torsdag, september 17, 2009

Ettermiddagskos


Hei igjen! Er nett ein svipp innom bloggen for å vise at eg er her. Det viser eg med eit bilete frå gårsdagens ettermiddagskos. Eg er nemleg ei av dei som elskar å kose meg etter middag...nyte ein stooor kopp kaffi, tenne eit ljos etter at eg har plukka nye blomar frå hagen, og berre nyyyte ettermiddagen ei lita stund.
Tida går så alt for fort no på denne årstida, ettermiddagen vert litt kortare for kvar dag, men kosen min MÅ eg ha! Etter kaffikoppen går gjerne eg og vetladokko ut på sykkeltur, ho har trehjulsykkel og eg har tonnevis med tolmodigheit..hehehe...
Nevnte eg at sjokolade ofte er ein del av kosen?? Eg klarar berre ikkje la vera...hmmm kanskje det kan vera eit framtidig mål å trappe ned? Men enn så lenge kosar eg meg...
Håpar du kosar deg der ute òg! Ha ein fin ettermiddag.
No skal eg på foreldremøte...

4 kommentarer:

Marte sa...

Du, litt sjokolade må man ha ( hver dag ) :))
Koselige bilder hos deg!!

Jannicke sa...

..kaffi drikker jeg ikke - men
Ja takk
til en sjokoladebit (eller ti)...

Så nydelig du har pyntet ;o)

Klem J.

Haust sa...

Åja, ettermiddagskos er viktig! Eg har imidlertid lova meg sjølv at det må bli mindre søtt til kaffien når det ikkje er helg. Det tok litt av med sjokoladen, nemleg. Hehe...

Christine C sa...

Kaffe og sjokolade er en perfekt kombinasjon som jeg nyter både titt og ofte...kanskje l-i-t-t for ofte, men pytt pytt.
Nydelige bilder fra ettermiddagskosen din :)