søndag, juli 19, 2009

Heime igjen...

Jammen er det godt å reise litt! Men jammen er det godt å kome heimatt òg... Etter vel ei veke i Danmark trur eg alle var godt fornøgde med ferieturen i år.

Me leigde eit stort hus utanfor Ebeltoft, med plass til alle 23 av oss. Rett nok måtte nokon av oss sova i eit tilhøyrande anneks, men det gjekk heilt fint. Fyrste dagen var det regn og litt kaldt, men utover veka vart det varmare og varmare...
Å reise så mange i lag er ikkje berre enkelt, men i år som dei andre åra har dei enkelte familiane "frie tøylar" heile dagen, me treng ikkje vera saman heile tida. Men EIN felles middag synes me er kjekt, og i år vart det grilling...

Når 6 av ungane var 3 år eller mindre, og 6 var 13 år eller meir (opp til 19 faktisk...) og ein 10 år, så seier det seg sjølv at det ikkje er lett å finne felles aktivitetar...

Men bading med storebror, det går heilt fint!

....medan mor ligg på stranda og solar seg....sukk, livet er herleg...hihi
Nydelege blomar som veks i Danmark...eg anar ikkje kva dei heiter...
No er det utpakking, førstehjelp på alle uteblomar, plenklypping og klesvask som står på programmet! Godt det er sundag!
Ha ein fin dag!!

14 kommentarer:

mi-rachel sa...

hørtes ut som en kjekk tur.
og fine bilder som alltid:)

Torill sa...

Eg må verkeleg seie eg er imponert over dokke som tek ferien turen ilag med 23 stk. Det er ikkje berre enkelt å feriere fleire familiar ilag, ser ut som dokke kom heim i god behold :-) Hørt masse fint om Ebeltoft, og desse bileta forsterkar inntrykket. Ser ut som dokke var heldige med været og, det har mykje å seie når ein skal feriere i Danmark.

Tove sa...

Så ut som en veldig koslig ferie:) Og det med aldersforskjell og aktiviteter... vi har en femåring og en trettenåring, så det vet vi alt om.. :)

klem

Patina-H sa...

Velkomen heim ! Ser ut som de har hatt ei fin veke :) Danmark er toppen ! Fortsatt god sommar ! :)

Jannicke sa...

Danmark r kjekt for store og små.
Flotte feriebilder ;o)

LIVS LYST sa...

Oioi... dette så godt ut!

Hilsen Liv

Vibeke sa...

Hørtes og så ut som en herlig ferie,
fortsatt god sommer til deg!:)

Vibeke

mali-mo sa...

så ut som en kjekke ferie...fint sted og fint vær ! 23 stykker ilag, hehe, tenker det var livat, og sikkert knallkjekt for ungene spesielt da;) Bare familie alt?

Her er vi hjemme i regnværet og setter opp lister i nyestuen. Knallvanskelig siden 45 graders vinkel er ubrukelig i gamle skjeiv ehus ;)

Blir snart ferietur fo ross også, selv om vi holde ross i Norge i år grunnet magen ;) og vi var jo i Hellas i mai...så utferdstrangen lar seg dempe ;) Litt sol nå, så hadde sommeren vært perfekt!

IfraLahell sa...

Så ut som en flott ferie og deilige bilder. Reisefølge på 23 høres sprekt ut! Ha en god kveld videre!

:)Ifralahell

Haust sa...

Nydelege feriebilete! Høyrest ut som de har hatt ein skikkeleg drøymeferie!

Stina sa...

Vad mysigt.:-)

Rosa sa...

mmm, det såg nydeleg ut!

23 stk på ferie ilag er vel både kosleg og slitsamt, vil eg tru. Me er på ferie 9 stk ilag no, og det er igrunn heilt nok ;)

Lukke til med utpakking og klesvask, og nyt å vere heime i eiga stove igjen!

Stoltzen2012 sa...

Vi var jamen meg i Ebeltoft vi også! Vi var der i slutten av juni..nydelig vær og en nydelig by! Vi har vært der før, og ble helt forelsket i det stedet.. Vi var heldige med været også..var der i 2 uker mellom to regnværsperioder, men det var bare sol og varme når vi var der..herlig! :o)

fru Dyregod sa...

Det høres veldig koselig ut med storfamilie-ferie, men jeg forstår at det har sine utfordringer også. Ebeltoft er kjempekoselig! Husker vi var på en nydelig liten fiskeresturant der en gang. Og stranda er også flott.