torsdag, desember 18, 2008

Jolasong...

Kva er vel jula utan jolasongar?? Eg må seie eg er ein av dei som frå og med 1. desember kvart einaste år nynnar/syng nesten uavbrutt på ein av alle våre fine jolasongar...


Ja du kan lure på kven som orkar å bu med meg?? Du har rett om du gjetta ein tolmodig mann...hihi...Han spurde rett ut her ein tidleg morgon, midt inni "Mitt hjerte alltid vanker..." : Om det var slik at eg var blitt skikkeleg religiøs? Religiøs?? hmmm...kva skal eg seie...Me feirar jo jol og gler oss til det...Men eg veit ikkje om eg vil kalle meg sjølv religiøs....Men når eg tenkte gjennom saken så kunne det jo faktisk ha noko med tekstane på alle jolesongane eg syng om dagen..?? Eg måtte le litt... Han høyrer jo faktisk etter når eg syng då! Ha ha....

Eg var så heldig å finne eit slikt fint gamalt songhefte på jobb her ein dag...og det berre måtte bli med heim (på lån sjølvsagt...). På den måten fekk eg utvida reportoaret mitt litt denne jula...(det er jo ikkje alle jolasongane eg går rundt å kan utanat...hihi)
Ei hektisk veke er snart blitt til helg, og eg gler meg stort til jolafri! Mykje skal klaffe siste veka, diverse avslutningar og framføringar, gåveinnkjøp...handling av mat og ikkje minst at alle mine kjære (hybelguten) kjem trygt heim til jul! (Eg klarar visst ikkje bestemme meg for jul eller jol...?)
Ja ja eg håpar òg på litt dagsljos snart, slik at eg kan fotografere litt rundtomkring. Jula snik seg sakte men sikkert inn i krokane her òg... Men framleis er det mørkt når eg reiser og mørkt når eg kjem att...
Ha ei kjekk siste innspurt damer!!
Klem...

1 kommentar:

Hemmafruns hörna sa...

Ja, religiös är inte alltid en positiv kommentar att få, men jag TROR på det som julen handlar om och det vi sjunger i sångerna. Bara sjung på - och låt texterna få ett innehåll för dig!