fredag, januar 20, 2012

Fredrik A Kayser

For leenge sidan hadde eg eit innlegg om eit Fretex-funn av ein stol, eg gjorde for mange år sidan.
Eg klarar desverre ikkje å finne innlegget...
(har leita og leita...)

Men poenget var at det var ein observant lesar på bloggen som la att ein kommentar, om at stolen min likna på ein design-stol...frå ein eller anna...
Eg er SÅ lei meg for at eg ikkje finn den bloggare!
(Gje ein lyd om det var deg!)

Etter det, har eg lurt litt på kvar stolen min kjem frå.
Hadde bloggaren rett?


Så såg eg brått på TV ein kveld nokre få klipp av eit eller anna program...
Raske bilete flimra forbi på skjermen...
Og eitt av dei var av stolen min!!

No bloggar eg frå ei anna maskin og mått difor grava for å finne eit lite bilete av stolen...
Men eg er altså eigaren av ein god gammal norsk designklassikar, laga av den norske designaren Fredrik A Kayser!
For 80,- på Fretex...
No er eg jo veldig klar over at alle møblar blir laga og designa av ein eller annan,
men eg synes det er veldig kjekt å eige ein møbel av denne designaren. Han har teikna masse fine møblar på 50-60 talet, og er for lengst innskriven i norsk design-historie.
Kjekt!
Bilete av den svarte stolen er funne her
 Bilete av sofaen er funne her

Må takke veldig for fine ord på bloggen den siste "tørke-tida"!!
Alltid kjekt å veta at nokon finnes der ute...
Riktig god laurdag til deg!!





8 kommentarer:

Fine Friminutt sa...

Så utrolig gøy å finne historien til et møbel man har! Veldig fin stol og ekstra gøy når man vet "hvor den kommer fra":-) Fretex er gull. Ha en fin lørdag! Klem fra Elin

loppelilla sa...

Ja...artig!!..det måtte jo vera noko med den fiiiine stolen som eg alltid har misunt deg:))...heldig med den:))
I dag snøar me inne..nydeleg ute:)
Klem og helsa:)

Fru Fjeldhammer sa...

Kult! Stolen er kjempekul..
Ha en fin helg!
klem

linn sa...

stilig! kjekt med slike kupp! :)

ønsker deg fortsatt fine helgedagar

-klem

Min lille interiør og hverdags dagbok sa...

Sikkelig kul stol, love it ☺
flott blogg du har, gleder meg til å følge deg videre ☺
-Beate-

Anonym sa...

Heldige deg. Den stolen der er utrolig tøff.
Klæm fra me

Anonym sa...

stolen er fin ja UANSETT!! men klart det er gøy med en klassiker!!

marian sa...

Stor stas at stolen din er ein kayser- stol. Trur kanskje det var eg som la igjen ein kommentar hos deg...(du var liksom ein av dei bloggane eg kikka oftast innom FØR eg begyntge å blogga og som eg oftast kikkar innom ETTER eg begynte å blogga), men kanskje det var før eg hadde fått min eigen blogg. Er fasinert av Fredrik Kayser sine ting. Eg gjekk nemleg ut og inn av hytta til han og familien hans på 60 og 70-talet...
Marian