fredag, juni 04, 2010

2.etasje...





Det er ikkje mange som kjem seg til 2.etasje når dei besøker oss for fyrste gongen. Naturleg nok er ikkje det ein stad ein går utan at ein har eit ærend, sidan bad og toalett er nede...men eg har akkurat hatt besøk av to vilt fremmande, som eg straks inviterte opp til 2.etasje...hihi..

ja, eg synes det var rart, kanskje du òg? (Og nei, eg har ingen hemmeleg elskar...) Grunnen til besøket var ganske utruleg (iallefall for meg) at heimen vår er blitt behørleg fotografert! Det forklarar kanskje òg mitt fråvær frå bloggverda i det siste. For å førebu at nokon skal fotografera rundt omkring i huset, det er ikkje berre berre...


No gjekk det heile (nesten) smertefritt for seg, ein fotograf og ein journalist frå Rom 123 som begge var både hyggjelege og greie (verre var det kanskje med meg?) brukte heile dagen på dette oppdraget.

Eg som knapt er blitt intervjua i ei skuleavis skulle plutseleg seie noko om meg sjølv..hjelp...Eg er redd eg ikkje klarte å seie mykje klokt (huskar knapt nokonting..haha).


No får me berre vente å sjå korleis reportasjen vart. I mellomtida har eg invitert dekan alle ihop opp til 2.etasjen vår, som de ser i dag.


Her er det trangt, men me har 4 soverom og akkurat plass nok til det me treng.

Vetla dokkemor si seng, med nydeleg sengesett sydd berre til ho, innfelt ei gammal brodert bord laga av ei oldemor ho aldri har møtt. Eg synes det er stas...

Heklateppe laga eg før ho var født.


Som dei kjekke foreldre me er, har me teke det minste av romma til oss sjølve, men me treng igrunnen ikkje større plass..

Og utanfor huset byrjar spennande ting å skje. I går reiv me verandaen på framsida, den blir gjenbrukt i halv utgåve framfor hagehytta vår (me kan ikkje kaste ein fullt brukande veranda...).

Eg gler meg til fortsetjinga!

Men no i helga feirar me 3-årsdagen til vår aller beste go-klump!!
 Hipp hurra!!

14 kommentarer:

Anonym sa...

Så moro da - du må si fra i hvilken utgave du er med!:-)
Riktig god bursdags - helg til deg og dine,
klem Hege.

Jannicke sa...

Gleder meg til reportasjen ;o) Du får tipse når du er med i bladet!

Lykke til med bursdagsfeiring! Stor jente nå!

Klem J.

Haust sa...

Ååå, så kjekt! Gler meg til å sjå reportasjen!!! :)

Den gode feen sa...

Så utruleg fantastisk kjekt. Eg måtte le når eg las dette. Ikkje sant det er grusomt? Eg syns liksom alt eg seier er ultrateit, og eg har nå vel aldri blitt intervjua til ei skuleavis ein gong ;)

Eg visste at min artikkel kom på trykk i dag. Dei skrivne ord har eg lese korrektur på (ikkje bildetekstane), men bileta ante eg ikkje korleis såg ut. Skrekk og gru. I går hadde eg angst omtrent, så forferdeleg grua eg meg. Men nå er det over, tilbakemeldingane heldigvis gode. Men eg er sikker på ein ting: Aldri meir. Det er ikkje kjekt for resten av familien når dei må gå på tå hev for at ikkje sofaen skal bli skitten osv osv. Nei, takke meg til å blogge ein ryddig krok når det passar seg slik :)

Skamgler meg til å lese reportasjen frå heimen dåkas. Er sikker på at det vert ein kanonbra sådan. Bildene her er iallefall knallfine. God helg!! Stor klem frå Linda

Hyttehuset sa...

Ooiii, eg gler meg storleg til å lese reportasjen og få sjå fleire bilete frå heimen din som er synest er knallspennande. Og så er det spesielt kjekt å lese om bloggarar som eg har kjennskap til frå før.

Ha ei god helg heile familien.

Anonym sa...

Så kjekt da! Gleder meg til å se resultatet:)

victoria (huset i byen) sa...

Åååå så gøy, det gleder jeg meg til å lese når det kommer.... Blir sikkert kjempe flott, og flotte bilder du viser i dag.... Og masse gratulerer til lille gull....
klem victoria

Fru Rosas Hjem sa...

wow så gøy å få være med i en reportasje fra rom 123:))

Fant deg inne på en annens blogg og sååå glad for at jeg tok turen innom;)))

Skal bli spennende å se bladet:))
g;)

Legger meg til som følger også jeg;))

masse hilsner fra AnnElin

Sanne sa...

nydelig blogg. ha en fin bursdag ;)

Patina-H sa...

Sooo spennande og kjekt med reportasje :) Den gledar eg meg til å lesa. Alltid like fine bilder hjå deg, og veldig kjekt å få ein liten kikk av andre etasje. Ynskjer dykk ei riktig god bursdagshelg :)

mi-rachel sa...

så spennende å se oppe hos deg.
blir kjekt å se repotasjen.

Vibeke sa...

så GØY!!! jeg digger jo stilen din så dette var stas, gleder meg til å se reportasjen :)

klem

☆Therese sa...

Å så spennende!! Gleder meg til å "få se" - gi oss et hint om hvilken utgave reportasjen kommer i da :O)

Fortsatt gooood helg!
klem

Inger Johanne sa...

Så spennande med reportasje!! Tenker meg at eg òg hadde stressa ein smule før fotografering..;-)

Gje beskjed når bladet kjem ut, du! Gler meg!

Klem