søndag, november 29, 2009

Tuusen takk!

Dette varma skikkeleg! Sjekk ut den knallfine bloggen Erteblomsten!


Desse er berre til deg!!

Klem

fredag, november 27, 2009

Endå ein "ny" stol...


Ein kan jo begynna å lura, akkurat kor mange stolar treng ein verkeleg?! Men det får ikkje hjelpa, eg føler eg treng nett ein liten brukt til..hihi. Denne var så liten og søt at eg måtte ta den med meg. Eg likar desse gamle skulestolane, akkurat denne typen kunne eg tenke meg, kanskje rundt heile bordet??

Synes den passa inn saman med resten enn så lenge. Det er jo kjekt å ha litt sitteplassar rundt bordet.

Sinkhjarta på veggen kjem frå samme pakken som puta, bestilt i eit svakt øyeblikk frå Danmark (Nordhjem).



Her vert det ei stille og fredleg heimehelg etter gammalt. Det skal bli godt!

Med dette ynskjer eg alle som kikkar innom ei riktig god adventshelg!!

onsdag, november 25, 2009

Advent på ei fjøl...



Då var det jammen på tide med eitt innlegg! Eg slit med lyset på denne tida av året, vanskeleg å ta bilete når det er så mørkt heile tida. Men onsdag er som kjent min fridag, og i dag kunne eg bade i dagslys!! Ville vise korleis "advent på ei fjøl" ser ut... Dette blir adventstaken min i år:




Fjøla, eller stokken om du vil vart funnen på turen min ned i fjøra...den var akkurat passe stor og fekk plass til dei fire adventsljosa. Eg må tenne ljos kvar morgon, og difor står det eitt ved sida av adventstaken..hihi. Kan jo ikkje akkurat jukse....



Og denne fine puta kom i pakke i posten til meg frå Nordhjem...(ja eg veit..altfor dyrt med den frakta...men men).

Eg driv å syslar litt med diverse juleførebuingar innimellom alt anna. I år er det liksom litt "tilbake til naturen..." I fjor var eg så fargerik at eg kjenner eg må bruke litt brunt og svart i år...Og etter inspirasjon frå bla. anna Tine K. Home, har eg laga eit juletre (mitt er i papp) og spraylakka det svart...synes det passa til natur-tema i år...Etter kvart kjem det vel litt granbar i hus òg tenkjer eg. Då vert det jo litt grønt.

Kongler har eg plukka i massevis, så driv eg å pressar diverse lauv... Nok å gjere med andre ord!

Kos deg i dag du òg! Eg skal ned å lage kakao med krem...det får bli dessert etter middagen i dag...namm!!


måndag, november 16, 2009

Helga vart kort, men litt rakk eg likevel. Shoppingturen min (sjå førre innlegg...) skal eg prøve hardt å gløyme. Det er lenge sidan handling har vore sååå vanskeleg, heilt utruleg så vart me altså stoppa/bremsa av eit ufatteleg snøvær!! Ein skulle ikkje tru det var sant. 7-8 mil frå litt regn og vind, møtte me eit snøslaps på 15 cm i vegbana, og ikkje minst på fortaua...gulp..berre tenk korleis det gjekk med oss som hadde den lette trilla med..(den med dei kjekke hjula...).



Treng eg seie at dette er ute i distriktet, så eit innandørs handlesenter ligg nok laaangt inn i framtida for folka her. Eg lova meg sjølv ein ting, og det var å ALDRI reise på handling ein stad UTAN regntrekk/støvlar og skift i bilen!! Ikkje nok med at det var snø...det PØS-regna i tillegg...og me hadde sjølvsagt berre ein paraply...på deling...HAHA (jammen godt eg skal gløyma detta...)




Tilbake til litt kjekkare ting, hihi. Eg har sett at rek-ved kan nyttast til så mangt. Difor tok eg tullemor med meg og køyrde ein tur ned til sjøen på sundag ettermiddag. Det var eit heilt fantastisk vær, heilt blikkstille med eit nydeleg ljos....


Tippar naboane til stranda lura litt då dei såg kva me drog med oss inn bilen...haha. Håpar eg kan bruke nokre av pinnane til noko fint til jol...akkurat no ligg dei til tørk i garasjen.


Resten av sundagen brukte me til å pakke adventskalender-pakker. Eg lura til og med min kjære mann til å vera med...eit godt glas vin og litt stearinljos kan visst få ein lastebilsjåfør til å gjere det utrulegaste....


Ha ein super kveld vidare!!

fredag, november 13, 2009

Kosekroken min...




Det er ikkje lenge sidan eg ommøblerte litt i heimen (stova), men eg vart ikkje heilt fornøgd. Det var ikkje det at det ikkje vart greit nok, men meir det at den beste kroken var litt vond å sitje i.... Eg hadde ein korgbenk frå IKEA i denne kroken før, og me kan seie mykje om IKEA (eg klagar IKKJE), men den egna seg lite for ettemiddagskos med vetla trulto på fange (...og kaffikoppen og avisa)...joggebuksa på og tendens til å ville spenne beina litt opp.

Difor måtte eg tenkt litt, og resultatet var å ta inn att ein gammal divan eg kjøpte for 6-7 år sidan på Patina..Den har stått ute i hagehytta vår og egna seg som seng for ei natt og to til spreke ungdommar. Men det er lite overnatting der ute om vinteren, difor står den no og innbyr til ettermiddagskos for (nesten) heile familien... (haha, sjå det for deg...)

Medan eg les avisa prøver truletemor "sprett-eigenskapane", det er veldig god fjøring i slike gamle divanar! Her ligg me altså å kosar oss med fyr i ovnen kvar einaste ettermiddag...Det er verkeleg blitt ein populær stad for både liten og stor...

Merkeleg det der me har jo sofa...hmmm, men eg likar meg ikkje på sofaen, og unngår helst å sitje i den (iallfall ikkje før etter kl 8 om kvelden)...kanskje fordi den står for nær fjernsynet?? Fleire som meg der ute, kanskje??

I morgon er det laurdag og eg skal på min fyrste shoppingtur på over 6 veker(!). Ja det er sant, eg har sjølvsagt handla mat, men slik er livet i distrikts-Noreg. Laaaaangt å køyre og stygge (stengde) vegar, gjer at det går ei stund mellom kvar gong. Men i morgon har eg planar om brukbutikk-handling og juleførebuing! Jippi! Gledar meg!!

Ynskjer alle super-kjekke bloggarar og andre der ute ei super-duper helg!!

tysdag, november 10, 2009


Titthei, her er eg...Ja, eg MÅ jo berre reagera når til og med mammo ringe for å høyra om eg er sjuk....Berre fordi eg ikkje har oppdatert bloggen på ei stund. Og neidå, eg har framleis ikkje fått svinegreiene...(kryssar fingrar for at me slepp det...). Håpar alle der ute slepp òg...



Det er jo berre sånn at innimellom hopar alt seg opp på ein gong. Alt skal skje samstundes, og eg som er så glad i å kosa meg, rekk ingenting!!

Difor måtte bileta i dag vera frå ei kosestund for nokre veker sidan, faktisk. Kjeksen er kjøpt på Matkulturfestival i Øvre Eidfjord og er frå Marit`s bakeri i Ålvik, trur eg... Dei var kjempegode og hadde biter av tørka plomme (!) inni, saman med sjokolade...mmmm...Eg kan jo sitte her å drøyme litt.

Då drøymer eg sjølvsagt òg om dagen i morgo då eg har fri! Sjølv om fridagen ikkje direkte er via til sjokoladekjeks med tørka plomme...så skal eg nok rekka ein stor og god kopp kaffi, kanskje to til og med. Gledar meg!

Eg har faktisk ommøblert bittelitt òg...Kjem snart att.

laurdag, oktober 31, 2009






Som de ser så vart det brått ei endring her...hihi...sat å kikka litt på bloggar rundtomkring, og vips der kom Den gode feen med nok eit tips! No vart det stooore bilete på bloggen min òg...

Det som gjenstår no er å klare å ta fiiine bilete...

Desse koppane synes eg er nydelege, fekk dei av mamma, som hadde fått dei av si mamma...dei skal brukast!

Skulle ynskje eg klarte å takka alle dei knallkjekke bloggarane som kjem med så supre kommentarar til meg!! Men tida strekk ikkje til...Men eg takkar og bukkar her og no! Og ang fargen på kjøkkenkommoden min... er den forresten ein heilt vanleg Quick-lakk boks kjøpt i min nærbutikk...

Ha ein super laurdagskveld!!

onsdag, oktober 28, 2009

Den gule bølja...

Ja, det er ikkje vanskeleg å sjå den vesle kommoden min no! Etter inspirasjon frå diverse interørblad og kjekke bloggar der ute (bl.a Den gode feen, og Bodil Bo) har eg kasta meg på den gule bølja. Synes det vart litt kult, på ein sær og tøff måte... var akkurat det som mangla her no.


Har lenge hatt ein plan om å male kommoden på kjøkkenet, den vart kjøpt på Fretex for ei god stund sidan. Eg har berre skura og vaska den, men hatt eit stille ønske om ein litt sprek farge. Gjekk lenge å lurte på rosa, lilla, til og med burgunder...Men no vart den altså gul (signalgul, på boks)!



Og om eg angrar meg så finnes det alltids ein sprayboks der ute...hihi. Superenkelt å berre spraye møblane. Denne har berre fått eitt strøk, men eg likar at den ikkje ser heilt perfekt ut. Og som de ser så har den ein "bulk" i sida, den viser godt frå stova...men eg synes ikkje det gjer noko...
Ha ein fin fin dag der ute!! Og tusen takk for supre kommentarar ang møbleringa mi!! Knallkjekt at det er fleire som meg der ute!!
PS bilete på forrige innlegg har eg stjelt frå eksempelbilder...(av alle ting) så det var ikkje mitt verk...
No er det kaffi og kos (og kanskje litt jobbing) !

Ein liten test...

...på om bileta vert større...

måndag, oktober 26, 2009


Ville berre visa bileta frå helgas ommøblering. Det store skapet stod på motsatt vegg, der som korgbenken står no og spisebordet var snudd andre vegen. Ikkje den heilt store omveltinga, men eg synes alltid det er befriande når eg endeleg har kome på ein "ny" måte og snu om på. Det er så kjekt å stå opp om morgonen når noko er "nytt". Kjekkare å tenne ljos, drikke kaffi og kort sagt alt!


Ja det er ikkje mykje som skal til for å løfte humøret nokre hakk opp. Benken som de ser er flytta frå gangen og inn her. Kven treng kjøpe nye møblar? Nei me berre brukar dei me har på ein litt ny måte...reknar med det er mange som er som meg der ute??
Som de veit så stilte me klokka i helga og etter ein riktig morgonfrisk start i dag kl. 05.10...av vetla dokkemor, så er det ikkje lenge til eg må i seng. Dette er kanskje starten på ein ny epoke?? Med så utruleg tidlege morgonar at eg rekk lage middag FØR eg går på jobb?? HA ha...hadde vore kjekt å vore så effektiv... Men i dag hadde me iallefall ein koseleg start med å ligge leeenge vakne før meg stod opp, for så å ete leeeenge frokost, for så nesten å sovne att før me kom oss ut døra.:)
Men det er herleg med litt lysare morgonar! Og eg er ikkje så lei meg for denne mørke fine kvelden heller...kan tenne lys og kose oss!
Kjem att med bilete av maleprosjektet mitt...snart..

søndag, oktober 25, 2009





Ville berre nett visa at eg faktisk har hengt opp att skapdørene på kjøkkenet. Og nye knottar er på plass, glasknottar frå Indiska til ca 30 kr for fire...det var igrunnen det som avgjorde at eg bytte ut knottane eg hadde...
Og som de ser så er tavla på kjøkkendøra ivrig i bruk. For ein familie med frykteleg dårleg kortidsminne er det viktig å få skrive ned alt frå middagsmat til jobbavtalar...haha.
Helga har gått med til ommøblering i stova(eller sagt på ein anna måte: terapi for mor...hihi), 50-års dag hjå naboen (kjekt), litt jobbing og maling av kjøkkenmøblar. Kjem att med oppdaterte foto snart...tudelu!
:)





onsdag, oktober 21, 2009

Tavle til dokkemor..




Denne knallfine tavla kjøpte eg hjå Patina på evanger i haustferien. Den har fått stasplass på dokkemor sitt rom. Ho er så oppteken av tal og bokstavar (kremt...skikkeleg liten smarting med andre ord...), men ho har det vel etter mora...haha...
Eg hugsar me hadde grøne slike tavler med gul skrift når me var små, men eg anar ikkje kor dei har teke vegen. Men synes uansett desse svarte er hakket finare...
Skal friske den opp med eit strøk tavlemaling (berre på midten) når tida strekk til. Akkurat no ligg ein haug med klede og ventar på meg...Ha ein fin kveld!


søndag, oktober 18, 2009

Litt juleførebuingar...

Dette vart resultatet av papir-inspirasjonen min. Eg har laga pakkelappar til jul! I år kjem det kanskje ein pippipp på ei pakke nær deg...hihi..


Når eg lagar pakkelappar må eg tenke at forma er enkel, sidan den skal klippast ganske mange gonger. Utolmodige meg synes to gonger er mykje (!), for å få EIN fugl. Fyrst teiknar eg forma for fri hand, så klipper eg den ut i litt stiv kartong, denne gongen brun (sidan det var det eg hadde...). Så klipper eg fuglen i det fine papiret og limer utanpå, vips ein pakkelapp med personleg vri...

No gjenstår berre pakkene. Og sjølvsagt papiret...trur eg leitar etter noko einsfarga papir i år...hmmm nokon som har sett noko fint??
Det kan jo hende at enkelte julesjeler der ute saknar litt julestemning på fuglane mine, men eg får jo julestemning berre med å tenke på jul medan eg lagar dei! Eg treng ikkje bestemte fargar eller mønster...dette vart uansett pakkelappane mine i år.
Eg har faktisk kjøpt mine fyrste julepakker i helga. Er superkry for at eg faktisk er igang! Tre pakker er på veg i posten, kjøpt på nett sjølvsagt...hihi. Og det vert nok fleire netthandlingar framover, eg leitar berre etter knallgode norske nettbutikkar. Tek gjerne imot tips...
Men no er det snart ei ny travel veke, ynskjer alle ein flott kommande måndag!






fredag, oktober 16, 2009





Det er ingen hemmeligheit at eg er glad i papir. Trur ikkje det er noko som kan inspirere meg meir enn fint papir. Og no finnes det så utruleg mykje flott å velje i, eg har faktisk problem med å velje...tippar eg ikkje er åleine??
To av desse herlege papira har kjøpt på Patina på Evanger (hjå storasysto mi..:)), det er Blafre-designe papir det grønne og brune. Det oransje og blå kjøpte eg på nettbutikken NettPynt for ei tid sidan...klarar ikkje gå forbi/el klikke forbi fint papir...
Men no er det helg! Kanskje eg klarar å lage noko kjekt med papiret i helga..?? Hmm..eg både gler meg og gruar meg til å bruke det opp...hihi
Ha ei super helg alle som klikkar innom!

torsdag, oktober 15, 2009

Kveld

Eit lite livstegn frå meg i kveld. Synes ikkje eg får tid til å oppdatere ofte nok, eller kikke innom alle dekan der ute i bloggverda... Men som kjendt så går alt opp og ned her i livet. Ihvertfall i rykk og napp, slik er det iallefall med meg.

Men eg kosar meg når eg får tid til å sjå gjennom bilete og styra litt med fotoapparatet, og ikkje minst blogge litt! I kveld har eg teke bilete av ein liten haust"pynt" på bordet. Eg eksperimenterte litt med kamera, og enda opp med to ulike ljosnyansar...spennande å leike seg litt!
Beinrestane er frå ein auksjon tidlegare i sommar, den største kongla kjem heilt frå sommarferien i Danmark, og dei andre konglene frå skogen rundt huset. Og sinkfatet har eg fått/el lånt av mammo....

I ettermiddag har eg og dokkemor rusla rundt i hagen, me har vore ein tur bort til nabohesten og snakka med fleire av nabodamene. Det er så kjekt å bu slik at alle kjenner alle...og husa har namn. For det har dei her hjå oss...Bente sitt hus, bestahuset, Thomashuset osv...det er sjølvsagt vetla dokkemor som har namn på husa, men kjekt er det iallefall.

Ynskjer alle som ein ein koseleg haustkveld.

laurdag, oktober 10, 2009

Vel førebudd til jul..

No var den vetle mini-husmor-ferien over for denne gong, både eg og jentene har hatt ein koseleg tur til mamma/bestemor. Men det er alltid godt å kome heimatt...Og bilete i dag er av ei dør...


Denne fine vetle døra høyrer til denne flotte kyrkja:

Synes ho var så staseleg og fin der den stod saman med julepynten på loppis forrige helg. Den er laga av metall, slik som gamle leikebilar er laga av. Ein lyfter av taket og set eit ljos inni, slik at det skal skinne ut dei fine raude vindauga...






Men på baksida er det ein artig detalj, nemleg eit trekk-opp-maskineri...den virkar ikkje no, men det hadde vore skikkeleg kjekt å høyra kva for ein song som kom ut av den! Det ser ut til at alt er der, men den manglar nok ei fjør...men kanskje nokon veit kor ein kan fiksar slike speledåsar?? Hadde vore koseleg med ein fin gammal julesong...


Eg tenkte eg skulle bruke kyrkja til julepynt, saman med krybba frå i fjor, kanskje? Og sjølv om eg synes den var fin, så har eg sett den ned i kjellaren saman med julepynten, så har eg noko å gleda meg til...hihi..
Her har laurdagen gått med til bl.a. henting av eldstemann som har vore på hytta nokre dagar med venner. Snø i fjellet, og mor på vinterføre utan piggdekk...hjelp! Men det gjekk bra, eg har jo vinterdekk...(men eg stolar ikkje heilt på dei enno...).
Og i kveld er familien samla under eitt tak...iallfall nokre timar...kjekt!
Ha ei fin laurdagskveld du òg!