onsdag, desember 15, 2010

Litt førjulsstemning...


 Den snik seg gradvis inn i heimen, julestemninga..
Det skal ofte ikkje så mykje til, eg laga denne stjerna i dag, av heilt vanleg gråpapir og vips fekk eg julestemning i stova. Oppskrifta finn du her.

 Den heimelaga stallen har stått i stova ei stund, den gjev ei fin stemning den òg.
Natur-jul...
Til og med lukta av sviblar sprer seg i stova, dei spratt ut litt tidleg, men det gjer ingenting.

I dag har me laga risbollar og kosa oss heime, med julemusikk frå Månetoppen på full fres...
I morgo er det opp tidleg att...

Tudeledu...

4 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Kjempefint kjøkken det ser ut til at du får! Og så koseleg å pynte til jul, med heimelaga, naturleg pynt! Fint!

Eg har kosa meg med å rydde og vaske idag, rydde opp i rot som har ein tendens til å samle seg opp her og der... Det er terapi i sånt;-)

Onsdagsklem

thea.e sa...

Herlig :)

HildeL sa...

Hei!
Eg stal stjerneoppskrifta di, og sette elevane mine i 3. og 4. til å bretta stjerner medan eg hjalp til med julelunsjen.
Flotte stjerner i to ulike gulfargar, men det røyna på nøyaktigheta.....
Takk!

Fru Trippel sa...

For en fantastisk fin blogg du har!!! Tenk at jeg måtte innom en svensk blogg for å finne ut av det:)
God jul til deg:)