tysdag, juli 08, 2008

Kaos hjå oss!

Ja, her råder det komplette kaos for tida! Synes eg skuldar ei lita forklaring etter forrige innlegg... Det har seg nemleg slik at me flytta inn i dette huset for 7 år sidan (trur eg...hmmm?) Og då skulle me pusse opp medan me budde her. Det gjekk som det måtte går, det vart lettvinte løysingar og maaange liter med maling for å dekke det aller meste (som blant anna var burgunder og gult....gulp).



Deriblant var tapeten som dekkar det meste av stova, den var tjukk som eit golvteppe, det gjekk iallefall 4 strøk før den var nokolunde... Men som de ser av bilete under så vart den ruglete og skikkeleg farleg å koma borti! Såg nesten ut som upussa mur...Den har til og med skifta farge (nyansar av kvitt) eit par gonger etter det. Men no var den i fargen "luft", som er ørlite vaniljeaktig..(ser veeeldig gulatig ut på bilete, som er teke i dårleg lys...). Men sidan eg skal legga nesten heilt kvitt golv i stova, så ville eg ha heilt kvite veggar! Og DÅ MÅTTE tapeten vekk! Som sagt så gjort! Men eigentleg ville mannen i huset at me berre skulle fjerne alle plater og alt, slik at me la nye plater og mala dei. Men eg meinte at det måtte no vera (billegare?) enklare å berre fjerna tapeten og så mala platene under...??
...jodå, det var ikkje såååå vanskeleg, men det tok litt tid...




Og slik ser det altså ut.... når tapeten var fjerna låg det eit lag med papir att...det måtte mora sjøl skrape vekk...(med god hjelp frå min snille gode mann!)
Og slik såg det ut under tapeten...det ser kanskje ut som me har mala stova?? Neidå, eg tru ikkje eg ville valgt desse fargane...(?) Men kanskje ikkje så ulikt trenden i dag rundt omkring i dei norske heimar??
Dette var berre ein liten stemningsrapport frå kaoset....men snart er det klart for maling! Jippi!...

Måtte nett slenga med eit av dei nyyydeleg markjordbæra me plukka på tur på søndag...fins ikkje noko betre enn markjordbær! Ha ein fin kveld vidare!

5 kommentarer:

Tea Kristin sa...

Nam nam - markjordbær!! :)

Så flink du er! Det er så fort gjort å ta lettvinte løsninger, som du sier!! Men nå bør det jo bli helt perfekt!! :D Ha en strålende dag!

Brit. (lille meg) sa...

Huff, ja, det ER mye arbeid med oppussing. Dere er flinke, og jeg er helt sikker på at resultatet blir perfekt til slutt.
Markjordbær er deilig. Vi sier villjordbær, men jeg vet at det egentlige navnet ikke er det...
Stå på, og lykke til med fortsettelsen av arbeidet dere holder på med!

Rosa sa...

me måtte òg gjera det litt lettvint ved innflytting - stova vår var nemleg og gul (perfekt for meg som ikkje kan fordra fargen, kanskje bortsett frå på ein og annan blom). Problemet er at her er det ikkje skikkelege plater under heller, berre huntonitt (ellerkvadenoheiter), så det er alt eller ingenting.

Det var ein aldri så liten digresjon. Flinke er de, og bra vert det til slutt!!

Blåbærpai sa...

Etter kaos vert det kos i "nya" stovo skal du sjå!
Flinke de er som står på i sommarvarmen!

Brit. (lille meg) sa...

Hei! Nå må du ta en liten pause i arbeidet, og gå inn og hente en award som ligger og venter på deg hos meg.
God helg!