Eg treng vel ikkje seie at tida ikkje heilt strekk til om dagen..?? Med ein mann som jobbar 12-14 timar i døgnet, blir det fort litt mykje å halde styr på for både meg og han...
Men me har hatt tid til ein aldri så liten handletur i helga (jippi).
Heilt sidan me planla å skulle bygge på huset, har eg sett for meg korleis alt skulle sjå ut...og heile tida har eg sett for meg ei dør med blyglas...
Spør meg ikkje kvifor, men eg synes faktisk desse dørene er fine!
Og trur du ikkje at me fant ei slik dør hjå ein super brukthandlar på Voss.
Den er akkurat slik eg håpa, glaset er gjennomskinleg med sarte fargar (veit ikkje heilt om det er ekte blyglas...korleis veit ein det, forresten?). Ljoset fell fint gjennom...
Den skal sjølvsagt ikkje stå her rett framfor vindauga på kjøkkenet, men den skal bli døra frå gangen og inn på kjøkkenet...
Måtte berre ta den inn for å studere (og ikkje minst vaske) den skikkeleg.
Men kva synes du? Er eg heilt sprø?
Tenkte kanskje eg skulle male den kvit eller lys grå, men no når den er komen inn, veit eg ikkje...
Kanskje den skal få væra slik den er??
Eg må vel gruble litt, treng uansett ikkje male den med ein gong...
For den observante kan ein sjå at "foringane", altså glaskarmar og lister, er komen opp rundt både dører og vindauga (faktisk i alle rom!). Det vart utruleg mykje betre, glasa verka større med ein gong...
Og resten av søndagen har me mala...golvet i gangen har fått tre strøk. Me gjekk tom for veggmaling, så der manglar det eit par strøk...
Og den nye ytterdøra er eg veldig fornøgd med...mørk grå.
Når me slo ut veggen til den opprinnelege gangen, vart det litt masse vinklar i gangen vår...
Men men, og som de ser ligg heilt tilbygget eitt trinn ned i forhold til det opprinnelege huset.
Men det er berre kjekt!
Medan eg er her, MÅ eg hugse å takke for alle dei utruleg snille og fine kommentarane på min "hjemme hos..." inne hjå NIB!! De er såå snille alle saman! Tusen takk!!
Sjølv om eg er litt flau enno...
Me møter nok ei hektisk veke, eg og eldstejenta skal over fjellet på sjukehus att. Det er aldri kjekt, men me prøver kvar gong å gjere noko som er kjekt på ein slik tur...
Det håpar eg me får til denne gongen òg...
Ha ei fin fin veke så lenge...