søndag, september 20, 2009





Eg må seie eg beundrar alle dei flotte bloggane der ute som klarar å oppdatere bloggen sin kvar dag! Utruleg prestasjon! Skulle fått ein lita oppskrift på korleis dei gjer det?...eg er dessverre ikkje så effektiv...for tida slit eg med å finne gode fotomotiv, og eg klarar ikkje sjå huset mitt frå nye vinklar...haha..nokon som kjenner seg att??
Som de ser av bileta i dag så har våpenkista frå mammo fått ein plass...i stova, under vindauga. Der kan vetladokko sitja å sjå ut glaset (å vente på at pappen kjem...). Dette er noko ho gjer titt og ofte (han jobbar lange dagar), og innimellom dekkar ho på til dokkene sine på "benken".
Puta sydde eg i sommar av eit stoff eg kjøpte på ein dødsbu-auksjon. Den har vore ute-pute heilt til no...Og kanina i vinduskarmen er frå Åhlèns, og er ei sparebøsse for småjenter som elskar myntar av alle slag...
Elles fekk me oss ein super fjelltur i går, i nydeleg sol. Men eg kjenner at vetlatulto ikkje er så pitteliten lenger...ho sat i bæremeis heimover og skuldrer og nakke kjenner det i dag...hihi.
Ha ein fin fin sundag!

4 kommentarer:

Jannicke sa...

..skjønner godt vesle jenten din liker å sitte der og titte ut ;o)
Koselig var det :o)

Det med å se huset fra andre vinkler er jeg enig i.. det syntes jeg også er vanskelig.. man ser seg litt blind på huset sitt, rett og slett!!
Det er ihvertfall alltid en fryd når du oppdaterer,
du inspirerer! Så får det våge seg at det går litt tid imellom, spiller ingen rolle!
God søndagskveld!
Klem J.

mi-rachel sa...

sie rmeg enig med jannicke alltid kjekt når du oppdaterer! så rene fine bilder. nydelig stoff på den puten!

Anne sa...

Hehe, eg oppdaterer kvar dag. Trur grunnen er at eg ikkje har born;) Hihi. Veldig kjekt når du oppdaterer i alle fall! Du har så fin blogg:)
Ynskjer deg ei flott veke!

Patina-H sa...

Hei. Er vel litt opp og ned med blogging. Me er tre stk på same blogg, men klarar ikkje oppdatere ofte likevel....
Koselig med ei kiste framfor vindauga. " Venter på far, venter på far, trykker seg mot ruten og venter på far"
Ein av mine yndlingssongar då eg var liten :)
Ynskjer deg ei fin veke :)