laurdag, juni 27, 2009
fredag, juni 26, 2009
Utekjøkken...
Måtte nett vise den vesle kjøkkenkroken til trulto vår. Ho storkosar seg der ute dagen lang! Til bursdagen fekk ho ein kjempefin komfyr, og det er jo synd å ha den inne når det er mest ute me er om sommaren....
Lagt inn av
Noralill
kl.
11:53 f.m.
8
kommentarer
måndag, juni 22, 2009
Sommar!
Lagt inn av
Noralill
kl.
11:39 f.m.
6
kommentarer
fredag, juni 19, 2009
Eit nydeleg lite teppe...
Dette har eg gledd meg til å blogge om lenge...synes det var så utruleg fint! Eit lite lappeteppe til trultemor, ei gåve frå ei snill (og ikkje minst flink!) tante! Tusen takk igjen...
Og (om me ser vekk frå den visna blomen rett i bakgrunnen) så kom dette kortet med pakka...sjølvsagt ikkje tilfeldig at fargane var sååå fine, og passa perfekt til innhaldet i pakka... Her har me nett hatt avslutningar i fleng...barnehage, skule, jobb osv...NO er det ferie og me skal berre nyta dagane litt før alle mine prosjekt kjem i sving... Neidå eg har ikkje gløymt dugnaden i helga, me er allereide i gang...Me håpar helga blir vellukka for arrangørane og at alle møter på dugnadsvaktene sine. God helg til alle der ute!! PS For dei som lurte kvar dukkeserviset frå forrige innlegg var kjøpt, så kjem det frå ein heilt vanleg Brio-butikk. Lett å få tak i med andre ord...
Lagt inn av
Noralill
kl.
11:02 f.m.
13
kommentarer
onsdag, juni 17, 2009
Ein kaffikopp i graset...
Lagt inn av
Noralill
kl.
11:32 f.m.
12
kommentarer
måndag, juni 15, 2009
Ein "uinvitert" gjest...
Ein uventa gjest kan ein kanskje seie? Men ein gjest er det like fullt...Når eldstejenta bokstavleg talt kjem bærande (med litt hjelp frå besto) på eit orgel. Og ikkje er det lite heller....
Til og med eigen krakk føl med... Men kva gjer ei stakkar pedagogisk mor når det brått i stova står ein uventa gjest?? Jodå ho lar han bli...for eldstejenta har lova på tru og æra at ho skal læra å spela julesongar til mor...(til jul..haha) Men den viktigaste motivasjonen var nok at eldstejenta hadde byrja å gå til pianotimar...(men er det det same som orgeltimar??). Me får sjå kor lenge gjesten får bli, eg byrjar faktisk å like han.... Ha ein super tysdag!
Lagt inn av
Noralill
kl.
10:41 e.m.
7
kommentarer
fredag, juni 12, 2009
Synes det var kjekt at helga byrja så bra! Men eg er lei for at eg ikkje held det eg lovar...skulle vise fine bilete av gåver vetlatrulto fekk til 2-årsdagen sin...men det får kome i neste innlegg...Eg har rett og slett ikkje hatt tid. Synd at ein alltid skal ha det så travelt... Men grunnen til travelheita er vel helst at storesyster har vore vekkreist på arbeidsveke (arbeider på sjukeheim saman med bestemor), mannen i huset arbeidar laaange dagar og rekk kun seie "god natt..." og "hade..." om dagen. Så me gler oss til laaang sommarferie her hjå oss no snart!
Berre synd eg ikkje tek meg betre tid til å pynte litt før eg fotograferar...men men..slik er det...
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:47 e.m.
11
kommentarer
tysdag, juni 09, 2009
2-årsdag...
Rullekake med bringebærkrem som bursdagskake..nammm
Familien møtte trufast opp for å feire dagen saman med oss, kjekt! Heldigvis har me ei hagehytte der me kan ha all mat innandørs, det er jo fint både om det er for mykje sol eller om det skulle koma regn.
Kjem snart att..
Lagt inn av
Noralill
kl.
3:46 f.m.
16
kommentarer
laurdag, juni 06, 2009
Ein flott dag...
Fyrst i dag vil eg berre seie tuuusen takk til Fru Pink som er den som har æra av at bloggnamnet mitt kom i VG på fredag!! Eg fekk tak i eit eksemplar av avisa i dag, og jammen...der stod det noralill...Det må jo berre nytast. Det var nok mine 15 minuttar (eller var det 5?) av berømmelse det...! Og etter noko slikt så fortjener ein jo å slange seg litt i sola, eller..?Akkurat det har eg gjort, for me har hatt, ein knallfin dag i dag! Slik såg det ut frå mitt perspektiv... liggande på graset med kaffikopp og solskinn, og det gjorde ikkje dagen verre at eg låg på den fine GreenGate soveposen til vetlatrultemor....
Eg hadde faktisk god utsikt til den nymåla garasjen vår... men den er ikkje heilt ferdig enno, så berre ein smugkikk i dag...
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:55 e.m.
13
kommentarer
måndag, juni 01, 2009
Me er forresten halvferdige med malinga av garasjen, så bilete må vel kome på plass i neste innlegg kanskje...håpar det blir bra...siste bilete er frå nokre nydelege tusenfryd eg fekk hjå mammo mi (og, ja, dei er sjølvsagt planta i hagen, mamma).... Ha ei fin veke!
Lagt inn av
Noralill
kl.
1:01 e.m.
18
kommentarer