laurdag, april 12, 2008

Lett blanding i lett panikk...

I dag kjem ein lett blanding med foto frå meg. Tida strekk verkeleg ikkje til lenger, ho mor spring frå det eine til det andre i lett panikk om dagen. Og grunnen er sjølvsagt at eg startar i ny jobb på måndag! Var innom nye-jobben både tirsdag og torsdag forrige veke...berre for å få ei oppdatering på alt eg må setje meg inn i...(hjelp!) Og det var ikkje lite....for å seie det forsiktig.

Så no svinsar eg rundt og prøver både å førebu meg på jobb, og på ein måte ta (midlertidig) farvel med husmorjobben...ved å gjere alt eg skulle gjort for lengst....I dag er huset blitt grundig vaska (reknar med det vert ei stund til neste gong...) Hagen har fått seg ei oppdatering ved at eg låg panisk å spadde vekk all mosen mellom alle hellene på framsida av huset (!) Ja det er faktisk ein liten dritt-jobb...men den MÅ gjerast og då hjelper det å ha litt panikk, for det er tungt arbeid (eigentleg...) Men eg rakk heldigvis å setje meg ned når vetle-tullemor sov...då kunne eg nyte ein liten kake-bit og ein kaffikopp. Men eg hadde berre ein tanke i hovudet; tenk om eg ikkje klarar å ha slike gode kosestunder med kaffikoppen lenger??

...og eg som har kjøpt meg nye lyseblå kaffikoppar....håpet er lyseblått...er det ikkje noko som heiter det??


Denne skåla frå Fretex såg visst heilt skeiv ut på bilete, det er den altså ikkje. Men fin er den uansett... med nydelege polkagrisar oppi...

Ha ei fin fin helg alle ihop! Og tusen hjerteleg takk for alle dei kjempeflotte kommentarane eg fekk på forrige innlegg! (PS Har ikkje gjort noko med bordet enno....men det skjer vel noko snart tenker eg... )

Klem

5 kommentarer:

Rosa sa...

Skjønar at du er litt panikkslagen med ny jobb rett rundt hjørna. Men det er utruleg kva ein får gjort i slike tider! Håpar du får tid til litt blogging med den nye kvardagen, til liks med gde stunder med dei lyseblå koppane. Om rett skal vere rett er vel håpet lysegrønt, men for min del er det lyseblå vel så bra ;)

God helg til deg, og lukke til med ny jobb!

Klem

Brit. (lille meg) sa...

Lykke til med ny jobb! Det blir sikkert spennende.
Jeg håper du ikke får det så travelt at du ikke får tid til din kosestund med kaffekoppen.

Nyt denne søndagen!

BeBe`s blogg sa...

Nydelig lyseblå kopp! Jeg har gått og sett på noen blå kopper på den lokale bruktbutikken, men ikke klart å bestemme meg for om jeg trenger dem - nå fikk jeg jammen lyst å ile avsted å kjøpe dem! Lykke til i nyjobben!:-)

Tea Kristin sa...

Masse lykke til med ny jobb - jeg er helt sikker på at du fortsatt får tid til å kose deg med deilig kaffe i den lyseblå koppen din!! :)

mali-mo sa...

Hei! Jeg har akkurat oppdaget bloggen din og har kost meg her inne lenge med å kikke på innleggene dine. Masse inspirasjon å hente her, fine bilder og hyggelig lesing. Jeg legger deg til i link listen min jeg, for her vil jeg gjerne komme tilbake! Ha en fin kveld.