tysdag, juli 28, 2009

Huset i hagen...

For nokre år sidan sette me opp ei hytte i hagen. Dette var mest med tanke på ungane som var blitt så store at dei trengde ein stad dei kunne vere i fred. Sidan me ikkje har verken stoore soverom eller kjellarstove, så var det kjekt å kunne samle vener til både overnatting og anna...


Må berre presisere at hytta er eit laaangtidsprosjekt, for den er ikkje heilt ferdig enno. Taket inne skal isolerast, og er difor ikkje malt enno. Me har planar om å legge inn strøm, men foreløpig klarar me oss med skøyteledning.
Hytta er mykje brukt av dei to eldste. Eldstejenta kan finne på å ligge der heilt åleine...Dei har tilogmed hatt gjester der ute midtvinters. Med då måtte me til med oljeovn, for det vart kaldt sjølv for hardbarka ungdommar.
Men no fant eg ut at eg ville ommøblere litt...Hytta skal vera fin sjølv om det er ungdommane og ikkje mammo som brukar den mest.

Den gamle senga brukte eldstejenta når ho var liten, og kan trekkast ut i breidda. Den stod på låven til mi bestemor, og der hadde den stått så lenge ho kunne huske... Eg er glad eg aldri fekk meg til å male den...

Me har ein gammal divan der inne, som står vidare langsmed veggen...kjekt med litt sengeplassar. Verdas beste sofa står òg her inne, på motsatt side...den måtte ut frå stova for nokre år sidan, men fungerar supert som ein tredje soveplass....

Radioen er ei kombinert vekkerklokke...Den er kjøpt på Bolina på Stabekk for fleire år sidan.

Stolen er eit funn frå ei bosfylling, og heklateppe har eg hekla sjølv...Spegelen fant eg på låven saman med senga...(hugsar ikkje heilt...kanskje eg har kjøpt den i ein brukthandel...hmmm).
Synes det er kjempekjekt å berre bruke ting ein har frå før. Gjenbruk er topp!

8 kommentarer:

Hyttehuset sa...

For ein artig idé! Kor stort er dette huset då? Og for ei sjarmerande seng. Eg synest du er så flink med alle detaljane.

Karen sa...

Kjempefint!
Av og til er det bra at vi vegrar oss på å male - senga var kjempefin!
Ha ein fin dag!

Anonym sa...

Så koselig med hytte i hagen. Flott med den gamle senga med det heklateppet, i så flotte farger.
Ha en fin dag.
Klæm

Bestemor Drillo sa...

Det var en fin løsning på plassproblemer! Den senga har vi nesten maken til, den er ei skuvseng som er over hundre år gammel. Ha en god dag videre!

Christine C sa...

Det ser veldig trivelig ut i hagehytta deres! Likte godt den gamle senga i all sin sjarmerende enkelhet :-) Ha en fortsatt fin julidag.

linn sa...

Eg er heilt enig, gjenbruk er heilt supert! Både økonomisk og miljøvennleg, og noko som eg syntes er ekstra kjekt; tinga har litt meir "sjel" då enn når dei er nye. Det er alltid spanande å høyre historia til eit møbel.

"Gjesterommet" var nydeleg :O)

*mandagsklem*

In my house sa...

ÅÅÅåååå såååå himla fint, snyggt... älskar mormors rutor


kram josse

Rosa sa...

Det var eit flott gjestehus, og det er så kjekt når ein kan bruke dei gamle tinga omatt! Me har rom nok, så når me bere får pussa opp det me har, då vert det bra :)