torsdag, mars 27, 2008

Litt vårstemning rundt huset vårt



Me er så heldig å bu tett på fin natur, og det manglar ikkje på fine motiv rundt huset. Og når sola blenkjer og det luktar vår då er det herleg å ta ein runde med kameraet!

Her i huset stressar me aldri så lite denne veka for til helga er det barnedåp hjå oss! Ja, eg veit me er litt trege, vetlajento er heile 9 1/2 mnd (!!) Og tida flyg avstad.... Men bedre seint enn aldri... Ja me har hatt nokre diskusjonar i heimen om dåp eller ikkje dåp...masse prinsipp er kasta på båten, og me gjer som me har gjort med dei andre to. Det vert jo enklare å konfirmera seg når dåpen liksom er gjort... og kjenner eg ungdommen rett så er konfirmasjon litt kjekt (masse kjekke gåver iallefall...ein må jo vera ærleg å berre innrømma det...). Så no står eg mildt sagt på hovudet med vasking og rydding og i morgo startar matlaginga. Det høyres fælt ut, men det er ikkje det, eg gledar meg til besøk av familien! Og håpar me kan få ein strålande dag, med masse god mat og kos! Eg driv å planlegg bordpynt og diverse anna smått...og det er jo berre kjekt, men eg har enno ikkje heilt funne ut korleis eg skal ha det...skal love å vise bilete seinare...

Tusen tusen takk for alle kommentarer! Eg kikkar innom dykk alle saman...Håpar de nyt våren! Det gjer eg, Klem

5 kommentarer:

Rosa sa...

Åh, deilig med slike vårbilder!

Lukke til med barnedåpen - det er aldri for seint ;)
Gler meg til å sjå bilder av lekker bordpynt!

Anonym sa...

Hei paa deg.Flotte bilder ifraa vaart vakre vestland!! Her og er det vaar og nydeleg idag. Kosar oss i denne flotte byen, gledar oss til sundag. klem fraa Praha

Blåbærpai sa...

Flotte bilder ja og masse lukke til med barnedåp i helga!
Det er sikkert meir avslappende å ha eit såpass "vakse" dåpsbarn! Tenkjer på kor nervepirrande det er når barnet er nesten ny i verda,gravidhormonene til mammo framleis suser rundt i kroppen.Ho mor har trykt seg inn i ein bunad som er altfor trang og som iallefall ikkje er rekna til amming. Barnet er alldeles uforutsigbart med tanke på når det vil ha mat og sove og slikt;-) Høge stressfaktorer med andre ord..
Faktisk så er det nok ideelt å vente så lenge dersom ein tenkjer over det! Ha ein minnerik dag på sundag!

Anonym sa...

Lukka til med dåpen!

Brit. (lille meg) sa...

Fine vårbilder fra deg.. Her har også snøen forsvunnet mye den siste tiden.Håper det ikke kommer mer snø nå, men man kan jo aldri vite det.
Jeg har fått masse kommentarer på gulrotmuffinsene. Egentlig er jo det urettferdig, for det er jo fra deg jeg fikk oppskriften. Men jeg har henvist til deg, og det er du som skal ha takken!
Ha en fin dag!