Det tar liksom litt tid med å byrje å avslutte ein lang og god ferie...
(iallefall 14 dagar...hihi)
Alle dei dårelege vanane ein har fått,
sit ute til det blir mørkt...
vin midt i veka...
står opp litt seinare enn til ein vanleg jobbdag...
Men me byrjar endeleg å kome inn i det no.
Iallefall dokkemor som sprett opp kl 06.30 både til kvardag og helg...
Som de ser så har eg fått litt bringebær.
Eg elskar syltetøy!
hmm... høyres kanskje litt rart ut,
men eg et det kvar einaste dag til frokost.
Eg berre må ha det...
Difor er det like greit å lage sitt eige.
I år har eg fått tak i masse bringebær, både hagebær og ville bringebær (sjølvplukka).
Sylta er rørt og ligg godt i frysen, slik at eg har meir enn nok til langt utpå våren ein gong.
Men nokre av bringebære måtte bli pai...
Eg synes det er kjekt å fryse litt heile bær, som eg kan ta opp gjennom vinteren og lage både smoothie og bærpaiar av...
Ein smak av sommar gjennom heile året, faktisk!