tysdag, november 20, 2007

Hei og hopp snart er det jul!

Sånn vil eg lage:Ja eg gler meg! Men det er liksom denne tida som er best synes eg (før jul), tida då eg fritt kan boltre meg i gamle og nye interiørblad med masse tips og idear til korleis adventsstaken skal sjå ut i år, eller kva eg kan pynte med ute på trappa, eller korleis julepakker kan pakkes inn på ein fin måte osv... det er så masse gode idear ute i verda! Men eg kan ikkje gjere alt, og det er ikkje meininga heller. Men eg kan drøyme meg langt vekk når eg sit med det nyaste Boligliv (http://www.boligliv.dk/ )og berre nyte dei fine bileta.... men tilbake til kvardagen kan eg ha plukka med meg eit og anna eg kan klare sjølv....(eg er ikkje så veeeldig flink men eg blir veldig stolt når eg får til noko.....hi hi)

Og her er bilete av noko eg klarte å lage i år...med berre litt stoff, lim og ei god saks(ikkje ferdig enno....!)


Litt merkelappar til pakker og eit par "jule"-kort... og ei papptavle med reinsdyr på...litt artig måte å pynte til jul synes eg...(sjablongane har eg funne i eit gamalt nr av Boligliv). Så har eg boltra meg i filt og ulike stoff....


Dette motivet tenkte eg igrunnen eg skulle ha som bakgrunn for årets adventskalender, men me får sjå...kanskje det berre skal henge der så velsejenta kan ha noko å kikke på når ho vaknar...

Ingen kommentarer: