Me er så heldige å ha eit lite kirsebærtre i hagen, som de jo veit. Og no var det tid for hausting! Mørke raude spregnmodne frukt hang freistande i treet...Eg berre elskar å plukke bær! Det er rekreasjon for både sinn og sjel.... Og når eg plukkar bær så senkar roen seg og eg får fred (ja berre prøv sjølv, det er sant!)
Men akk, eg har som sagt ei veeeldig aktiv trultemor her to steg bak.... og når mor hadde plukka spannet fullt og berre nett måtte snu seg vekk (inn å hente jakke) i mindre enn eit halvt minutt. Ja, så skjer dette:
Eg hadde sjølvsagt plassert spannet oppå ein mur i (trudde eg) god avstand til små bornehender...Men når eg kom ut att, stod den vetla trulto der og smilte over heile fjeset, med raud trutmunn og ein herleg latter! Ho hadde velta heile spannet og hadde hender og munn fulle av raude sure bær!...Ein kan jo ikkje verta sint heller....
For det er verkeleg freistande når ein ser på den fine fargen....
Når me fyrst snakkar om bær, så har eg vore så heldig å fått tak i 4 kasser jordbær i år! Jippi! Eg trudde nesten me måtte klare oss utan, for eg har høyrt det var sånn mangel på jordbær i år.... Men neidå, innimellom maling (og desperat rydding i ei kaotisk stova...), og ekstremvakthald på vetlatrulto....så har eg sylta alle jordbæra! Eg kokar aldri bæra, eg berre rører dei. Reinskar, deler i to og blandar i sukker og litt frysepulver, og rører i veg til sukkeret er oppløyst.
Mi oppskrift på ca 2 kg bær:
300g sukker
1/2 pose Certo frysepulver
Og her i huset får denne sylta verkeleg bein å gå på gjennom heile den kalde vinteren...

Kirsebæra (eller det som er att...hihi) ligg trygt i frysen, dei ventar eg med til eg har plukka litt andre bær òg. Så når eg har tid ein gong før jul brukar eg å lage saft...
Ja, ingen kan vel seie at eg ikkje er ei skikkeleg husmor!! Hihi..(synes eg høyrer latter ein stad...hmmmm)
Ha ein fin dag!










Den har ein fin gammal oppvaskkumme nedfelt i benkeplata... Men i hytta har me foreløpig ikkje vatn...men kanskje ein dag??







Her sit dei små tuttene og kosar seg i sanden....Og som ei avveksling måtte dei sitja fint i vogna når me litt større kikka rundt på Bærums verk ....Ein veldig koseleg stad med mykje fint!
Og nesten det beste av alt var at min kjære mann gladleg mala heile kontoret medan me var vekke!! Så slapp me tenkje på malinglukt og rot... og alt var fiks ferdig til innflytting (og rydding) då me kom heim! 











Og mor i huset har eit brennande ynskje om å bli sett òg (tydlegvis...) for når ho handlar paraplyar så er det ikkje akkurat dei mest praktiske fargane ho tek seg ut...Men men det kan jo hende at med denne nokon vil oppfatte meg som søt og morosam...? Verd eit forsøk er det iallefall....
Ja, de treng ikkje seie meir, det ser unekteleg ganske stusseleg ut! Men eg var jo tvungen å rydde unna bordet som dataèn stod på, og forsåvidt alt det andre der inne...For no skal golvet målast! Kanskje eg tek veggane og taket eit strøk til òg...Fargen på golvet vert lys grå (gråmynte) som me har i det andre soverommet og gangen oppe...(skal ikkje seie kva som er på dei to andre soveromma....men det liknar veldig på tre, og er det IKKJE! Huff...)
MÅ nett ta med eit bilete av ei aldeles nydeleg rose som eg akkurat har planta i hagen...(søren no gløymde eg namnet igjen....) Men det var ein gammal rosetype, men den passar dessverre ikkje godt å ta inn...men for ein dag og to stod den nydeleg i stova mi..! Ha ei fin veke alle! Og eg takkar kjempemasse for hyggjelege kommentarar! Eg kjem nok innom dekan alle i hop...(medan målinga tørkar...hihi)





