Neidå, me har ikkje emigrert til varmara strøk for godt! Me er kome velberga heimatt. Det tek berre litt tid å omforme eit "ungkarsrede" til ein vanleg heim igjen..hihi..Ikkje det at min mann ikkje er flink til å rydde og ordne altså, det gjer han i massevis. Det er berre det at han innimellom blir litt ivrig, og då hender det at det blir litt kaos, blant anna med klær som havnar i heilt feil skap, det hender han ryddar vekk sko og jakker som er i dagleg bruk...(men det blir jo ryddig då...hihi)
Me kom iallfall heim til nymåla gang! Jippi! Eg måla ferdig gangen nede rett før jul, og no er den ferdig måla heilt opp...det tek si tid, men alt er jo lettare når små fingrar ikkje har sjanse til å vera borti. Bilete av det har eg ikkje teke enno, den var jo igrunnen kvit og er måla kvit att..så det viser kanskje ikkje så godt for dei som ikkje bur her til dagleg, men for meg gjer det underverk!
I dag har er baka skillingsbollar etter ynskje frå guten vår som er heime på vinterferie. Han byrjar på ferie når me sluttar...slik er det med vidaregåande...Men til alt hell så er jo me heime når han er heime no då.
Jenteferien vår i varmen gjekk forresten over all forventing! Utruleg nok vart det avslapping sjølv for mor... sidan eldstejenta er 16 år, så var me strengt tatt to som kunne passe vetle dokkemor, og ikkje minst byte på å bade med ho...
Dei fyrste dagane var ho forresten vel fornøgd med å sitje og spa i sanden, sjøen "bråka så masse"...
På bilete ser det ut som ei flodbølge er iferd med å ta ho med seg, men det ser berre slik ut...
både eg og eldstejenta var rett ved heile tida...(berre sånn i tilfelle de lurte...)
Og her er jentene mine...
Men denne veka skal eg stelle godt med gutane mine òg...
Ha ei fin veke!