onsdag, mars 23, 2011

Medan regnet pøsar...



Litt kvistar frå kirsebærtreet vårt fekk bli med inn i dag.
Me har vore ute og plaska, spadd og hakka is...

Det høyrer med ein liten luftetur på fridagen vår...
Kvistane er banka i enden i håp om at søte små kirsebærblomar skal sprette ut i stova, eg har fått det til før...
Håpar...

Ny oppvaskklut er i produksjon, ny farge denne gongen..
Den vart grønn fordi det var den einaste fargen dei hadde att i bommullsgarn i denne vesle bygda vår.

Men grønt er jo fint...
Minnar om våren som kjem snart.

Me har syndeflod her for augneblinken, det verkeleg pøsar ned.
Vatnet fant til og med vegen inn i kjellaren vår...
Ikkje morro!

Me brukte nokre timar på å grave og hakke oss gjennom isen, slik at vatnet fant ein anna veg.
Heldigvis ingen store skadar...

Difor nyt eg kaffikoppen og hekletøyet i dag.

Ha ein super dag du òg!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det som iallefall er greit når det pøser ned, er at snøen forsvinner.
Etter noen dager med regn, begynte det å sne her idag. Våren lar seg vente på seg her nord.
Blir fint med ei frisk grønnfarge på kjøkkenet.
Ha en fin kveld.
Klæm

Inger Johanne sa...

Såpass gale ver, ja! Her regnar det òg, men i meir passelege mengder! Men no kjem jo våren snart, syns det tross alt er herleg med mildver - scooteren er på vegen att, og det er nydeleg å komme seg kjapt på jobb:-)

Nydelege bilder!

Klem til deg gjennom regnet!

Anonym sa...

det ser ut som en super duper groenn farge da!!!
Husker det var bare goey a leke i isvannet om vaaren hjemme i Norge - MEN det var vel kanskje noen voksne som gjorde det sa det ikke skulle renne inn i kjelleren den gangen ogsaa...

Rosa sa...

Det var liksom ikkje måte på vatn og vårløysing denne veka. Me fekk "litt" vatn i kjellaren me òg, men ikkje verre enn at eit saneringsfirma, ein container og eit forsikringsselskap ordnar opp i det meste (håpar me).
Herleg vårgrønn farge, og fine prosjekt du har nedover her!

God helg i vente, Noralill - no skal me tilogmed får SOL!