fredag, mars 07, 2008

Hei og hå!

No er eg her att...har vore bortreist ei lite veke, og då er det alltid kjekt å kome tilbake og sjå alle dei fine innlegga til alle andre i bloggverda! Det er mykje som skjer i livet vårt her for tida, og noko er veldig bale og noko er veldig bra! Så kanskje det var meininga det til slutt skulle bli ei slags utjamning...?? hmmm. Nei no må eg slutte å tulle... Men føler på mange måtar me er utruleg uheldige, men av og til føler eg meg veldig heldig likevel...(dette vart kryptisk...)

Men eg vil fokusere mest på det som er bra (iallefall her inne...) og det er at eg har fått ny jobb!! Heilt utan å søke eingong...(er det lov??) Ja fekk berre ein telefon, så var det gjort... så no startar eit litt merkeleg liv her i huset, for eg har fortsatt svangerskapspermisjon og vetlajento er berre 9 mnd(!!). Ja mor kvir seg skikkeleg samtidig som eg gler meg òg...(merkeleg?) Men eg startar ikkje før om ein mnd ca...og då er jo vetlajento vår 10 mnd...(som om det var ei trøyst...?). Eg som er skikkeleg hønemor (korleis skal dette gå??). Dei to eldste byrja ikkje i barnehagen før dei var tre år, og sjølv då berre halv plass...men livet tek merkelege svingar av og til...eg får vel berre stupe uti og prøve om det går bra....hjelp...

Frå det eine til det andre....Vil nett vise dei nye sofaputene mine òg....likar at dei er litt store (då treng eg ikkje så mange...). Og denne gongen har eg sydd dei slik at eg kan opne og ta av trekket slik at det vert lett å vaske...(eg brukar ikkje være så lur...)


Eg var i Bergen ein dag for to veker sidan, og då kjøpte eg min fyrste bukett med ranunklar...og dei står faktisk enno!! Nydelege blomar, i heilt nye IKEA-vasar...må nett vise dei òg...


Eit lite pust av vår....

Ha ein fin dag alle som kikkar innom til meg!

6 kommentarer:

Rosa sa...

Heldigvis veit me ikkje alltid kva som ligg rundt neste sving... Grattis med ny jobb! Og at du gruar deg for å sende vetlejenta i bhg skjønar eg godt - slik er det her òg, sjølv om det endå er nokre mnd fram i tid.

Og vasane frå IKEA var deilig lyse og lette - absolutt istand til å gje eit løfte om vår :)

God helg!

Blåbærpai sa...

Tusen takk for hyggeleg kommentar inne hjå meg!
Balanse i livet er viktig, sjøv om ein soklart skulle ynskt at det vert flest gode ting som hender og mest solskinsdagar.

So deilige, sjølvsydde puter.Flink du!
Synet av ranunklene i flott vase er nydelig!
God helg til deg og dine!

Ljuva ro sa...

Välkommen tillbaka! Vilka fina kuddar o vaser! Blommorna är alldeles underbara de med! Ha en trevlig helg!

Karin i Villa Grå sa...

Grattis till nya jobbet!

Livet blir verkligen inte alltid som man har tänkt sig - som tur är blir det ibland mycket bättre än man hoppades på! Så hoppas jag att det blir för dig och din familj nu när du kliver in i ett nytt kapitel och får en nystart.

Det ser mjukt och mysigt ut med de fina kuddarna i soffan. Jag kan riktigt se framför mig hur ni tävlar om vem som hinner sätta sig där först ;-)

Kram!

Karin

hjemme bra sa...

Gratulerer med jobben. Håper det går bra med vveslejenta....

Nydelige ranunkler!!!

Brit. (lille meg) sa...

Gratulerer med ny jobb!
Spennende!
De rakluene dine var nydelige.
Jeg har noen løker av den sorten, som jeg skal sette i jord når det blir vår. Jeg vant dem på en lynutlodning en gang....
Takk for hyggelig kommentar hos meg, og ha ei fin uke!