måndag, august 30, 2010

Frukost


Kvardagen treng ikkje vera hektisk...


Havregraut med mjølk, nyplukka rips og eit dryss med sukker, er ein glimrande start på dagen for ei lita dokkemor.

Kjekt for mammo at ho er glad i graut, det er lett å lage og mettar godt.
Eg tømmer oppi så mykje havregryn eg trur ho et, blandar med mjølk el vatn, kokar opp og sper på med væske om den blir for tjukk, kok i 5 min.

Godt for både liten og stor!

onsdag, august 25, 2010

Fridag!

Sølv etter ein laang sommarferie, kan eg med handa på hjarta fortelje at det likevel er kjekt med ein fridag!
Eg jobbar 80% i år som i fjor...mykje på grunn av dokkemor, sjølvsagt. Synes det er godt å ha ein morgon der me ikkje skundar oss, ro rundt bordet og tid til litt ekstra kos.

Som de ser, har eg starta eit aldri så lite haustprosjekt. Spørs om det går langt utpå vinteren før eg er ferdig. Bomullsgarn i fine fargar er vanskeleg å få tak i, difor måtte eg berre kjøpe litt då eg såg desse nøsta. Men kva det blir til slutt veit eg ikkje, eg startar med bestemorruter fordi dei er så enkle og greie å hekle. Alltid kjekt å ha noko å halde på med i ei stille stund...


Akkurat no er det laangt mellom dei stille stundene her, men det kjem seg vel...

NO skal eg og dokkemor ut og lufte oss! Ein lang tur i regnet brukar å vera bra!

Håpar du òg tek deg tid til ei stille stund innimellom...

laurdag, august 21, 2010

Hald dykk fast...

No har eg verkeleg leita i "arkivet"...Måtte prøve å finne bilete som kunne dokumentere endringane me driv på med for augneblinken. Det kjem altså eit påbygg hjå oss, ikkje stort, men stort nok i massevis for oss!
Dei to fyrst bileta er teke for nokre år sidan, og viser korleis alt var før...

I fjor bygde me pergola med tak over den eine uteplassen vår...SÅ kom me på at me skulle byggje ut kjøkken, gang og få eit ekstra rom nede i 1.etasje...

Då måtte det litt roting og graving til...phu...



PS legg merke til ei lita dokkemor sitjande nede i grøfta, omtrent midt i bilete..hihi. Ikkje alle av oss som synes det var så dumt med "sandkasse" i heile tunet...


...men så kom støypen...det likte eg mykje betre!



Og så langt er me komen i dag! Bilete til venstre viser der inngangspartiet kjem til å koma...bilete til høgre viser uteplassen, med altandør frå det som skal bli det nye kjøkkenet, rett ut i hagen...


Tok like godt med eit bilete frå innsida...hihi.. Me får altså eit kjøkken som er bortimot tre gonger så stort som det me har! Men det seier meir om kor lite det er i dag...hihi..gledar meg..

Etter alle desse "stygge" før-bileta, måtte eg berre ta med eit bilete av ei av dei nyydelege rosene frå hagen!
Huskar ikkje namnet på den...men fin er den...

Dagen i dag har gått med til rydding i hagen og ferdigstilling av den nye verandaen på andre sida av huset. Kjekt at noko er ferdig!

Kos deg, og ha ei fortsatt fin helg!

onsdag, august 18, 2010

Byggjestart, rot, rydding og litt fred...







Då var snikkarane faktisk i gang...Måtte berre fyrst vise eit bilete av hagehytta vår (berre fordi me har rydda, og flytta inn ei anna seng...hihi). Det er faktisk utruleg kjekt å ha ei slik hytte..me har TV-krok der dokkemor kan sjå barne-TV medan me driv på i hagen, på den måten er ho nær oss og ikkje "inne"...Kjekt!

 Dette er faktisk eit bilete rett før byggjestart, guten i huset (som faktisk er 19 år!) hjalp pappen med å rive kledning på den delen av huset der påbygget kjem. Utruleg spennande...men etter nokre dagar med snikkarar her, oppdagar eg at det blir eindel ROT (!). Javel, eg hadde faktisk forventa rot UTE, men hjå oss er det INNE òg...eg kan ikkje forstå det. Støv og plankerestar blir dradd inn i huset heile dagen. For ikkje å snakke om når snikkaren bankar i veggen...haha, då rasar skapet på badet! Jadå...oppi DO...

Så eg har litt å drive med kan du tru...

Men alt er ikkje berre fortviling og elendigheit..(hihi), eg har nemleg fått meg ein NY roleg veranda på ANDRE sida av huset. Her kan eg sitje å sjå stille utover hagen...og bygda vår, utan så mykje som ein plankebit i sikte (om du ser vekk frå dei som ligg under verandane...)


Godt å ha ein stad å flykte til...med kaffikoppen.

I hagen blomstrar det som aldri før, lavendel og roser om kapp...kven som sa det var haust?
...Håpar du har ein stille krok du òg!

(skal samle litt bilete av bygginga utover...eg lovar)

tysdag, august 10, 2010

Kvardag er kjekt det òg!



Då var jobb og barnehage (nesten) i full gang att. Snart skal eldstejenta køyrast til bestomor på Voss, ho skal på vidaregåande skule og er heldig å ha ein stad å bu (tusen takk til mammo!)...

Eg skal framleis ha fri ein dag i veka, noko eg kjenner skal bli like bra i år som i fjor.
Og sidan hauste kryp innpå oss, har eg like godt førebudd meg med å samle lysestakar klare til å tennast (litt skakke var dei visst òg...hihi)




Ny brukt duk er kome i hus, det er eigentleg ei gamal gardin, tippar den må vera frå 70-talet ei gong. Synes den passa fint på spisebordet vårt...


I morgo har eg og dokkemor planar om ein liten blåbærtur, det skal bli kjekt. Håpar på SOL og maaasse BLÅBÆR...




fredag, august 06, 2010

Extremt pøsregn...


Denne helga er det sommarfest i bygda vår. Alle håpar på sol og varme...men i dag verkeleg pøsregar det! Då er det godt å kunne vera litt inne...

Hekleteppet mitt som har hatt pause i maaange månader får no nokre ekstra cm... Huset er nyvaska, og i dag får me middag hjå svigers, nam... Eg verkeleg ladar opp til ei laang natt som løypevakt i verdas hardaste triathlon, startskuddet går ca kl 04.00 i natt, med mange førebuingar før det...


Eg synes neste synd på dei som skal slite i nesten eit døgn før dei er i mål. Då er det jammen godt eg har meir enn nok med litt hekling...

Korga eg kjøpte tidlegare i sommar har fått æra av å lagre hekletøy og garnrestar. Dei som har sett denne delen av stova før, ser at det er komen ei ny pute på divanen...den litt raude og svarte er kjøpt på Patina og kjem frå House Doctor.

Ha ei SUPER helg alle saman, anter de er ekstreme den eine eller andre vegen...hihi!

onsdag, august 04, 2010

Eg øve meg litt...

Det har dessverre ikkje vorte mykje strandliv på oss i sommar, men dei gongane me er ned til sjøen lurar me på kvifor me reiser på ferie. Det er jo denne stranda me leitar etter kvar me enn reiser...hihi

Ja, me har det fint!


Som de ser i dag så øver eg meg litt på biletmontasje...eg har lasta med Photoscape som er eit gratis redigeringsprogram. Eg har brukt det før og synes det er heilt supert! Men du kan risikere å bruke LITT meir tid enn strengt tatt nødvendig framfor dataen..hihi..

Siste bileta er litt frå ein typisk "sommar i hagen" for meg, radio, kaffi og blomar på bordet.

I dag har eg safta og safta og safta...tømt både kirsebærtre i hagen og diverse ripsbuskar rundtomkring. Til saman trur eg me fekk nærare 15 liter (!) saft. I morgo skal eg sylte bringebær! Bringebærsyltetøy er noko av det beste eg veit nemleg...

Ha ein fin fin kveld vidare!

tysdag, august 03, 2010

Snart kvardag...


Då var me kome att frå ein flott tur i fjellheimen! Dokkemor gjekk og gjekk, utruleg flink, ikkje så rart kanskje når ho har førebilete som storasysto si...

Hytta ligg ca 1 -2 timars gange inn på fjellet (alt etter kor tungt du ber på ryggen). Me brukte godt tre timar inn og tre timar heim, slett ikkje verst for ein 3-åring!


Men etter ein slik tur er det alltid mykje å gjere når ein kjem heim, alt skal vaskast og tørkast (ikkje lett når regnbygene går tett over huset her...). Ikkje nok med det, men eldstemann kom uventa heim etter godt 14 dagar på loffen, då var han lei og ville ha ei god seng og dusj kvar dag...hihi..han sit nok att med masse lærdom etter ein slik tur.

Ferien er på hell, skulestart er rett rundt hjørna, og dokkemor startar så smått i barnehagen att denne veka. Og eg tek ein tur på jobb for å klare opp i hovudet..hihi.

Bileta for dagen er frå ei av dei nye mattene eg har kjøpt (skal ligge i den nye gangen som ikkje er bygd enno...phu). Synes dei er fine desse mattene i bast...(eller kva det heiter?), dei kjem frå Bloomingville. Den fine duken i brunt, rosa og oransje er kjøpt på ein bruktbutikk, herlege fargar!

Ynskjer alle som er innom ein super dag!
Klem

onsdag, juli 28, 2010

Sommartid...


Det kan jo verke som eg har kopla om til sommartid alldeles, og det stemmer vel ganske bra...hihi.
Synes det er herleg med laange frokostar som startar (berre litt) seinare enn vanleg og slenge på seg eit eller anna og sitte i morgonsola med ein kaffikopp...
Sjølv i dag er det friskt og fint ute etter ein liten regnskyll i natt, når stolar og bord står under tak er det ikkje noko problem å starte dagen ute likevel. Det er vel kanskje noko av det beste eg veit...


Som de ser på bileta er det kome noko "nytt" gammalt i stova mi. Klarte ikkje gå frå denne kjempestore fletta korga på eit bruktmarked, synes den er knallfin. Spesiellt den fine brunfargen...(tenk det er ikkje lenge sidan ALT måtte malast kvitt når det kom i hus...). Korga skal få vera slik den er.


Etter besøket heime hjå mammo har eg og mannen vore på tur heilt åleine, sjølv om det berre var ei overnatting, var det godt å berre vera oss to.




Eldstemann lever livet på vandring med ryggsekk i Europa (interrail), og kjem ikkje heim på godt ei og ei halv veke enno. Me andre skal snart til fjells på hyttetur...

Det er enno litt att av sommartida...

torsdag, juli 22, 2010

Dokkehus...

Me har vore på ein liten miniferie hjå mammo/bestemor og regnet høljar ned! Difor er det ekstra kjekt å sjå at me faktisk har hatt flott vær litt tidlegare i sommar...Desse bileta av dokkehuset var teke før me reiste. Huset til dokkemor er omtrent ferdig...det kjem nok til å endre seg litt etterkvart, men akkurat no synes eg det var ganske koseleg...
Me har rett og slett brukt litt av alt me har frå før...ingenting nytt! Og fargane inni vart til av dei malingsrestane me hadde frå før...


Ei stolt jente, som fekk lima på bokstavana sine på døra. Dei fekk ho i adventskalenderen til jul i fjor...




Møblane hadde ho på rommet sitt, no får dei stå i hytta ei stund. Den gule hylla er eit loppefunn eg har hatt liggande...no spraymala og fin.




Dokkemor har sjølv gjort alt klart i hytta..dekka bord og sett ting og tang i hylla si. Kjekt med ein liten "friplass" for 3-åringen...

Me andre ventar framleis på snikkarane som skal bygge tilbygget vårt. Dei har ferie no, og etterpå kjem dei til oss! Det er iallefall planen...me synes det er kjempespennande!

Medan me ventar har me laga ein ny veranda som skal målast, nok å gjer med andre ord!
Håpar sola skin på deg!
 (Og snart på meg òg...hihi)

søndag, juli 18, 2010

Ein liten kafè-tur



I dag kjem det nokre bilete frå den flotte kafè+butikk (blanding av nytt og brukt): Patina, på Evanger. Me tok oss ein aldri så liten tur ned til systra mi (på bilete..). Ein knallkjekk stad for alle som likar litt brukt og litt nytt i skjønn foreining med god mat og nydeleg kaffi!

Alle bileta er publisert via mobil i dag og er difor litt i dårlegaste laget, beklagar det. Men slik er det når mor reiser frå fotoapparatet...