Vips så kom det eit innlegg.
Eg ville berre vise at veltadokko vår har fått HEILT eige rom. No slepp ho å dele med meg og kontoret mitt! Ho er så kry! Senga hennar har fått plass i eine kroken, men for at det skulle vera litt anna enn kvitt på rommet, har eg hengt opp eit stoff eg kjøpte på "stoff og stil" for ei tid sidan. Samt dei fine kina-damene, som eg har klipt ut av eit anna stoff kjøpt på same staden, eg strauk litt vliselin (heiter det det??) bakpå og vips vart dei litt stivare. Synes dei pynta litt opp på veggen over senga.

Den søte lampeskjermen er eit bruktfunn som endeleg har fått ein plass. Den har vandra frå rom til rom og til slutt ned i kjellaren...men på eit jenterom passa den fint. Den gjev eit nydeleg lys, med svakt rosa skinn, som passar akkurat til lesestunda om kvelden. For tida er det mummitrollet som er den store favoritten.

Sengeteppet hekla eg då eg gjekk gravid. Det er vel heller eit av dei mest fargesterke teppa eg har hekla, og det som tok lengst tid. Det er hekla i tynn babyull, men det passar perfekt på den vesle senga...
Ynskjer alle bloggvenner ein kjekk kveld vidare!
Hej då!