søndag, februar 20, 2011

Eit lite tips...


Eg er ikkje god til å strikke, ikkje har eg orka lære meg det skikkeleg heller...
Eg kan endeleg strikke rett fram, men andre ting er litt gresk for meg.
Difor er dagens tips heilt genialt!
Eg er sikkert ikkje den einaste i bloggverda som har kome på dette altså...men men...

Ta ein gamal strikkegenser (som kanskje uheldigvis er kome saman med 60 grades klær i vaskemaskina...hmmm), finn nokre gamle syltetøyglas, klipp opp armane i passelege bitar...
tre dei på glasa, putt lys i valfri storleik oppi.

Vips, akkurat som i alle interiørblad no...
Strikking er hot..

Og endå kjekkare er det når me får det til UTAN å strikke..
(kunne sjølvsagt hekla trekk òg...)

 Eg synes dei vart fine, eg...

Eg sette oppi kubbelys frå Nille, kan ha te-lys i om ein vil...

Eg er såå glad når eg kan bruke ting omatt, på ein ny måte...

Og historia til denne genseren var eigentleg ganske trist. Det var eit uhell at den vart vaska for varmt, bestegensaren min! Eg tenkte eg skulle sy ei pute av den...men det tar så lang tid...(å finne fram symaskina..hihi).

Eg har ikkje festa gensaren på noko måte, kunne kanskje limt den på, men den heng fint.

Hjå oss er eldsteguten sendt avgarde att etter eit hyggjeleg besøk i heimen, og i morgo er det kvardag igjen.

Ha ein god start på veka!
Klem

13 kommentarer:

KROnPRINSESSENE sa...

FANTASTISK!
Så kjekk idè... takk for at du deler.
Og godt å høre at ikke alle er like gode til å strikke hi, hi.
Jammen meg skal jeg sette i gang med dette jeg også ;)
Og finner jeg ikke rette genseren, ja så er heldigvis ikke Fretex langt unna!
Klem

Fru Fjeldhammer sa...

kjempekult!

Tullefrans sa...

Så morsomt tips! Jeg har nok en genser innerst i skapet som har sett sine beste dager allerede. Jeg kan nemlig heller ikke skryte på meg å være en strikker av rang.

missM sa...

Så kult, takk for knall tips :D Jeg kan heller ikke stirikke og dette var jo genialt og flott!

Piulfen sa...

Det var jo super smart for oss som ikke strikker. Du er så flink og kreativ.

Line Katrin Moe sa...

Kjempegod ide. Blei veldig fint:)Og eg er så enig i dette med gjenbruk. God dag til deg!

NIB sa...

Å, dån - det var kult! Herlig!!

Ann Helen

Emma sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
manouche sa...

it's very nice and it's a very good idea!

et kjært hjem sa...

Takk for en utrolig god idè! Har akkurat strikket meg en pute for første gang siden barneskolen...ikke veldig fin. Så dette var virkelig et tips for meg ;) Ha en fin kveld ;)

marian sa...

Syns idèen din var kjempefin! Er ein kreativ i hovudet sitt er det ganske mykje ein kan få til utan å vera "fingernem". Likte veldig godt det fyrste bilde - litt av den blå, søte heklebrikka og den blå, fine puta i bakgrunnen. Snop, spør du meg!

marian

Anonym sa...

og så fint som det blir!!!

Inger Johanne sa...

Flott ide! Og godt og varmt for lyset;-) Kan godt hende at eg må kopiere denne ideen!

Klem til deg