrje å be om å få ein klem...(han er så forbaska høg, eg når ikkje opp). Men men eg ynskjer dei lukke til med kampane i Bodø!!! Så håpar eg alle kjem heilskinna heimatt på måndag....

Her heime håpar me på litt solskinn...Men som bileta viser så er våren godt i gang her og i dag har me ENDELEG SOL på huset heile dagen (om me får sol då, ...håpar), me ligg litt i skyggen for alle høge fjella her....

Eg ynskjer Dykk alle ein kjempeflott 1. mai uansett!!
Klem

måndag, april 28, 2008

Hekling og hørselvern...

"Men har du tid til å hekle no då??" - det er eit standardspørsmål når eg viser kva eg har hekla... nei, eller jo eg har tid. Det er som systra mi sa til meg for ei stund sidan, når eg sa at eg ikkje hadde tid til å hekle: "Men du har vel tid til å sjå fjernsyn??" - jo det har eg vel, iallefall litt...Løysinga er då at eg heklar når eg ser fjernsyn...(genialt!)
Det er ikkje berre det at eg på den måten får tid til å hekle, eg slepp dermed SJÅ på fjernsyn...eg må nemleg sjå NED på det eg heklar...(litt dumt...hihi..) men eg HØYRER jo fjernsynet, og det kan ofte vera nok....(tjihi). De forstår det at eg gjekk litt lei av å hekle bestemorruter (sjå eldgamle blogginnlegg...), har hekla dei ganske mykje! Så no var eg inn på DROPS.no og fant ei oppskrift på nokre frykteleg vanskelege, men akk så fine lappar... eg har skrive ut mønsteret og sit dermed med nasa nedi det medan eg heklar...(og rekk oppatt og oppatt....) Men no har eg hekla nokre lappar og snart så skal de sjå eg klarar meg utan mønster....(det gler eg meg til) men eg har hjerne som ei teflonpanne for tida, så det kan ta litt tid....

Synes iallefall dei vart ganske fine, men veldig tradisjonelle i fargane då...men men ein kan ikkje alltid vera så grusomt moderne... Garnet eg brukar er dobbelt alpakka-garn, så det er veldig mjukt og fint....


Måtte nett visa hørselverna til vetlajento....dei er no søte òg...(litt reklame for Felleskjøpet toler me...)


Ha ei strålande veke alle saman og tusen takk for alle kjekke kommentarar!!

Klem

tysdag, april 22, 2008

Ja eg er her...

Eg er her enno, og faktisk så har eg overlevd jobbstart!! Jippi!!

Mykje skjer for tida og eg rekk ikkje tenke over at dagane fyk avstad. I helga var det bursdagfeiring på eldstemann (17 år!!), ja det er heilt utruleg å ha så store born. Samtidig var det NM i volleyball, der eldstemann er med å spelar. Så innimellom kakebaking og besøk, så har me heia og ropt laget fram til ein god plassering! Men ettersom me ikkje brukar å heie og rope så mykje heime, så vart jo vetlejenta lettare vettskremt då ho sat på tribunen og voksne (ganske høgrøsta menn) ropa for full hals...så mor måtte tenke fort...midt under kampen, tok eg ei temmeleg tårevåt vetlajente under armen og inn i bilen...Felleskjøpet neste...der hadde dei hørselsvern i barnestorleik!! knall rosa til og med! Så kunne ALLE nyte kampane...etter dette sovna ho til og med under eine kampen...hihi (ein skal jo tenke på alt...)


På jobben går eg framleis rundt og ikkje heilt finn fram og ikkje heilt veit kvar eg høyrer til. Men men, eg tek ein dag om gongen og eg må berre gjere så godt eg kan....men foreløpig trives eg godt.

Og vetlajento har det heilt supert heime med pappen sin! ...ho kjem ikkje springande når eg kjem heim utpå ettermiddagen ein gong...(det er jo litt trist, men mest for meg....). Eldstejenta trives òg med ein pappa heime, no får ho middag når ho kjem frå skulen, og stort sett alltid er det noko ho likar (far og dotter er svært samstemte i matvegen)...Ikkje som når eg er heime og har tusen ting eg må gjera fyrst (og kanskje vente til sola går ned før middag..? Forstår ikkje kvifor me MÅ eta når det er fint vær...??)Ikkje alle er einig med meg der...

Men takk og lov for fridagane mine!!! I dag er ein slik dag, og no skin sola og det er nydeleg ute! Denne dagen skal nytast i fulle drag! Håpar så mange av dykk som mogeleg har samme sjanse i dag!! Ha ein strålande dag uansett!!!

Klem

PS bileta i dag er henta frå den inspirerande nettsida: Print & Pattern

laurdag, april 12, 2008

Lett blanding i lett panikk...

I dag kjem ein lett blanding med foto frå meg. Tida strekk verkeleg ikkje til lenger, ho mor spring frå det eine til det andre i lett panikk om dagen. Og grunnen er sjølvsagt at eg startar i ny jobb på måndag! Var innom nye-jobben både tirsdag og torsdag forrige veke...berre for å få ei oppdatering på alt eg må setje meg inn i...(hjelp!) Og det var ikkje lite....for å seie det forsiktig.

Så no svinsar eg rundt og prøver både å førebu meg på jobb, og på ein måte ta (midlertidig) farvel med husmorjobben...ved å gjere alt eg skulle gjort for lengst....I dag er huset blitt grundig vaska (reknar med det vert ei stund til neste gong...) Hagen har fått seg ei oppdatering ved at eg låg panisk å spadde vekk all mosen mellom alle hellene på framsida av huset (!) Ja det er faktisk ein liten dritt-jobb...men den MÅ gjerast og då hjelper det å ha litt panikk, for det er tungt arbeid (eigentleg...) Men eg rakk heldigvis å setje meg ned når vetle-tullemor sov...då kunne eg nyte ein liten kake-bit og ein kaffikopp. Men eg hadde berre ein tanke i hovudet; tenk om eg ikkje klarar å ha slike gode kosestunder med kaffikoppen lenger??

...og eg som har kjøpt meg nye lyseblå kaffikoppar....håpet er lyseblått...er det ikkje noko som heiter det??


Denne skåla frå Fretex såg visst heilt skeiv ut på bilete, det er den altså ikkje. Men fin er den uansett... med nydelege polkagrisar oppi...

Ha ei fin fin helg alle ihop! Og tusen hjerteleg takk for alle dei kjempeflotte kommentarane eg fekk på forrige innlegg! (PS Har ikkje gjort noko med bordet enno....men det skjer vel noko snart tenker eg... )

Klem

fredag, april 04, 2008

Hekling og nytt bord!

innimellom dåps-førebuing og alt anna så har eg hekla meg ei ny hua! Ja, det gjekk i ein vill fart, så noko oppskrift har eg ikkje. Det byrja med at eg ville hekle nokre små tøfler til vetlejenta, men så fant eg ut at dei vart jo i tilfellet frykteleg glatte å gå med...(må ha antiskli for å bevege seg her i huset...). Dermed kom ideen om å berre hekle vidare og større og meir... så vart det ei hua! Og den har eg verkeleg trengt, for her bles det til tider så kraftig at om ein i det heile vil behalda det tynne pistrete håret sitt så MÅ ein ta på seg ei hua...


Nederste kanten dikte-hekla eg, slik at den vart litt ujamn...(hihi) Likar visst ikkje noko beint eg...

Men det beste av alt eg vil vise i dag er eit nyyyydeleg bord eg har fått!! Ja du les riktig, ei veldig god veninne hadde eit bord til overs, og ho visste at eg ville ta godt vare på det....(tjihi...) Ho skulle berre kaste det...(skrekk og gru..) Kunne aldri falt meg inn å kaste eit slikt godt gamalt bord! Og tenk det visste ho!! Tusen tusen takk igjen...!!


Her står det ute i sola...eg har ikkje bestemt meg om eg skal male det eller ikkje...eller noko anna....?? Synes iallefall det var veldig søtt med skuff og det heile...trur veninna mi skal få noko fint hjå meg òg....
Ha ein fin dag alle!!

Klem

tysdag, april 01, 2008

Dåp...

Litt bilete frå borddekkinga...måtte ha litt fleire små-bord i stova...her eitt med plass til to... Til bordkort laga små fuglar i kartong og klipte ut, desse sette eg på tørre greiner som eg la på servietten på kvart fat...fekk ein litt fin effekt synes eg...ellers brukte eg kvite roser og nokre nydelege lilla blomar (som eg desverre ikkje veit namnet på) dei liknar litt på lyng til bordpynt...














Ja då var me ferdige med dåpen. Heldigvis gjekk alt etter planen og eg trur alt var bra! vetla/stora dåpsbarnet var iallefall i strålande humør og likte både alle folka og å få vatn på hovudet. Straks etter dåpen var unnagjort tok ho seg ein liten runde for å helse på andre kyrkjegjengarar...Ja, ho spaserar no...er så flink! Det vart nok ein litt uvant dåp for både prest og oss då dåpsbarnet ho sat å vogga i takt med orgelmusikken....
Men kjekt var det! Masse fotte gåver! og mange fine kort, som det stod mykje fint inni....tusen takk alle saman!



Kanskje det kjem fleire dåpsbilete etter kvart...