tysdag, mars 18, 2008

Vårjakt i påskesola..

...eller var det påske i vårsola...? Samma kan det vera, det er iallefall veldig godt å kome seg ut når sola skin! Her hjå oss er me ekstra glade i sola no om våren, fordi me ligg i ein evig (kjennes slik iallefall) skuggedal heile vinteren. Sola reiser i oktober ein gong, så kjem ho ikkje att før i midten av februar... så du kan tru me kosar oss når den fyrst er her! Mor nyttar kvar ein sjanse ho har til å setje seg ut med ein kaffikopp, eller gå ein tur med vetlejenta (det blir helst både og...) Og ekstra kjekt er det no når eg kan nyte siste rest av permisjonen min...

Her nokre knips frå hagen, det spirer og gror.... Eg er vel ikkje så veldig oppfinnsam når det gjeld blomar og slikt, men eg nyt kvar ein knopp og kvar ei spire som kjem...trur den ovanfor vert slike fine gule prestekrageliknande blomar (hugsar sjølvsagt ikkje namnet...), dei brukar bløme fint til 17.mai...(skulle kanskje ordne litt i beda før eg tok bilete??pytt...)


Her er rosene byrja å spire...gler meg!
Ja, så var det den stakkars vetle pynten på trappa mi då...litt påskeliljer i nokre gamle potter (som passa) og eit par vinterrustne lykter, av dei få som har overlevd vinterstormane her omkring...



Og her skal eg sitje godt påkledd i sola og nyte ein stor kopp kaffi...bordet er modent for eit strøk maling og litt av kvart skulle vore fiksa på etter vinteren, men nett no kan me nyte sola! Har lova eldstejenta ein skitur litt seinare...og det gledar eg meg til!

Håpar det kjem nokre solstrålar til alle bloggdamer ute i verda òg! Ha ein fin dag! Klem

PS skal kome med oppskrifta på gulrotmuffinsane seinare...

2 kommentarer:

Ingrid sa...

Hei! SÅ fin blogg du har! Jeg har sette meg ned og se gjennom hele når jeg får tid.. :) Kjempefine vårbilder! Her ligger det snø.. så jeg bare venter på våren jeg også.
God påske!

Rosa sa...

Det såg herleg ut med ein god plass i sola! Me driv og opparbeidar uteplass, men foreløpig inviterer den ikkje til å drikke kaffi :)

Nyt vårsola!