søndag, desember 21, 2008

Freden senkar seg (snart)....

Eg sa jo at eg likar litt halv-gammal julepynt, og no har eg vore å henta nokon av julekulene mine. Eg hadde planlagt at desse skulle få ligga slik i ei skål og berre pynt opp med dei sterke fagare sine...MEN så fekk den vetle nissejenta vår auge på desse flotte fargerike "ballane"...og resten treng eg ikkje fortelje, men at det vart noko som liknar snøball-krig inne i stova det kan eg love...haha...Heldigvis er desse kulen såpass lette at dei knuste ikkje, litt skade vart det, men ikkje så mykje som forventa etter eit "kuleregn".... (Beklagar, men det var verkeleg ikkje meininga at fotografen skulle kome med på bloggen i dag...haha...inni kulene...)

Etter ein kikk på bloggar i dag tidleg, så kom eg plutseleg på at jammen så har eg fått ei utmerking og ei utfordring både her og der i den siste tida!!! Eg må berre beklaga at eg ikkje har reagert! Men slik er det...eg blir kjempeglad for utmerkingane! Og utfordringane brukar eg å ta på strak arm...hihi..MEN det er slik at i denne juletida så virkar ikkje hovudet mitt lika godt som vanleg (hmmm...?) Så eg hugsar rett og slett ikkje kvar alt kjem i frå....


Men de skal vita det alle der ute at eg takkar og bukkar hjarteleg for alle utmerkingane og utfordringane!!!
Tuuusen takk!!
Det betyr verkeleg noko at det finnes nokon der ute som bryr seg om min vetle blogg...
Ha ein strålande 4.søndag i advent!

3 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Jo du, vi er menge som bryr seg om din blogg, fordi den er flott!
Så lillejenta skulle kaste kuler, hun! Godt at det gikk bra, da.
Gratulerer med de utmerkelsene du har fått! De er velfortjente alle sammen!
Ønsker deg en fin 4. søndag i advent!

Haust sa...

Oioi, godt at kulene ikkje knuste, for dei er verkeleg fine! :)

Fortsatt god søndag...

Vibeke sa...

Vakre kuler, godt de ikke knuste!

Innom for å ønske deg en fredfull og fin jul :o)

Varm førjulsklem fra Vibeke.