måndag, april 28, 2008

Hekling og hørselvern...

"Men har du tid til å hekle no då??" - det er eit standardspørsmål når eg viser kva eg har hekla... nei, eller jo eg har tid. Det er som systra mi sa til meg for ei stund sidan, når eg sa at eg ikkje hadde tid til å hekle: "Men du har vel tid til å sjå fjernsyn??" - jo det har eg vel, iallefall litt...Løysinga er då at eg heklar når eg ser fjernsyn...(genialt!)
Det er ikkje berre det at eg på den måten får tid til å hekle, eg slepp dermed SJÅ på fjernsyn...eg må nemleg sjå NED på det eg heklar...(litt dumt...hihi..) men eg HØYRER jo fjernsynet, og det kan ofte vera nok....(tjihi). De forstår det at eg gjekk litt lei av å hekle bestemorruter (sjå eldgamle blogginnlegg...), har hekla dei ganske mykje! Så no var eg inn på DROPS.no og fant ei oppskrift på nokre frykteleg vanskelege, men akk så fine lappar... eg har skrive ut mønsteret og sit dermed med nasa nedi det medan eg heklar...(og rekk oppatt og oppatt....) Men no har eg hekla nokre lappar og snart så skal de sjå eg klarar meg utan mønster....(det gler eg meg til) men eg har hjerne som ei teflonpanne for tida, så det kan ta litt tid....

Synes iallefall dei vart ganske fine, men veldig tradisjonelle i fargane då...men men ein kan ikkje alltid vera så grusomt moderne... Garnet eg brukar er dobbelt alpakka-garn, så det er veldig mjukt og fint....


Måtte nett visa hørselverna til vetlajento....dei er no søte òg...(litt reklame for Felleskjøpet toler me...)


Ha ei strålande veke alle saman og tusen takk for alle kjekke kommentarar!!

Klem

tysdag, april 22, 2008

Ja eg er her...

Eg er her enno, og faktisk så har eg overlevd jobbstart!! Jippi!!

Mykje skjer for tida og eg rekk ikkje tenke over at dagane fyk avstad. I helga var det bursdagfeiring på eldstemann (17 år!!), ja det er heilt utruleg å ha så store born. Samtidig var det NM i volleyball, der eldstemann er med å spelar. Så innimellom kakebaking og besøk, så har me heia og ropt laget fram til ein god plassering! Men ettersom me ikkje brukar å heie og rope så mykje heime, så vart jo vetlejenta lettare vettskremt då ho sat på tribunen og voksne (ganske høgrøsta menn) ropa for full hals...så mor måtte tenke fort...midt under kampen, tok eg ei temmeleg tårevåt vetlajente under armen og inn i bilen...Felleskjøpet neste...der hadde dei hørselsvern i barnestorleik!! knall rosa til og med! Så kunne ALLE nyte kampane...etter dette sovna ho til og med under eine kampen...hihi (ein skal jo tenke på alt...)


På jobben går eg framleis rundt og ikkje heilt finn fram og ikkje heilt veit kvar eg høyrer til. Men men, eg tek ein dag om gongen og eg må berre gjere så godt eg kan....men foreløpig trives eg godt.

Og vetlajento har det heilt supert heime med pappen sin! ...ho kjem ikkje springande når eg kjem heim utpå ettermiddagen ein gong...(det er jo litt trist, men mest for meg....). Eldstejenta trives òg med ein pappa heime, no får ho middag når ho kjem frå skulen, og stort sett alltid er det noko ho likar (far og dotter er svært samstemte i matvegen)...Ikkje som når eg er heime og har tusen ting eg må gjera fyrst (og kanskje vente til sola går ned før middag..? Forstår ikkje kvifor me MÅ eta når det er fint vær...??)Ikkje alle er einig med meg der...

Men takk og lov for fridagane mine!!! I dag er ein slik dag, og no skin sola og det er nydeleg ute! Denne dagen skal nytast i fulle drag! Håpar så mange av dykk som mogeleg har samme sjanse i dag!! Ha ein strålande dag uansett!!!

Klem

PS bileta i dag er henta frå den inspirerande nettsida: Print & Pattern

laurdag, april 12, 2008

Lett blanding i lett panikk...

I dag kjem ein lett blanding med foto frå meg. Tida strekk verkeleg ikkje til lenger, ho mor spring frå det eine til det andre i lett panikk om dagen. Og grunnen er sjølvsagt at eg startar i ny jobb på måndag! Var innom nye-jobben både tirsdag og torsdag forrige veke...berre for å få ei oppdatering på alt eg må setje meg inn i...(hjelp!) Og det var ikkje lite....for å seie det forsiktig.

Så no svinsar eg rundt og prøver både å førebu meg på jobb, og på ein måte ta (midlertidig) farvel med husmorjobben...ved å gjere alt eg skulle gjort for lengst....I dag er huset blitt grundig vaska (reknar med det vert ei stund til neste gong...) Hagen har fått seg ei oppdatering ved at eg låg panisk å spadde vekk all mosen mellom alle hellene på framsida av huset (!) Ja det er faktisk ein liten dritt-jobb...men den MÅ gjerast og då hjelper det å ha litt panikk, for det er tungt arbeid (eigentleg...) Men eg rakk heldigvis å setje meg ned når vetle-tullemor sov...då kunne eg nyte ein liten kake-bit og ein kaffikopp. Men eg hadde berre ein tanke i hovudet; tenk om eg ikkje klarar å ha slike gode kosestunder med kaffikoppen lenger??

...og eg som har kjøpt meg nye lyseblå kaffikoppar....håpet er lyseblått...er det ikkje noko som heiter det??


Denne skåla frå Fretex såg visst heilt skeiv ut på bilete, det er den altså ikkje. Men fin er den uansett... med nydelege polkagrisar oppi...

Ha ei fin fin helg alle ihop! Og tusen hjerteleg takk for alle dei kjempeflotte kommentarane eg fekk på forrige innlegg! (PS Har ikkje gjort noko med bordet enno....men det skjer vel noko snart tenker eg... )

Klem

fredag, april 04, 2008

Hekling og nytt bord!

innimellom dåps-førebuing og alt anna så har eg hekla meg ei ny hua! Ja, det gjekk i ein vill fart, så noko oppskrift har eg ikkje. Det byrja med at eg ville hekle nokre små tøfler til vetlejenta, men så fant eg ut at dei vart jo i tilfellet frykteleg glatte å gå med...(må ha antiskli for å bevege seg her i huset...). Dermed kom ideen om å berre hekle vidare og større og meir... så vart det ei hua! Og den har eg verkeleg trengt, for her bles det til tider så kraftig at om ein i det heile vil behalda det tynne pistrete håret sitt så MÅ ein ta på seg ei hua...


Nederste kanten dikte-hekla eg, slik at den vart litt ujamn...(hihi) Likar visst ikkje noko beint eg...

Men det beste av alt eg vil vise i dag er eit nyyyydeleg bord eg har fått!! Ja du les riktig, ei veldig god veninne hadde eit bord til overs, og ho visste at eg ville ta godt vare på det....(tjihi...) Ho skulle berre kaste det...(skrekk og gru..) Kunne aldri falt meg inn å kaste eit slikt godt gamalt bord! Og tenk det visste ho!! Tusen tusen takk igjen...!!


Her står det ute i sola...eg har ikkje bestemt meg om eg skal male det eller ikkje...eller noko anna....?? Synes iallefall det var veldig søtt med skuff og det heile...trur veninna mi skal få noko fint hjå meg òg....
Ha ein fin dag alle!!

Klem

tysdag, april 01, 2008

Dåp...

Litt bilete frå borddekkinga...måtte ha litt fleire små-bord i stova...her eitt med plass til to... Til bordkort laga små fuglar i kartong og klipte ut, desse sette eg på tørre greiner som eg la på servietten på kvart fat...fekk ein litt fin effekt synes eg...ellers brukte eg kvite roser og nokre nydelege lilla blomar (som eg desverre ikkje veit namnet på) dei liknar litt på lyng til bordpynt...














Ja då var me ferdige med dåpen. Heldigvis gjekk alt etter planen og eg trur alt var bra! vetla/stora dåpsbarnet var iallefall i strålande humør og likte både alle folka og å få vatn på hovudet. Straks etter dåpen var unnagjort tok ho seg ein liten runde for å helse på andre kyrkjegjengarar...Ja, ho spaserar no...er så flink! Det vart nok ein litt uvant dåp for både prest og oss då dåpsbarnet ho sat å vogga i takt med orgelmusikken....
Men kjekt var det! Masse fotte gåver! og mange fine kort, som det stod mykje fint inni....tusen takk alle saman!



Kanskje det kjem fleire dåpsbilete etter kvart...

torsdag, mars 27, 2008

Litt vårstemning rundt huset vårt



Me er så heldig å bu tett på fin natur, og det manglar ikkje på fine motiv rundt huset. Og når sola blenkjer og det luktar vår då er det herleg å ta ein runde med kameraet!

Her i huset stressar me aldri så lite denne veka for til helga er det barnedåp hjå oss! Ja, eg veit me er litt trege, vetlajento er heile 9 1/2 mnd (!!) Og tida flyg avstad.... Men bedre seint enn aldri... Ja me har hatt nokre diskusjonar i heimen om dåp eller ikkje dåp...masse prinsipp er kasta på båten, og me gjer som me har gjort med dei andre to. Det vert jo enklare å konfirmera seg når dåpen liksom er gjort... og kjenner eg ungdommen rett så er konfirmasjon litt kjekt (masse kjekke gåver iallefall...ein må jo vera ærleg å berre innrømma det...). Så no står eg mildt sagt på hovudet med vasking og rydding og i morgo startar matlaginga. Det høyres fælt ut, men det er ikkje det, eg gledar meg til besøk av familien! Og håpar me kan få ein strålande dag, med masse god mat og kos! Eg driv å planlegg bordpynt og diverse anna smått...og det er jo berre kjekt, men eg har enno ikkje heilt funne ut korleis eg skal ha det...skal love å vise bilete seinare...

Tusen tusen takk for alle kommentarer! Eg kikkar innom dykk alle saman...Håpar de nyt våren! Det gjer eg, Klem

søndag, mars 23, 2008

Skap med ny farge...

Kan nett visa skapet mitt som har fått ny farge... Sidan eg kallar meg sjølv ein innredningsblogg (hihi), men det er visst mest kvist og muffins her inne for tida...(tjihi) Men eg malar litt innimellom, altså. Skapet vart ikkje kvitt denne gongen (men kanskje neste gong??), må nett prøva litt forskjellig, no har eg iallefall prøvd knall blå ei stund, og det vart litt mykje...Slik såg det ut før:Eg synes faktisk det var litt tøft med ein gong...fekk ei kjensle av å vera litt vågal...(hihi)


Men slik vart det altså no:

Litt prega av påske framleis, men eg synes denne fargen var rolegare og passa betre til alt anna her inne...Men som de ser, eg driv ikkje å pussar og sånn før eg målar...neidå her dreg me fram kosten akkurat der skapet står og målar i veg....

Litt påske att framleis...men ting har roa seg litt her, for eldstemann er reist åleine på hytta (!!). Jadå, det er 3 timar å gå på ski og ingen elektrisitet, så den guten er tøff! Men me har litt mobildekning, så me kan nå han og han oss om det er noko...(ellers hadde ikkje mor sove godt om natta, nei...). Vart ingen hyttetur på resten av familien, for det vart rett og slett for kaldt. Nede i -20 på fjellet her, så me ventar til ei helg i april tenker eg, når det er godt å sitje i hytteveggen og sola varmar litt meir! Men frisk luft og skiturar det har me likevel!

Klem

Oppskrift...

Lova Lille meg å legge ut oppskrifta på gulrotmuffinsane eg viste bilete av tidlegare... eg er jo litt treg, men her er den endeleg:

Gulrotmuffins:

250g gulrøter
saft og skall av ei sitron
100g valnøtter (hakka)
200g kveitemjøl
2 ss bakepulver (store)
1/2 ts ingefær
1 egg
150g brunt sukker
1 dl olje (eg brukte solsikkeolje)
200g yoghurt el. lettrømme

Visp egg og sukker, bland det tørre og bland alt tilslutt, men ikkje rør for lenge...Lukke til!

Muffinsane vart oppetne her i huset same dagen! Og det skjer ikkje så ofte, for stort sett er det berre eg og storbror som er glad i kaker...og me klarar jo ikkje alltid å ete ALT (dessverre...hihi). Men denne gongen lika min kjære mann muffinsane òg! Litt merkeleg for det finnes ganske mykje valnøttebiter i dei...(klumpar veit de...uff...) Men som sagt så lika me dei alle ihop, litt sunne var dei jo òg, med gulrøtter og all ting... Til glasur prøvde eg denne gongen ei glasurpakke frå Toro (kremt), men den kan de berre spare dykk alle ihop, for det var nok berre melis i den pakka...og det hadde eg jo i skapet...

Må takke for alle dei kjempekoslege kommentarane!! Blir sååå glad!!Kosa dykk siste rest av påsken no....Klem

onsdag, mars 19, 2008

Meir påske...

Her har svigmor bidratt med litt farge i heime...takk!

Nei, ein kan seie kva ein vil, men å ha born med så stooor aldersforskjell som eg har, er neimen ikkje enkelt (burde kanskje tenkt på det litt før??) Eg har ein gut på 16 (snart 17), han vil berre vere med vennene sine og ligge i snøhole, stå på snowboard og gå (altfor) lange langrennsturar innover fjellet (akkurat når det passar han best sjølvsagt...). Dette skal sjølvsagt skje akkurat når jenta på 14 har bestemt seg for å enten stå slalom eller reise til ei veninne, og på samme tid så skal minstejenta også ha mat og sove slik ho pleier...
Men heldigvis så har borna mine samme pappa som jo er min kjære mann, og me må verkeleg stå på får å halde fylgje med dei, og ikkje minst få alt til å gå ihop (me reknar ikkje med at me er åleine med å ha det slik altså!?)! Me køyrer hit og dit og opp og ned...heile dagen! Ja det er utruleg, men ein vil jo at ungane skal få vera med på ting...og når dei attpåtil har så sunne interesser som skigåing og turar i frisk luft, ja då kan ikkje mor eller far seie nei....

Men når kvelden då senkar seg og alle er komne i hus etter ein travel (fri??)dag, så kan endeleg mor gjere litt små-pussling som ho likar så godt... Og etter eit bursdagsbesøk hjå den eldste syster mi i helga (hei på deg!), så vart eg inspirert av nokre fuglar ho hadde laga til påskepynt (ja eg såg dei nok...hihi)...måtte eg sjølvsagt heim og prøve sjølv...skulle gjerne hatt bilete av hennar fuglar, men det har eg ikkje dessverre, men her er nokre av mine:


Limte band mellom papir-laga...fyrst er fuglen klippt ut i papp, så limte eg litt finare papir utanpå, ser de at eg kosar meg?? kaffikopp og all ting...tjihi:
Så no heng dei så fint på kvistane (eg stjal?..uff og uff...) med gule fine blomar, som eg tok inn til forrige helg...



Dei blømte litt fortare enn eg trudde, men det passa jo akkurat...kjekt!

Dette vart jo ein fin erstattning for dei malte påskegga eg fortsatt venter på at jenta på 14 skulle male til meg...ho skal berre nett... (noko heilt anna fyrst...)
Ei fortsatt fin (og/eller travle) påske til alle de der ute! Takkar hjertligst for fine kommentarar! Prøver så godt eg kan inn på bloggane dykkar og kikke, men ikkje alltid eg har tid å legge igjen ein kommentar, men det kjem det kjem...

tysdag, mars 18, 2008

Vårjakt i påskesola..

...eller var det påske i vårsola...? Samma kan det vera, det er iallefall veldig godt å kome seg ut når sola skin! Her hjå oss er me ekstra glade i sola no om våren, fordi me ligg i ein evig (kjennes slik iallefall) skuggedal heile vinteren. Sola reiser i oktober ein gong, så kjem ho ikkje att før i midten av februar... så du kan tru me kosar oss når den fyrst er her! Mor nyttar kvar ein sjanse ho har til å setje seg ut med ein kaffikopp, eller gå ein tur med vetlejenta (det blir helst både og...) Og ekstra kjekt er det no når eg kan nyte siste rest av permisjonen min...

Her nokre knips frå hagen, det spirer og gror.... Eg er vel ikkje så veldig oppfinnsam når det gjeld blomar og slikt, men eg nyt kvar ein knopp og kvar ei spire som kjem...trur den ovanfor vert slike fine gule prestekrageliknande blomar (hugsar sjølvsagt ikkje namnet...), dei brukar bløme fint til 17.mai...(skulle kanskje ordne litt i beda før eg tok bilete??pytt...)


Her er rosene byrja å spire...gler meg!
Ja, så var det den stakkars vetle pynten på trappa mi då...litt påskeliljer i nokre gamle potter (som passa) og eit par vinterrustne lykter, av dei få som har overlevd vinterstormane her omkring...



Og her skal eg sitje godt påkledd i sola og nyte ein stor kopp kaffi...bordet er modent for eit strøk maling og litt av kvart skulle vore fiksa på etter vinteren, men nett no kan me nyte sola! Har lova eldstejenta ein skitur litt seinare...og det gledar eg meg til!

Håpar det kjem nokre solstrålar til alle bloggdamer ute i verda òg! Ha ein fin dag! Klem

PS skal kome med oppskrifta på gulrotmuffinsane seinare...

fredag, mars 14, 2008

Påskepynt og påskegodt...

Eg har hatt mi kjære mor på besøk, og gjett kva ho hadde med seg! Jo påskepynt! Eller rettare sagt tulipanar...dei var knall gule og liva skikkeleg opp i heimen! Det var jo akkurat det eg trengte, eg som klaga over manglande påskepynt i huset...det gav inspirasjon til å finne på litt meir rask påskedekorering...
Eggeglas frå Greengate....dei livar jo opp vårgrønne som dei er, synes denne fargen er nydeleg...


Og på min vanlege tur med vogna i dag så gjekk eg forbi det huset me budde i før, og der veit eg det finnes ein busk (som tilfeldigvis står kloss i gjerdet ut mot vegen...hihi) som har nokre fine gule blomar...og dei som eig huset no, bur ikkje der....passa igrunnen veldig fint i dag...Ja eg er kanskje frekk, men eg måtte berre knekke eit par greiner (små kvistar...), dei er komen i vase inne hjå meg. Og eg tippar iallefall busken er glad nokon set pris på den...hihi..(skal aldri gjere det meir....lova...)
Så kom posen med Anton Berg egg til nytte...den vart kjøpt for ei stund sidan på IKEA (smarte husmødre tenker laaangt fram, veit de...tjihi) Synes fargane er så fine...
Ja, for å toppe det heile så baka eg gulrot-muffins i dag òg. Store-vetleguten til mor og far kjem heim i dag (hybelbuar han...) og han er glad i kaker (nett som mor si...), og då må eg lage noko godt, det er jo påskeferie og all ting...pynta med lavendel-pynt...

Ha ei kjempefin helg alle i bloggverda!!

Klem