tysdag, juli 01, 2008

Oslotur...

Eg brukar ikkje være så veldig åpen om alt her på bloggen min, det er liksom nokre ting i livet som ikkje kan delast via ein PC, synes eg. Det vert litt rart... Men me i bloggverda har jo så mange slags liv, og alle har nok sitt å stri med innimellom alle dei fine bileta og draumen om det gode liv i sakte fart.... (?)

Eg gjer eit unntak no. Eg skreiv i forrige innlegg at me hadde vore til Oslo, og for oss inneber det alltid eit opphald på Rikshospitalet. Det har seg slik her hjå oss at eldstejenta vår har ein svært alvorleg autoimmun sjukdom, og me reiser til sjukehus mange gonger i året for innlegging og behandling. Ein Oslotur er ikkje ferie...Med mange tårer og mykje motgang har eldstejenta vår fått erfara livet på sitt verste...

Men midt oppi alt så er me så utruleg heldige å ha ei tante i Oslo! Og når me får bu hjå dei lysnar alt opp og me får "feriekjensler" sjølv om me er innom på sjukehuset! Dette betyr utruleg mykje for jenta vår! Så no når me hadde ei innkalling til sjukehuset, så nytta me anledninga til å vera nokre dagar ekstra hjå tanto, onkelen og vetla søskenbarnet....Som er ein perfekt leikekamerat til vetlajento her i huset! Me hadde nokre herlege dagar med masse leik, kos og sjølvsagt shopping!! Tusen takk for opphaldet!!
Her sit dei små tuttene og kosar seg i sanden....Og som ei avveksling måtte dei sitja fint i vogna når me litt større kikka rundt på Bærums verk ....Ein veldig koseleg stad med mykje fint!

Og nesten det beste av alt var at min kjære mann gladleg mala heile kontoret medan me var vekke!! Så slapp me tenkje på malinglukt og rot... og alt var fiks ferdig til innflytting (og rydding) då me kom heim! Eg kunne pynta med nyplukka roser....Heilt utruleg kor mykje større og luftigare rommet verkar med golvet grått...
...og alle bøkene måtte på plass att... Men etter opprydding i hyllene kunne eg stolt setje inn berre to av tre hyller! Så no får eldstejenta ei ny hylle til sitt rom! Og sjølvsagt måtte vetlaknøttet ha seg ein liten leikekrok her inne....



Det var alt for denne gong...men me har masse på gang...i skrivande stund er min veldig kjekke mann på veg heim frå IKEA! Han har kjøpt nytt golv til stova!! Hurra!!

Ha ein fin fin kveld!

9 kommentarer:

Anonym sa...

Guriland! Her er det stadig endringar ja! Me må ta oss ein sommartur på besøk:)
Godt alt var godt denna gongen og..
Kjempeklem!
Vetlasysto..

Prinsesse Elin sa...

Oisann! Det der høres ikke noe greit ut. Har selv ei prinsesse med astma, straksallergi og vanlig allergi. Hun er avhengig av å ha med seg sprøyte med adrenalin om hun skulle få i seg eller plutselig begynne å reagere på noe. Vi har også vært mye på sykehus så her føler jeg veldig med deg.
Godt at dere kan kose dere litt når dere føtst må ta turen dit. Ønsker dere masse lykke til og ha en fin fin onsdag:O)

Rosa sa...

Hei, no var det kjekt med innlegg hjå deg - hurra!

Det må vere utruleg tung når dei små er så mykje og alvorleg sjuke, heldigvis har me (bank i bordet) vore forskåna for det. Men så er det jo veldig godt når det vonde kan blandast med litt godt, som tantebesøk og shopping! Og når mannen i tillegg jobbar på i heimen, .... Godt å komma heim til ferdigmalt golv tenkjer eg - og sikkert godt med nytt i stova òg. HÅpar me får sjå bilder når det er på plass :)

Ha ein god veke vidare med dine!

mali-mo sa...

Huff, det hørtes ikke godt ut. Stakkars flinke jenten din, jammen godt hun har en mamma og en tante som sper på med gode og positive inntrykk og opplevelser.

Kan ikke være greit å være liten og være syk. Lillemalien vår er heldigvis frisk, men jeg har en bror som var livstruende syk da han var barn og måtte være mye på sykehus. Selv om det var han som var syk og had de det vondt preget det jammen min oppvekst også, så gi alle småtrollene en klem fra meg, både syk og frisk ;)

Gulvet ble flott! Her er det en¨å på det usikre når (for ikke å si om) vi faktisk blir eiere av huset, så all opppussing er satt litt på vent ;/

Blåbærpai sa...

For eit rørandes og ærleg innlegg! Det må vera frykteleg vanskelg for heile familien!
So flott at de gjer desse alvorlege osloturene eit snev av ferie og positive opplevingar i tillegg til alt det balne!
Eg plar ikkje dele ut på klemmer i bloggland men eg tykkjer at det er på sin plass her og du får herved ein stor klem!
Håpar du gav snille flinke målarmannen din ein klem då du kom heim til ferdig måla kontor! Lekkert vart det! oG for ei ryddig og systematisk hylle*misunneleg*
Det søte bilete av leikekroken òg!

Venter spent på innlegg frå fleire prosjekt i NORALILL huset!
Ynskjer deg og dine ein fin fredag og god helg!

Blåbærpai sa...

Gløymde å kommentere kor flott golvet vart! Den fargen kunne eg godt tenkt meg i trappeoppgangen vår!

Nunne sa...

Så utrolig vondt å måtte inn på Riksen igjen og igjen... det er alltid sånn at man ønsker ungene skal være friske og ønsker man kunne få feile litt sjøl istedet for dem...
Men godt TANTE er der! Alltid godt med ei tante!
Tenk så snill mann du har! Ikke alle som gjør sånt mens kona er vekk, de vil som regel ha litt hjelp, heller...
Husk å skryte av han, da!Det ble jo så fint!
God helg til dere!

Anonym sa...

Me vil takka fø besøk og er glad for at me kan gjera dagane her østpå litt lettare. Da er kjempe kjekt med besøk av deko og de er veldig velkomne når som helst..

Brit. (lille meg) sa...

God kveld i stua! Skal si at her har det kommet mye nytt siden jeg var innom sist!
Det var vondt å høre om dattera di som har slike plager.
Og jeg er enig med deg, det er ikke alt en har lyst til å dele med sine bloggvenner heller. Men når det var greit for hovedpersonen selv, er det fint at du tok det med. Ønsker god bedring til jenta.....
Så ser jeg at du/dere er flink til å pusse opp. Jo, det er mye arbeid, men tenk så godt når det er gjort! Og for en tilfredsstillelse!
Tusen takk for hyggelig hilsen til meg!
Ønker deg en god uke!