fredag, september 04, 2009

Helg igjen...

Så var det helg igjen! Det høyres kanskje ut som eg klagar, men det gjer eg absolutt ikkje! Det er herleg med helg, og når dagane i vekene går så fort så må det jo berre bety at me har det bra! Eller? Hadde det vore bale, hadde vel tida gått utruleg seint, trur eg...

Ville vise bilete av den nye ovnen vår, den vart innvilga (brent i for fyrst gong) her om kvelden, det endte med at me sat å lufta, med altandøra på vidt gap resten av kvelden! Så den virkar iallefall...hihi..

Det vart så utruleg varmt. Spes når mannen i huset er så ivrig å fyre at han gløymer å sjå på gradestokken ute....(+17 grader...)

Eg håpar han vert like ivrig når kulda kjem...haha..
I helga skal me avgårde for å feire eit lite søskenbarn som blir 4 år! Hipp hurra! Og vetlatrulto her i huset gler seg stort, ho ser for seg pakker og kaker... me får håpa ho forstår at pakkene ikkje er til ho denne gongen...

Storesyster er på overnatting hjå venner, og storebror er på hybelen sin for tredje helga på rad. Kva skal ei stakkar mor gjere med at ungane veks...? Heldigvis har me ei som treng oss enno...og i kveld blir det ørlite fyr i ovnen og berre kos!
Til alle bloggvenner der ute; Eg er superglad for alle kjekke kommentarar, dei varmar skikkeleg! Eg håpar berre at det kjem litt oftare innlegg framover...
Ha ei god helg alle saman!
PS Rosene kjem frå hagen...

11 kommentarer:

Jannicke sa...

hehe,
ja kan tenke meg dere var heit med fyring inne på denne tiden ;o)
Dvs, enkelte dager kunne vi jo godt ha fyrt,
men de siste dagene har det jo rett og slett vært varmt!
20 grader her i Bergen i dag!
Blir litt forvirret av dette.. pologenser en dag, t-skjorte neste dag..
Er det rart vi blir snufstete?
Ja, du var lur som fikk en atpåklatt! Det er jammen rart når ungene er blitt så store. Heldigvis er minsten her bare 10,
og glad i kos ennå ;o)
God helg!
Klem J.

linn sa...

Så herleg med fyr i omnen, det gir ein heilt spesiell varme. Og ikkje minst kos :O)

Me har og kjekke planar i helga, alltid kosleg med familiesamankomstar.

Nyt helga!

*klem*

Therese Dorthea sa...

Så utrulig fine bilete! Kjekt å lese bloggen din på nynorsk! Det er flott :-)
Gratulerar med ny peis! hehe, kjenner til det der med fyring og lufting. Har ein tendens til å fyre for tidleg i den litle leiligheta vår, berre fordi det er så kosleg!

Ynskjer deg ei god helg!

Klem Therese Dorthea!

Haust sa...

Mmm, så fine roser du har på bordet ditt!

God helg!

Hyttehuset sa...

Ein slik ovn har me også i heimen. God varme. Men me ventar nok litt til med å fyre, he he. Kjenner godt til lufting midt på vinteren.

Lampeskjerma i innlegget under var råstilig. Eg likte han også godt som stålampe i det fyrste innlegget om han. Det er kjekt når ein kan bruke ting på nye måtar. Der er du utruleg flink.

God helg til deg og dine.

Brit. (lille meg) sa...

Gratulerer med ny ovn! Det er godt å ha en slik når det blir kaldt ute.
Nydelige roser fra hagen din! Så fint å kunne ta inn og pynte med!
Jeg er heller ikke så flittig med bloggingen for tiden. For meg går det i rykk og napp, også med å kommentere hos mine venner her.
Ønsker deg en flott lørdag og ei god helg!:-)

Marte sa...

Nydelige bilder hos deg, nyter dem:)

God helg fra meg!

Rosa sa...

det er godt med skikkeleg vedovn når kveldane vert lengre og dagane kjølige. Det veit me alt om her i huset - mer har to ;)

Travle veker kjenner eg òg til, og føler meg litt "på sida" av blogg verda for tida, fordi eg ikkje rekk det eg har lyst til verken av eiga eller andre si blogging.

kjempefint (og lurt) med lampeskjermen over spisebordet, og kosleg rom til vetlatrulto.

God helg!

Hemmafruns hörna sa...

Fin kamin som ni har köpt! Det är så härligt när man kan se hur det brinner. Ja, barnen växer alltför fort, man måste påminna sig själv om att leva NU, för snart är allt över och barnen utflugna. Ha en god söndag och bra vecka!

Anne sa...

Hei hei!
Så flott blogg du har:)
Nydelege bilete og tekst på nynorsk:)
Ynskjer deg ein flott søndag:)

Hanna sa...

Beautiful!