søndag, mai 30, 2010

Sol ute, sol inne...





Hagen vår er eit lite villniss...det er meir løvetann enn hageblomar akkurat no. Men det er jo blomar det òg..

Sjølv om me tok ei økt i hagen etter at dette bilete var teke, ser det faktisk ikkje så mykje betre ut..hihi. Men no kjennes det at det nærmar seg sommar! Sjølv om det er knallfint å sitte på uteplassen under tak og høyre regnet tromme...er det aller best når me kan sitje der UTAN å fryse! Og i dag skein sola frå nesten blå himmel her hjå oss...


Men me ventar storfint besøk på onsdag...hihi (skal fortelje meir om det seinare), men difor har eg og mannen i huset ein del prosjekt som berre MÅ fiksast, sjølv om sola skin...(fremst på bilete eit stakkars forsøk på frø-planting...). Me har svinga målarkosten i dag òg, rydda og ordna litt før me fekk ut og nyte dagen!


Kirsebærblomen er snart på hell...og no er det epleblomen som står for tur. Nyydeleg...

Håpar du fekk ein fin sundag du òg!
Klem

6 kommentarer:

Tulip sa...

Så flott uteplass dere har!
Ønsker meg overbygd del over uteplassen jeg også!

Koselig blogg forresten, nå har jeg vært innom her lenge og har kosa meg ordentlig!

SNILLPIKE♥ sa...

Deilig med uteplass som kan nytes fordi om det regner. Vi er snart der vi òg, mangler bare tak på ute-stuen nå. Skal bestille takstoler i morgen. Blir deilig å få den ferdig.

Ønsker deg en flott uke.

Millas hem sa...

Jättefina bilder du visar! Så mycket sommar!!!

Kram Camilla

Haust sa...

Så herleg å ha eit tak å sitje under i hagen! Ellers er det godt å høyre at det er fleire som har løvetann i villnisshagen sin. ;)

Ha ei god veke!

Rosa sa...

ein uteplass under tak ynskjer eg meg òg.
Høyrest ut som det er spennande besøk de ventar, med slike søndagsprosjekt?

God kveld!

Yvonne - Frl. Klein sa...

Such a beautiful summer pictures!
Have a nice day,
Yvonne