onsdag, mars 19, 2008

Meir påske...

Her har svigmor bidratt med litt farge i heime...takk!

Nei, ein kan seie kva ein vil, men å ha born med så stooor aldersforskjell som eg har, er neimen ikkje enkelt (burde kanskje tenkt på det litt før??) Eg har ein gut på 16 (snart 17), han vil berre vere med vennene sine og ligge i snøhole, stå på snowboard og gå (altfor) lange langrennsturar innover fjellet (akkurat når det passar han best sjølvsagt...). Dette skal sjølvsagt skje akkurat når jenta på 14 har bestemt seg for å enten stå slalom eller reise til ei veninne, og på samme tid så skal minstejenta også ha mat og sove slik ho pleier...
Men heldigvis så har borna mine samme pappa som jo er min kjære mann, og me må verkeleg stå på får å halde fylgje med dei, og ikkje minst få alt til å gå ihop (me reknar ikkje med at me er åleine med å ha det slik altså!?)! Me køyrer hit og dit og opp og ned...heile dagen! Ja det er utruleg, men ein vil jo at ungane skal få vera med på ting...og når dei attpåtil har så sunne interesser som skigåing og turar i frisk luft, ja då kan ikkje mor eller far seie nei....

Men når kvelden då senkar seg og alle er komne i hus etter ein travel (fri??)dag, så kan endeleg mor gjere litt små-pussling som ho likar så godt... Og etter eit bursdagsbesøk hjå den eldste syster mi i helga (hei på deg!), så vart eg inspirert av nokre fuglar ho hadde laga til påskepynt (ja eg såg dei nok...hihi)...måtte eg sjølvsagt heim og prøve sjølv...skulle gjerne hatt bilete av hennar fuglar, men det har eg ikkje dessverre, men her er nokre av mine:


Limte band mellom papir-laga...fyrst er fuglen klippt ut i papp, så limte eg litt finare papir utanpå, ser de at eg kosar meg?? kaffikopp og all ting...tjihi:
Så no heng dei så fint på kvistane (eg stjal?..uff og uff...) med gule fine blomar, som eg tok inn til forrige helg...



Dei blømte litt fortare enn eg trudde, men det passa jo akkurat...kjekt!

Dette vart jo ein fin erstattning for dei malte påskegga eg fortsatt venter på at jenta på 14 skulle male til meg...ho skal berre nett... (noko heilt anna fyrst...)
Ei fortsatt fin (og/eller travle) påske til alle de der ute! Takkar hjertligst for fine kommentarar! Prøver så godt eg kan inn på bloggane dykkar og kikke, men ikkje alltid eg har tid å legge igjen ein kommentar, men det kjem det kjem...

8 kommentarer:

Rosa sa...

Flotte fuglar vart det, og blomane på den stjålne buska gjorde susen i desse påsketider.

Det må vere litt av ei utfordring med så stor aldersskilnad, men akk så praktisk med eigen barnevakt ;)

God påske til deg og dine!

Anonym sa...

Hei og takk for sist!!
So kjekt at du fann litt inspirasjon hjå meg..., men det du trudde var påskepynten min var nok jolapynten min....står her enno den..ja ja, fortsatt god påske til dykk alle store og små søte. klem

Karin i Villa Grå sa...

Fina fåglar! Nästa år ska jag ha fåglar i påskriset, bestämde jag mig för nu, när jag såg dina!

Kan tänka mig att det blir en hel del åkande när du har barn som vill iväg på olika aktiviteter. Själv har jag fortfarande inget körkort, så i det här huset är det maken som tvingas köra... :-)

Glad påsk!

Kram, Karin

Brit. (lille meg) sa...

Så fint du har pyntet til påske!
Takk for hyggelig kommentar hos meg.
Sikkert spennende med barn med slik alderforskjell.
Mine naboer fra barndomsheimen min
hadde mange barn, og der var det nesten 20 års aldersforskjell på eldste og yngste barn.
Den yngte var født tante.Det hadde jeg vanskelig for å forstå. Trodde ikke det gikk an, husker jeg.
Ha en fortsatt god påske!:)

Blåbærpai sa...

Dei fuglane var nydelige! Eg er imponert over at du får tid innimellom ski gåing og køyring hit og dit!

God påske vidare!

MeyBiMe sa...

Utrolig flott blogg du har!!! Dette er første gangen jeg er innom deg...og her kommer jeg gjerne igjen!!!
Flotte stemningsbilder!!!
Ha en fin kveld :-)

MeyBiMe sa...

Glemte å si at fuglene dine var kjempe søte :-)

Tea Kristin sa...

Nydelige fugler Noralill! :) Ang. ugla jeg tenkte å trykke så var det som så ofte ellers du som var inspirasjonen til idéen! :) Synes den ugla du sydde var utrolig morsom!! :) :) Blir morsomt å komme i gang med min egen!! :) Ha en fortsatt fin påske!