torsdag, april 21, 2011

Påskefri!

 Jodå, det er påskefri her òg...
Men mykje som skjer fort, gjer at tida går så altfor fort...

Flotte nye/brukte eggeglass i tre fant eg på ein bruktbutikk, synes dei var fantastisk fine!
Då gjenstår berre å klare å samle familien til ein felles frokost..
Det er lettare sagt enn gjort...
Håpar...

Litt vasking og rydding høyrer med i påsken. Eg likar faktisk at det er ryddig rundt meg...
Og då er det nesten kjekt å rydde...

Klede til turk på snora, plenen byrjar å bli grøn...
det er verkeleg nokre herlege dagar no framover.

Dokkemor er tidleg våken, og då rekk me å male påskeegg før sola kjem og me må ut.
Me fekk nett nok til å pynte ei lita busk i stova...



Me har allereie hatt nokre flotte dagar på hytta til svigers i fjellheimen, då er det nok skigåing for i år, tenkjer eg.

Vår flotte son var heile 20 år (!) i går...
Og det synes eg det er verdt å feire, sjølv om guten sjølv var vekkreist på dagen.

Me er verkeleg stolt av den flotte guten vår!
Og heile 20 år sidan me var nybakte foreldre og eg berre 18 år...
Spennande og skummelt...

Håpar blogginnlegga kjem litt tettare framover...
Og ikkje minst at eg får tid til å kikke innom alle dei flotte bloggane rundt om kring.

Ha ein fin dag i sola!

5 kommentarer:

Rosa sa...

Dei eggeglasa var verkeleg fine! Eg saknar nokon fine å ha i skapet òg.
Her hjå oss er me komne over i ein periode der småjentene står opp og styrer seg sjølv ei heil stund, så moe og far kan faktisk sove frampå på fridagane. Litt mindre produktivt, men veldig deilig!!
Nyt vår og påskedagar med alle dine rundt deg!

Klem

victoria (huset i byen) sa...

Herlige eggeglass, og en riktig god påske til deg og dine....
klem victoria

linn sa...

god påske til deg og dine

kryssar fingrane for frukosten dykkar ;O)

-klem

Inger Johanne sa...

Så fint å ta turen innom deg igjen! Påskeferien her er over for iår, no er det jobbing resten av høgtidsdagane. Men med flotte solfylte dagar ilag med familien i bagasjen, gjer det ingenting! Og sola skal jo fortsette å skine! Fine eggeglas, og lyspære på kjøkkenet! Passa veldig godt inn i den reine stilen din!

Påskeklem

Anonym sa...

hei! kjempefine eggeglass - du er så flink til å kombinere naurlige materialer med friske farger :-)
flott sønn dere har! har selv en datter på 21 (iiik, hva skedde??) - både rørende og fasinerende å se at lille nurket er både voksen og flink og selvstendig :-)
takk for veldig koselig kommentar på min blogg - og ha en flott avslutning på påsken! kristine